Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Korleis ta vare på vennerelasjonar?

For mange ungdommar er venner noko av det aller viktigaste i livet. Korleis kan du ta vare på vennskapar, og kva kan du gjere om du opplever at ein venn trekker seg unna?

Vennskap

I ungdomstida blir vennskapar ofte endå viktigare enn før, og mange bruker meir tid med venner enn med familien. Ein venn kan vere den første du ringer når noko fint skjer, eller når du er lei deg. Som menneske er vi skapte for å leve saman med andre, og for dei fleste av oss er det godt å ha venner å dele opp- og nedturane i livet med. Likevel kan behovet for å vere sosial variere mykje frå person til person.

Gode relasjonar blir mellom anna kjenneteikna av at du opplever at den andre personen bryr seg om deg, respekterer deg og tek omsyn til tankane og kjenslene dine. Ein god venn er ein som er interessert i deg og ein du kjenner deg trygg på.

Korleis blir du venn med nokon?

Det finst ikkje eitt enkelt fasitsvar på korleis vi utviklar ein vennskap eller tek vare på ein vennskap. Somme venner blei du kanskje kjend med i barnehagen, andre gonger kan ein person du berre har kjend kort tid, bli ein av dine nærmaste. Ein del av oss får nære venner først når vi blir vaksne, til dømes gjennom studiar eller jobb.

Nokre tips til å få seg ein ny venn:

  • Ver hyggeleg og vis interesse for den andre.

  • Gi ein kompliment.

  • Smil og ver positiv.

  • Ver bevisst kroppsspråket ditt: Signaliserer du at du er open for kontakt?

  • Legg til folk du har møtt i verkelegheita, som venn på sosiale medium.

  • Tør å spørje om de skal finne på noko saman.

Lær meir om korleis du kan finne nye venner og bli betre til å kommunisere i artikkelen "Sosiale ferdigheiter – bli betre til å kommunisere".

Vennskapar må pleiast

Kva slags venn er du overfor andre? Det er lett å ha høge krav til korleis andre skal vere ein god venn for deg. Samtidig er det lett å gløyme sitt eige bidrag i vennskapen. Det er naturleg at det oppstår gnissingar, misforståingar eller ueinigheit mellom menneske som er mykje saman.

Vi legg merke til dei gongene andre skuffar eller sårar oss, men registrerer ikkje alltid at vi skuffar eller sårar andre. Vi kan alle øve oss på å ikkje fortolke andre i verste meining, og samtidig prøve å sjå oss sjølv utanfrå.

Å ta vare på vennerelasjonar handlar i stor grad om å følge opp og vise at den andre er viktig for oss. Dersom du til dømes tek lite kontakt med ein venn, eller berre snakkar om deg sjølv når de først er saman, kan det hende vennen din ikkje føler at hen betyr nok for deg.

  • Ta initiativ ein ekstra gong, også i dei tilfella der det eigentleg er "den andre sin tur".

  • Sjekk med vennen din og spør korleis hen har det. Følg opp tema som vennen din har fortalt deg om tidlegare. Du kan ta kontakt på sosiale medium, SMS eller fysisk.

  • Gjer noko hyggeleg for den andre, det kan vere noko lite som til dømes å gi ein kompliment, invitere hen med ut eller dele noko morosamt i sosiale medium.

Når venner trekker seg unna

Av og til kan du oppleve at ein venn trekker seg unna deg, utan at du heilt forstår kvifor. Det kan vere lurt å stoppe opp og reflektere rundt di eiga åtferd. Har du vist interesse eller teke initiativ overfor vennen din i det siste? Kan det vere det skjer noko vanskeleg i den andre sitt liv som du ikkje veit om? Å reflektere over dette er ikkje det same som at du skal ta på deg all skyld og kritisere deg sjølv. Viss ein vennskap er viktig for deg, er det verdt å ta initiativ til ein prat med vennen din. Snakk ut frå dine eigne opplevingar, og ver open og nysgjerrig på den andre sitt perspektiv.

Ikkje alle vennskapar varer evig

Viss ein venn ofte får deg til å kjenne deg dum eller feil og gjer kvardagen din vanskeleg, må du kanskje vurdere om vennskapen er bra for deg. Samtidig er det viktig å ha ei viss rausheit for at "den perfekte vennen" ikkje finst. I alle vennskapar vil vi kunne oppleve å bli skuffa, irriterte eller leie av kvarandre. Det kan òg oppstå konfliktar. Ofte let desse seg løyse, og vennskapen kan faktisk bli styrkt. Andre gonger kan konflikten føre til at vi glir frå kvarandre. Somme vennskapar varer heile livet, men ein del går over etter ei stund, fordi vi til dømes byter skule eller endrar interesser.

Tenk etter

Å miste ein venn kan vere like vondt som å miste ein kjærast, men likevel snakkar vi ikkje så mykje om det. Kvifor er det sånn?

Denne artikkelen er skriven av:

VIP Psykisk helse i skulen

Relatert innhald

Skrive av Camilla Øien.
Sist oppdatert 28.11.2025