Hopp til innhald
Nynorsk

Sosiale ferdigheiter

Korleis kan du bli kjend med nye menneske, og korleis kan du ta vare på dei relasjonane som verkeleg betyr noko for deg? Kva kan du gjere om du er i ein dårleg relasjon, eller har ein venn som har det vanskeleg?

På vidaregåande treffer du mange nye folk, og for dei fleste er venner og medelevar ein viktig del av skulekvardagen. Samtidig synest mange det kan vere vanskeleg å småprate og bli kjend med nye menneske.

Kva kan du gjere då?

På same måten som du kan bli betre til å game, drive idrett, spele eit instrument, lage mat eller snikre, kan du bli betre til å treffe nye menneske. Å bli kjend med andre er ei ferdigheit som kan trenast opp, og det krev ofte ikkje meir enn litt kunnskap og innsats.

I denne casen skal du lære meir om sosiale ferdigheiter. Læringsstien "Sosiale ferdigheiter" er ein introduksjon til temaet. I denne læringsstien skal du

  • øve deg på å lytte til andre

  • få råd og tips om korleis du kan bli kjend med andre og ta vare på vennskap

  • få kunnskap om korleis du kan støtte ein venn som har det vanskeleg, og kva du kan gjere om du er i ein dårleg relasjon

  • reflektere over kva du kan gjere for å bli betre til å kommunisere

  • diskutere kva som kjenneteiknar gode og dårlege relasjonar

De kan gå gjennom alle oppgåvene og artiklane i læringsstien, eller velje ut enkelte delar.

Fleire av artiklane og oppgåvene i dette tverrfaglege emnet er laga av eller i samarbeid med VIP Psykisk helse i skolen.

Skrive av Karl Henrik Aanesen .
Sist oppdatert 03.02.2026