Hopp til innhald
Nynorsk
Læringssti

Introduksjon

Alle kan lære å vere sosiale. Å bli kjend med andre og få venner er ei ferdigheit som kan trenast opp.

I denne læringsstien skal du

  • øve deg på å lytte til andre

  • få råd og tips om korleis du kan bli kjend med andre og oppretthalde sosiale relasjonar

  • få kunnskap om korleis du kan støtte ein venn som har det vanskeleg, og kva du kan gjere viss du er i ein dårleg relasjon

  • reflektere over kva du kan gjere for å bli betre til å kommunisere

  • diskutere kva som kjenneteiknar gode og dårlege relasjonar

De kan gå gjennom alle oppgåvene og artiklane i læringsstien, eller velje ut enkelte delar.

Artiklane og oppgåvene i dette tverrfaglege emnet er laga av eller i samarbeid med VIP Psykisk helse i skolen.