Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff

Slik bruker du NDLAs praterobot som rettleiar ved programmering

Viss du skal bruke ein praterobot til å hjelpe deg med programmeringa, er det viktig at du fortel han så presist som mogleg kva han skal gjere

Instruksjon av prateroboten

Ein praterobot er eit dataprogram som er laga for å ein samtale med eit menneske (Wold, 2023). Dei fleste praterobotane i dag er baserte på ein . Ein språkmodell er eit avansert dataprogram som kan produsere tekst ved å rekne ut kva ord som mest sannsynleg vil følge etter eit gitt ord. Vi kan instruere ein praterobot til å levere tekstar etter ønska våre.

Det er viktig å hugse på at verken roboten eller modellen forstår tekstane dei leverer. Modellen er berre trena på å finne det mest sannsynlege svaret på spørsmålet vi stiller, eller råda vi ber om.

Dersom du vil ha eit svar som er tilpassa den konkrete oppgåva du jobbar med, må du gi prateroboten så omfattande informasjon som mogleg om oppgåvekonteksten som. I tillegg må du gi han presise instruksar.

Døme på nyttige instruksar

  • Fagområde eller tema: Skal du jobbe med programmering, er det viktig at prateroboten får informasjon om dette.

  • Rolle: Du kan be roboten vere den digitale hjelparen eller rettleiaren din og motivere deg.

  • Språk: Når du jobbar med faglege oppdrag, bør du be roboten bruke korrekte fagomgrep. I tillegg kan du be han bruke språk og forklaringar som er tilpassa elevar i vidaregåande skule.

  • Forklaringar: Du kan til dømes be roboten om ei forklaring på korleis systemet du spør om, verkar.

  • Komponentar: Du kan spørje roboten om døme på komponentar du treng. Du kan òg gi nokre konkrete , til dømes at du har tenkt å bruke ein Arduino Uno.

  • Kopling: Spør roboten korleis komponentane skal koplast saman, kva pinnar du skal bruke, og om det trengst resistorar.

  • Programkode: Be roboten om eit døme på ein programkode basert på dei faktaopplysningane roboten har fått.

  • Utviding: Be roboten komme med forslag til korleis prosjektet kan utvidast med fleire komponentar.

  • Praktisk bruk: Du kan be om døme på korleis eit slikt prosjekt kan brukast i det verkelege livet.

  • Samandrag: Du kan be om eit samandrag av dei viktigaste punkta i svaret roboten har komme med.

Forslag til instruks

Her har vi laga eit instruksforslag til ein praterobot. Han får tydeleg beskjed om kva rolle han har, og kva vi ønsker at han skal svare på:

Eg vil at du skal vere den digitale rettleiaren min og hjelpe meg med oppkopling og programmering av ein Arduino Uno R3.

Du skal bruke faguttrykk og elles eit språk og forklaringar som er tilpassa elevar i vidaregåande skule. Du skal vere engasjerande og motiverande.

Først skal du forklare korleis systemet eg spør om, verkar.

Så vil eg ha ei oversikt over komponentane eg kan ha bruk for når eg bygger dette systemet. Gi meg både namn og bruksmåtar.

Eg treng òg forslag til korleis systemet skal koplast saman. Gi meg instruksjonar om kva pinnar som skal nyttast på komponentane og Arduinoen, og om det er behov for resistorar i kretsen.

Du skal så lage ein programkode som kan nyttast på systemet. Først skal du forklare godt kvar enkelt del av programmet. Deretter skal du skrive ein komplett programkode.

Eg ønsker at du lagar ei liste over eventuelle vanskelege fagomgrep og forklarer desse i eit lett og engasjerande språk.

Du skal òg lage ei liste med praktiske døme på bruk av eit slikt system i det verkelege livet.

Eg ønsker til slutt at du lagar eit samandrag over dei viktigaste punkta i svaret ditt.

Når du har gitt prateroboten denne instruksen, veit han allereie kva han skal gjere. Då kan du veldig enkelt stille fleire detaljspørsmål eller fortelje han kva komponentar du har valt å bruke.

NDLAs praterobot

Når du jobbar med NDLAs praterobot, kan du velje å lagre instruksane du har brukt, slik at du kan hente dei opp igjen seinare. Vi har laga eit døme på ein slik instruks til lagring, basert på dømet over. Slik gjer du om du vil bruke han:

  1. Logg inn på Min NDLA med Feide-brukaren din.

  2. Vel "Prøv NDLAs praterobotar".

  3. Vel "Egendefinert" i venstremenyen.

  4. Vel "Opne oppsett".

  5. Trykk på "Vel fil" " under "Opne oppsett".

  6. Vel fila du ønsker å laste opp.

  7. Vel "Opprett".

Du får no eit spørsmål om kva du ønsker å programmere, og kan til dømes skrive "potensiometer som styrer ein servomotor". Kva prateroboten skal gjere med spørsmålet ditt, og korleis han skal svare, har du allereie forklart han i instruksen.

Døme på oppgåver der roboten kan vere til hjelp

Prøv å spørje roboten om korleis du bygger og programmerer desse systema, og sjå kva svaret blir:

  • potensiometer og servomotor

  • vriknapp som styrer ein motor

  • trykk-knapp som styrer eit lys

  • temperaturfølar som styrer ei vifte

  • lys som slår seg på når det blir mørkt

  • tre vriknappar som styrer fargane på ein RGB-diode

  • trafikklys

Kjelder

Wold, Sondre (2023, 5. juni). Chatbot. I Store norske leksikon. https://snl.no/chatbot

Skrive av Roger Rosmo.
Sist oppdatert 26.01.2025