NDLA-boksen: Motorar

Potensiometer
Eit potensiometer er ein resistor med variabel motstand. Potensiometer blir til dømes brukte til volumkontrollarar eller fartsbrytarar.
I denne oppgåva skal du nytte det eine potensiometeret til å justere rotasjonsfarta på ein DC-motor. Det andre potensiometeret skal du programmere slik at ein servomotor endrar posisjon når du dreier på potensiometeret.
Servomotor
Ein servomotor er ein elektrisk motor som vanlegvis berre kan rotere ei halv omdreiing, det vil seie 180 gradar. Servomotorar veit til kvar tid kva posisjon dei har, og dei kan bevege seg til og stoppe på kva posisjon som helst innanfor rørsleområdet.
DC-motor
Ein DC-motor er ein motor som går på likestraum, på engelsk Direct Current (DC). Ein slik motor roterer så lenge han får tilført energi. Du kjenner kanskje denne motortypen frå vifter, pumper og andre elektriske komponentar.
DC-motoren har ingen kontroll på kvar i rotasjonen han er, han berre roterer. Du kan regulere farten på ein slik motor ved å forandre spenninga han blir tilført.

Programmering
Når du skal programmere Arduinoen i boksen, kan du gå fram stegvis.
Steg 1: Instruks
Du kan starte med å instruere prateroboten i kva rolle han skal ha, og kva han skal hjelpe deg med.
Steg 2: DC-motor og potensiometer
Du må no fortelje prateroboten at du skal ha ein DC-motor, og at du skal styre denne motoren med eit potensiometer. For å få eit presist svar er det lurt å fortelje han kva type potensiometer og DC-motor du har. Du kan òg spørje om det er behov for ein motordrivar, til dømes ein L298N eller ein transistor.
Dersom du skriv ein god instruks, vil du få tilstrekkeleg informasjon til å kunne kople opp og programmere Arduinoen slik at systemet fungerer. Du vil få informasjon om komponentane du treng, kanskje òg om korleis dei fungerer.
Steg 3: Servomotor og potensiometer
Når du har fått DC-motoren til å fungere saman med potensiometeret, er du klar til å kople opp og programmere Arduinoen slik at det andre potensiometeret kan styre servomotoren. Du spør då prateroboten om hjelp til å utvide programmet. Med ein god instruks vil du også her få ei god forklaring og eit forslag til kode. Du kan gjere endringar i koden, til dømes endre på kor langt servomotoren skal bevege seg.
Ulike moglegheiter for oppkopling
Oppsettet kan koplast på ulike måtar. Du kan bruke eit koplingsbrett, lodde leidningar direkte på komponentar eller bruke jumper-leidningar. Du kan òg nytte ulike pinnar på Arduinoen.
Koplingsskjema
Nedanfor ser du eit koplingsskjema for prosjektet. Klarer du å tolke skjemaet og kople ut frå det?

Kopling utan koplingsbrett
Illustrasjonen under viser eit døme på korleis du kan kople opp dette oppsettet utan å nytte koplingsbrett. Kjenner du igjen komponentane?

Ulik utforming av NDLA-boksen
NDLA-boksen kan skrivast ut på ein 3D-skrivar. Du finn alle nødvendige filene og teikningane som vedlegg nedst på sida.
Du kan òg skifte ut lokk eller sidevegger på boksen og lage ditt eige prosjekt. Her nokre forslag:
Filer
Her finn du dei nødvendige filene for å lage din eigen NDLA-boks for motorar.
- Vridar med tenner(STL)
- Servoarm(STL)
- DC-propell(STL)
Relatert innhald
Her får du eit innblikk i kva ein servomotor er, og korleis du kan nytte ein slik motor saman med ein Arduino.
Potensiometer er mellom anna brukte til volumkontroll og til turtalsregulering av maskiner. Men korleis fungerer dei, og korleis programmerer du dei?





