Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Interaktivt innhald

NDLA-boksen: Filer for nedlasting

NDLA-boksen gir deg mange moglegheiter. Både botn, lokk og sidevegger kan tilpassast til ditt eige prosjekt.

Endring av STL-filer i Fusion 360

Alle prosjekta i dette emnet tek utgangspunkt i ein standard NDLA-boks, anten for Arduino eller for ESP32. Du vel kva sidevegger eller lokk du vil nytte i prosjektet ditt.

Framgangsmåte

Viss du vil endre på STL-filene for å tilpasse boksen til dine eigne prosjekt, kan du gjere dette:

  1. Opne nytt prosjekt i Fusion 360.

  2. Vel meny INSERT og så Insert Mesh.

  3. Vel fila du vil laste opp.

  4. Trykk på ei overflate på modellen, vel Center og Move To Ground og trykk OK.

  5. Vel menypunkta MESH, PREPARE og Generate FaceGroups.

  6. Sjekk innstillingar i tekstboksen. Dei må stå på Accurate.

  7. Vel ei overflate og trykk OK.

  8. Vel meny MODIFY og så Convert Mesh.

  9. Sjekk innstillingar i tekstboksen. Dei må stå på Parametric og Prismatic.

  10. Vel ei overflate og trykk OK.

Du kan no teikne på fila på vanleg måte i meny SOLID.

Biletkarusellen under viser døme på ulike funksjonar boksen kan ha.

NDLA-boksen med Standard Arduino R3


Arduino R4

NDLA-boksen med Standard ESP32

NDLA-boksen med ESP32 C3 Super Mini

Rørslesensor

Lokk med skjerm og tastatur

Lokk med skjerm

Nattlys

Parkeringssensor

Individuell RGB-kontroller

RGB-ledstripe, heilside

Støymålar

Temperatur og lys

Digitalt vaterpass

Motorar

Bom og avstandssensor

Fuktsensor

Baklysa

Værstasjon

Avstand

Skrive av Roger Rosmo.
Sist oppdatert 17.03.2025