Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

NDLA-boksen: Baklys

Moderne bilar har baklys som fungerer som både køyrelys, bremselys og blinklys. Dette ser jo eksklusivt og moderne ut. Er det komplisert?

Korleis fungerer eit moderne baklys?

Baklys som har fleire funksjonar, er som oftast bygde opp med RGB-diodar. RGB-diodane kan lyse med nesten alle fargane i verda, samansette av fargane raudt, grønt og blått.

Viss du bruker adresserbare LED-striper, til dømes av typen WS-2816, kan du i tillegg til å få lysa til å lyse med ulik farge få dei til å lyse etter ulike sekvensar og mønster.

Så, korleis gjer vi det?

Typegodkjenning

Hugs at lys monterte på eit køyretøy som skal brukast på offentleg veg, skal vere e-merkte og typegodkjende.

Du kan derfor ikkje lage dine eigne baklys for bruk på offentleg veg.

Sjekk køyretøyforskrifta på Lovdata eller bilforskrifta hos Lovdata for krav til slike lys.

Programmering med kunstig intelligens

For å få hjelp til å programmere dette prosjektet ved hjelp av kunstig intelligens må du gi prateroboten klare instruksjonar. Viss du vil ha eit svar som er tilpassa den konkrete oppgåva du jobbar med, må du gi prateroboten så omfattande informasjon som mogleg om oppgåvekonteksten.

Instruks

Først må du fortelje prateroboten kva rolle han skal ha, slik at han veit korleis han skal hjelpe deg.

Forslag til rolleinstruks

Eg vil at du skal vere den digitale rettleiaren min og hjelpe meg med oppkopling og programmering av ein Arduino Uno R3.

Du skal bruke faguttrykk og elles eit språk og forklaringar som er tilpassa elevar i vidaregåande skule. Du skal vere engasjerande og motiverande.

Først skal du forklare korleis systemet eg spør om, verkar.

Så vil eg ha ei oversikt over komponentane eg kan ha bruk for når eg bygger dette systemet. Gi meg både namn og bruksmåtar.

Eg treng òg forslag til korleis systemet skal koplast saman. Gi meg instruksjonar om kva pinnar som skal nyttast på komponentane og Arduinoen, og om det er behov for resistorar i kretsen.

Du skal så lage ein programkode som kan nyttast på systemet. Først forklarer du godt kvar enkelt del av programmet. Så skriv du ein komplett programkode.

Eg ønsker at du lagar ei liste over eventuelle vanskelege fagomgrep og forklarer dei med eit enkelt språk.

Du skal òg lage ei liste med praktiske døme på bruk av eit slikt system i det verkelege livet.

Til slutt skal du lage eit samandrag av dei viktigaste punkta i svaret ditt.

Programkode

Når du har gitt prateroboten ei rolle, er du klar til å fortelje han kva du treng hjelp til. Du må då informere om kva komponentar som skal koplast til, og kva du ønsker at prosjektet skal gjere.

Forslag til instruks om programkode

Du skal lage ein programkode for Arduino Uno som skal simulere baklys på ein bil. Eg ønsker at systemet skal bestå av to LED-striper som kvar har 7 lysdiodar. Den eine LED-stripa skal simulere venstre baklys, og den andre skal simulere høgre baklys.

LED-stripene skal styrast av ein av/på-brytar som skrur på begge baklysa. Baklysa skal lyse raudt med ein styrke på 15 %.

Systemet skal ha ein trykknapp som skal aktivere bremselys. Når denne knappen blir trykt inn, skal begge baklysa lyse raudt med 100 % lysstyrke. Når knappen blir sleppt, går lysa tilbake til vanlege baklys.

Systemet skal ha ein trykknapp som skal aktivere venstre blinklys. Når denne er aktivert, skal LED-stripa lyse med skarp oransje farge i ein sekvens frå eitt til alle lys, med ein fart på to sekund. Når knappen blir sleppt, går lysa tilbake til vanlege baklys.

Systemet skal ha ein trykknapp som skal aktivere høgre blinklys. Når denne er aktivert, skal LED-stripa lyse med skarp oransje farge i ein sekvens frå eitt til alle lys, med ein fart på to sekund. Når knappen blir sleppt, går lysa tilbake til vanlege baklys.

Tenk over

Kva sekvens har baklysa du har sett i trafikken? Kan du finne ein bil på parkeringsplassen som du kan prøve å kopiere lysmønsteret frå?

Det kan òg vere lurt å fortelje prateroboten kva nemningar komponentane du bruker, har, og kva tilkoplingspinnar dei har.

Døme: "RGB-stripa er ein WS2816 med tilkoplingane 5V, GND og DIN".

Fagleg støtte

Prateroboten kan gi deg råd og rettleiing om korleis du skal kople leidningar og sensorar. Han kan òg forklare korleis programkoden er bygd opp, og kva kvar enkelt programlinje betyr.

Forslag til instruks om fagleg støtte

Gi meg ei god forklaring som beskriv korleis eg skal kople opp komponentane og Arduinoen. Eg vil òg at du skal gi meg ei god forklaring på kvar enkelt programlinje, slik at det blir lett å forstå korleis dette er programmert.

Bruksområde og utviding av prosjektet

Du kan òg spørje prateroboten om kva eit slikt prosjekt kan brukast til, og korleis dette kan utvidast ved å bruke fleire sensorar og system.

Forslag til instruks om bruksområde og utviding

Gi meg forslag til kva dette prosjektet kan brukast til i det verkelege livet, og korleis prosjektet kan utvidast med fleire komponentar.

Instruks til prateroboten

Når du snakkar med prateroboten, kan du altså stille mange delspørsmål for å komme fram til rett svar. Alternativt kan du samle alt som ein lang instruks, men då får du òg eit langt svar og mykje informasjon på ein gong.

Vil du ha ein komplett instruks, kan du bruke denne teksten:

Komplett instruks

Eg vil at du skal vere den digitale rettleiaren min og hjelpe meg med oppkopling og programmering av ein Arduino Uno R3.

Du skal bruke faguttrykk og elles eit språk og forklaringar som er tilpassa elevar i vidaregåande skule. Du skal vere engasjerande og motiverande.

Først skal du forklare korleis systemet eg spør om, verkar.

Så vil eg ha ei oversikt over komponentane eg kan ha bruk for når eg bygger dette systemet. Gi meg både namn og bruksmåtar.

Eg treng òg forslag til korleis systemet skal koplast saman. Gi meg instruksjonar om kva pinnar som skal nyttast på komponentane og Arduinoen, og om det er behov for resistorar i kretsen.

Dette er programmeringsoppgåva du skal løyse:

Du skal lage ein programkode for Arduino Uno som skal simulere baklys på ein bil. Eg ønsker at systemet skal bestå av to LED-striper som kvar har 7 lysdiodar. Den eine LED-stripa skal simulere venstre baklys, og den andre skal simulere høgre baklys.

LED-stripene skal styrast av ein av/på-brytar som skrur på begge baklysa. Baklysa skal lyse raudt med ein styrke på 15 %.

Systemet skal ha ein trykknapp som skal aktivere bremselys. Når denne knappen blir trykt inn, skal begge baklysa lyse raudt med 100 % lysstyrke. Når knappen blir sleppt, går lysa tilbake til vanlege baklys.

Systemet skal ha ein trykknapp som skal aktivere venstre blinklys. Når denne er aktivert, skal LED-stripa lyse med skarp oransje farge, i ein sekvens frå eitt til alle lys, med ein fart på to sekund. Når knappen blir sleppt, går lysa tilbake til vanlege baklys.

Systemet skal ha ein trykknapp som skal aktivere høgre blinklys. Når denne er aktivert, skal LED-stripa lyse med skarp oransje farge, i ein sekvens frå eitt til alle lys, med ein fart på to sekund. Når knappen blir sleppt, går lysa tilbake til vanlege baklys.

Gi meg ei god forklaring som beskriv korleis eg skal kople opp komponentane og Arduinoen. Eg ønsker òg at du skal gi meg ei god forklaring på kvar enkelt programlinje, slik at det blir lett å forstå korleis dette er programmert.

Gi meg forslag til kva dette prosjektet kan brukast til i det verkelege livet, og korleis prosjektet kan utvidast med fleire komponentar.

Vegen vidare

Når du no har fått dette prosjektet til å fungere, kan det vere interessant å utvikle eit system som kan fungere i verkelegheita.

Lag haldarar og baklys

Du kan no konstruere og teikne dine eigne baklys tilpassa det køyretøyet du vil montere lysa på. Du må då tenke på kvar dei kan stå, kva utforming dei skal ha, og om det er behov for vasstetting. Krava til montering av slike lys er mellom anna beskrivne i forskrift om tekniske krav og godkjenning av køyretøy, delar og utstyr hos Lovdata.

Lag styringsboks

Du kan òg konstruere ei eiga styreeining der all elektronikken skal vere. Du må tenke på plassering, kva for nokre ytre påverkingar han kan bli utsett for (regn, varme), og korleis han skal festast.

Korleis tenker du leidningane skal vere kopla?

Kople saman

Når du har laga styringsboks og baklys, er det klart for samankopling. Ta utgangspunkt i den koplinga du gjennomførte på NDLA-boksen, og legg leidningar på formålstenleg plass. Tenk alltid på å ha rett dimensjon på leidningane, og hugs å feste dei godt.

Tenk òg på kva spenningsforsyning du ønsker å bruke. Mikrokontrollarar fungerer på 3,3 eller 5 Volt, så du må passe på at desse spenningane ikkje blir overstigne.

Kva skjer viss leidningane losnar, eller det kjem fukt i koplingane?

Relatert innhald

Adresserbare LED-striper

På ei vanleg LED-stripe lyser alle diodane likt. Dei meir avanserte LED-stripene har ein liten mikrokontrollar montert saman med kvar diode. Kvifor?

Skrive av Roger Rosmo.
Sist oppdatert 06.05.2025