Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Hydrauliske væsker og materiale

Fagstoff
Interaktivt innhald

Hysterese

Hysterese i hydrauliske system oppstår når responsen på endringar i inngangssignal blir forseinka eller avvik. Enkelt forklart er dette tregleiken som til dømes kan oppstå frå når ein ventil blir betent til det planlagde arbeidet har starta.

Kva er hysterese i hydrauliske system?

Hysterese oppstår når eit system viser avvik eller forseinking i responsen ved endringar i inngangssignalet. I hydrauliske system kan hysterese komme av ikkje-lineære eigenskapar i komponentar som ventilar, aktuatorar eller trykksensorar.

Det fører til at responsen til systemet avheng av tidlegare tilstandar, ikkje berre påverkinga her og no. Å forstå og handtere hysterese er avgjerande for å sikre at hydrauliske system er nøyaktige og effektive.

Kvifor oppstår hysterese?

Hysterese i hydrauliske system kan ha fleire årsaker, ofte knytte til dei fysiske og mekaniske eigenskapane til komponentane. Desse årsakene påverkar responsen til systemet ved endringar i trykk, straum eller andre parameterar.

Friksjon
  • Friksjon mellom bevegelege delar, som ventilsjakter eller stempelstenger, kan føre til at rørsla ikkje er direkte proporsjonal med påtrykt kraft eller trykk.

  • Dette skaper ei forseinking i responsen til systemet og fører til hysterese.

Elastisitet
  • Elastiske komponentar som slangar, røyr eller pakningar kan bli deformerte under trykk.

  • Når trykket blir forandra, tek det tid for desse komponentane å tilpasse seg. Det bidreg til hysterese.

Ikkje-lineære eigenskapar
  • Komponentar som ventilar og aktuatorar kan ha eigenskapar som ikkje er lineære. Det betyr at responsen varierer alt etter belastning og posisjon.

Korleis påverkar hysterese eit hydraulisk anlegg?

Hysterese kan ha store effektar på ytinga og funksjonen til hydrauliske system, spesielt i applikasjonar som krev høg presisjon og rask respons.

Unøyaktigheit i styring

Posisjonen til aktuatoren kan avvike frå det påtrykte signalet. Det gjer systemet mindre nøyaktig.

Forseinka respons

Endringar i inngangssignalet kan ta tid før dei blir reflekterte i responsen til systemet. Det påverkar dynamikken i styringa.

Redusert yting

Hysterese kan føre til ineffektiv drift og auka slitasje på komponentane i systemet.

Tiltak for å redusere hysterese

Det er fleire tiltak vi kan implementere for å minimere hysterese i hydrauliske system og sikre betre nøyaktigheit og respons.

Bruk av lågfriksjonskomponentar

Vel ventilar og aktuatorar med minimal gliding og friksjon for å redusere motstand og forseinking.

Nøyaktig justering av systemet

Juster ventilar og trykkreguleringseiningar for å optimalisere responsen og minimere avvik.

Høgkvalitetskomponentar

Bruk komponentar med høg presisjon og haldbarheit for å redusere effekten av slitasje og deformasjon.

Regelmessig vedlikehald

Inspeksjon og utskifting av slitne delar hindrar akkumulering av feil og forbetrar responsen til systemet.

Avanserte kontrollalgoritmar

Bruk elektroniske styringssystem som kompenserer for hysterese og sikrar ønskt nøyaktigheit og dynamikk.

Refleksjonsspørsmål

  1. Korleis påverkar friksjon hysterese i hydrauliske system?

  2. Kvifor er elastisitet i komponentar ei vanleg årsak til hysterese?

  3. Kva tiltak kan vi bruke for å redusere effektane av hysterese?

  4. Korleis kan avanserte kontrollalgoritmar bidra til å kompensere for hysterese?

Kontrollspørsmål:

Skrive av Roger Rosmo.
Sist oppdatert 05.07.2023