Forureining i hydraulikksystem

Forureiningar i hydraulikkolje og verknaden det har
Hydraulikkoljen speler ei avgjerande rolle i hydrauliske system. Han overfører kraft, smørjer bevegelege delar og beskyttar komponentane. Under drift kan ulike typar forureiningar påverke eigenskapane til oljen. Det kan gi redusert yting, høgare vedlikehaldskostnader og kortare levetid for systemet.
Å forstå forureiningstypane og verknadene dei har er avgjerande for å implementere rette filtrerings- og vedlikehaldsløysingar.
Faste partiklar: ei hovudårsak til komponentnedbrytning
Faste partiklar er den vanlegaste forureiningstypen i hydraulikksystem. Desse partiklane blir introduserte gjennom slitasje, produksjonsrestar eller forureina olje, og dei kan føre til alvorleg skade på komponentane i systemet.
Kva er det?
Faste partiklar er metallfragment, sand, gummibitar, salt og iskrystall. Dei løyser seg ikkje opp i oljen og kan derfor føre til mekaniske skadar.
Verknader
tette ventilar og pakningar
auka oksidasjon i oljen
degradering av oljeeigenskapar og komponentar
Oksidasjon: ein kjemisk trussel mot hydraulikkoljen
Oksidasjon er ei av hovudårsakene til at hydraulikkoljen blir broten ned. Denne prosessen blir akselerert av høge temperaturar, vatn og metallpartiklar i oljen.
Kva er det?
Oksidasjon skjer når oksygen reagerer med hydrokarbonmolekyla i oljen. Det fører til at oljen mørknar og får auka viskositet, og det kan skade systemet.
Måling
Oksidasjonsnivået måler vi med Total Acid Number (TAN). Det angir syremengda i oljen.
Verknader
danning av slam og harpiks
redusert smørjeevne og korrosjon av komponentar
Mjuke partiklar: den usynlege trusselen
Mjuke partiklar overser vi ofte, men dei kan føre til store problem i hydraulikksystem. Desse partiklane blir danna gjennom oljeoksidasjon og temperatursvingingar.
Kva er det?
Mjuke partiklar er oksiderte oljerestar som utviklar seg til harpiks. Desse partiklane skaper ein klissete film på komponentane.
Verknader
auka friksjon og redusert yting
raskare nedbryting av olje og filter
Vatn: ein øydeleggande faktor for oljekvalitet
Vatn i hydraulikkolje er ei av dei største årsakene til korrosjon og oksidasjon. Sjølv små mengder vatn kan redusere oljeeigenskapane kraftig.
Kva er det?
Vatn kan komme inn i oljen som følge av kondens, lekkasjar eller forureina påfyllingsutstyr.
Måling
relativ fukt (RH) eller ppm (parts per million)
Verknader
rustdanning på metallkomponentar
kjemisk nedbryting av oljen
Luft: skadeleg for både olje og system
Luft som kjem inn i hydraulikkoljen, kan føre til store problem, spesielt når det gjeld varmeutvikling og smørjeevne.
Kva er det?
Luft kan vere oppløyst i oljen eller finnast som luftbobler. Når boblene blir komprimerte, produserer dei varme som skadar oljen.
Indikasjon:
Skum på overflata av oljen er eit typisk teikn på luftforureining.
Verknader
auka slitasje på komponentar
reduksjon av smørjeevna til oljen

Typiske kjelder til forureining i eit hydraulikksystem
Forureina ny olje
Ved oppstart eller påfylling av eit hydraulikksystem går vi gjerne ut frå at den nye hydraulikkoljen er rein. Før påfyllinga skjer, er oljen blitt transportert og lagra i konteinarar, tankar og transportsystem. Det gir fare for forureining.
Forureina komponentar
Sjølv om vedlikehald er viktig, er det ei kjelde til forureining. I tillegg er kvar ny komponent som blir installert, ein mogleg risiko for forureining.
Forureiningar ved inntrenging
Partiklar frå omgivnadene trenger inn i hydraulikkoljen gjennom tilfeldige opningar i hydraulikksystemet. Det kan skje gjennom pustefilter eller sylinderpakningar som lek, eller når hydraulikksystemet blir opna for vedlikehald.
Forureiningar som blir danna internt i systemet
Forureiningar kan òg utvikle seg inne i sjølve hydraulikksystemet. Temperaturendringar kan til dømes danne kondens, som igjen fører til vassforureining, og friksjon av komponentar kan gi forureiningar i form av faste partiklar i hydraulikkoljen.
Relatert innhald
Kavitasjon er danning av luft eller gassbobler i ei væske. Korleis oppstår det, og korleis påverkar det hydraulikkvæska?