Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Munnleg eksamen

Fagstoff

Vurdering av munnleg eksamen

Korleis blir munnleg eksamen i spansk vurdert? Her får du litt generell informasjon og ei oversikt over vanlege vurderingskriterium.

Generelt om vurdering av eksamen

Grunnlaget for vurdering er kompetansemåla i læreplanen for framandspråk nivå 2. Kvar elev blir vurdert individuelt. Det er berre det du viser på eksamensdagen, som tel. Førebuingsdagen er ikkje ein del av vurderinga.

Eksaminator og sensor

Det er to personar som skal vurdere prestasjonen din, eksaminator og sensor. Eksaminator er den som leiar eksamen. Som regel er dette faglæraren din. Sensor lyttar og tek notat, men kan òg stille spørsmål. Eksaminator og sensor fastset karakteren saman. Dersom eksaminator og sensor er ueinige, er det sensor som fastset endeleg karakter.

Vurderingskriterium

På eksamensdagen blir det brukt vurderingskriterium som ei slags sjekkliste for å vurdere kor godt du gjer det på eksamen. Det sensor pleier å sjå etter, er

lytteforståing
om du forstår når nokon snakkar til deg på spansk
ordforråd
om du har eit variert ordforråd og bruker ord og uttrykk som passar inn i samanhengen
språklege strukturar
om du kan bøye verb og adjektiv, bruke rett artikkel og fleirtalsform på substantiv, bygge opp setningar rett og så vidare
uttale
om du uttaler ord rett og snakkar med god og flyt
språkhandlingar og kommunikasjon
om du deltar aktivt i samtalen, og om du tydeleg og forståeleg kan 1: forklare fagleg emne, 2: fortelje om og beskrive opplevingar eller hendingar og 3: si og grunngi di eiga meining
interkulturell kompetanse
om du kjenner til samfunnsforhold, og historiske hendingar i spansktalande land og kan samanlikne med din eigen bakgrunn

på vurderingskriteria varierer frå fylke til fylke, nokre gonger òg frå skule til skule. Slik kan eit vurderingssskjema sjå u:

vurderingskriterium for munnleg eksamen

Karakter 6

Karakter 4

Karakter 2

Lytteforståing

Du forstår tydeleg tale på spansk godt .

Du forstår tydeleg tale på spansk ganske godt.Du forstår noko tydeleg tale på spansk.

Ordforråd

Du har eit variert ordforråd og bruker ord som passar godt inn i samanhengen.

Du har eit tilstrekkeleg ordforråd og bruker ord som stort sett passar inn i samanhengen.Du har eit avgrensa ordforråd og bruker ord som er upresise eller ikkje passar inn i samanhengen.

Språklege
strukturar

Du meistrar grunnleggande grammatikk godt og bygger opp setningar rett.

Du meistrar ein del grunnleggande grammatikk og bygger opp enkle setningar rett. Du meistrar noko enkel grammatikk og bygger til dels opp enkle setningar rett.

Uttale

Du har god flyt, uttale og intonasjon.Du har nokså god flyt, uttale og intonasjon.Du har noko flyt og forståeleg uttale og intonasjon.

Kommunikasjon/ språkhandlingar

Du deltar aktivt i samtalen og svarer godt og utfyllande på spørsmål. Du fortel, beskriv og grunngir tydeleg.

Du deltar i samtalen og svarer relevant på spørsmål. Du fortel, beskriv og grunngir nokså tydeleg.Du bidrar litt i samtalen og svarer delvis relevant på spørsmål. Du fortel og beskriv enkelt og lite tydeleg.

Interkulturell kompetanse

Du samtaler om faglege tema, viser god kjennskap til spansktalande land og samanliknar med din eigen kultur.

Du fortel om faglege tema, viser ein del kjennskap til spansktalande land og samanliknar med din eigen kultur.Du nemner faglege tema, viser litt kjennskap til spansktalande land og seier noko om din eigen kultur.
Skrive av Rebecca Elisabeth Mohr Tovslid.
Sist oppdatert 13.05.2025