Gode råd til munnleg eksamen
Eksamenstrekk
Utdanningsdirektoratet set ein felles trekkdato for eksamen i vidaregåande skule. Datoen kan variere frå år til år. Kva bør du bruke dagane fram til eksamen til?
Kompetansemål og vurderingskriterium
Gå gjennom kompetansemåla som handlar om munnleg kommunikasjon (sjå boksen nedanfor). Forstår du kva dei betyr? Kva er "fagleg relevante emne og aktuelle saker"? Kva betyr å samtale, forklare, beskrive og grunngi? Tenk over og reflekter, gjerne saman med ein medelev, og spør læraren om hjelp når du er usikker.
Vurderingskriteria blir utarbeidde på kvar skule, og du får dei av læraren din.
Kompetansemål som handlar om munnleg kommunikasjon
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
lytte til og forstå tydeleg tale om personlege og fagleg relevante emne og aktuelle saker
samtale i ei rekkje daglegdagse situasjonar om kjende og fagleg relevante emne
munnleg forklare fagleg relevante emne, skildre opplevingar, hendingar og planar, og grunngi meiningar, òg spontant
bruke grunnleggjande språklege strukturar, reglar for uttale og rettskriving og det offisielle alfabetet eller teikn for språket for å kommunisere på ein situasjonstilpassa måte
bruke relevante lærings- og kommunikasjonsstrategiar, digitale ressursar og erfaringar frå tidlegare språklæring i læringsprosessen
utforske og gjere greie for mangfald, samfunnsforhold og historiske hendingar i område der ein snakkar språket, og sjå samanhengar med eigen bakgrunn
utforske og presentere kunstnarlege og kulturelle uttrykk frå område der ein snakkar språket, og gjere greie for eigne opplevingar
Skaff deg oversikt
Først og fremst bør du få oversikt over det du har jobba med i spansk fram til no. Ta fram læreboka, digitale læremiddel, eigne notat og alt av oversikter og dokument du har fått delt ut. Tidlegare prøvar og tilbakemeldingar på vurderingar (spesielt munnlege) kan òg vere nyttige.
Tema
Kva tema har de jobba med i spansktimane? Skriv dei ned og lag ei liste med stikkord eller eit tankekart for kvart tema. Nokre vanlege tema er familie og venner, skule og fritid, mat, høgtider, historie og kunst.
Døme på nokre stikkord til temaet mat:
tidspunkt for måltid
viktige ingrediensar i det spanske/latinamerikanske og det norske kjøkkenet
typiske rettar / tradisjonsmat
kva du sjølv liker / pleier å ete
kva for nokre spanske/latinamerikanske matrettar du har smakt på
(berekraftig) matproduksjon og økologisk mat
Ordforråd
For å kunne ha ein lengre samtale på spansk, er det viktig at du kan nok ord og uttrykk.
Temagloser
Tenk over kva for nokre spanske ord og uttrykk du treng for å snakke om temaa de har jobba med. For å snakke om mat treng du til dømes namn på matvarer/ingrediensar, måltid og verb som har med mat og drikke å gjere (comer, beber, cocinar og så vidare).
Mi meining
Det er òg viktig at du kan uttrykke di eiga meining, til dømes:
- Pienso/creo/opino que...
- Eg tenker/trur/meiner at ...
- Me parece que...
- Eg synest (at) ...
- A mi modo de ver / en mi opinión...
- Etter mi meining ...
Samanlikning
Du treng òg nokre ord og uttrykk for å samanlikne når du skal få fram forskjellar mellom Noreg og spansktalande land, til dømes:
- más/menos/mejor/peor que
- meir/mindre/betre/verre enn
- Comparado con...
- Samanlikna med ...
- En Noruega,... mientras que en España/México/Chile/...
- I Noreg ..., mens i Spania/Mexico/Chile/...
- En... es diferente que en...
- I ... er det annleis enn i ...
Nyttige setningar
På eksamen bør du unngå å snakke norsk. Lag ei liste med setningar kan ha bruk for når du ikkje forstår eller treng hjelp, til dømes:
- Lo siento, no lo sé.
- Beklagar, det veit eg ikkje.
- No me acuerdo.
- Eg hugsar ikkje.
- No entiendo (la pregunta).
- Eg forstår ikkje (spørsmålet).
- Otra vez, por favor.
- Ein gong til, ver så snill.
- ¿Puede repetir la pregunta, por favor?
- Kan du gjenta spørsmålet, ver så snill?
- ¿Cómo se dice x en español?
- Korleis seier ein x på spansk?
- ¿Qué significa x?
- Kva betyr x?
Grammatikk
Å meistre grunnleggande grammatikk er viktig for å forstå og bli forstått. Noko av det viktigaste du bør fokusere på, er:
bøying av verb i rett person (yo, tú og så vidare) og tid (notid, fortid, framtid)
spesielle verb som gustar/encantar og interesar
Me gusta/encanta la comida mexicana. (Eg liker/elskar meksikansk mat.)
Me interesan las canciones tradicionales. (Eg er interessert i tradisjonelle songar.)
rett bruk av ser og estar som begge kan omsetjast med "å vere". Hugs òg at "det finst/er" er hay på spansk.
Madrid es la capital de España. (Madrid er hovudstaden i Spania.)
Estamos en Madrid. (Vi er i Madrid.)
En Madrid hay muchos museos. (I Madrid er/finst det mange museum.)
rett kjønn og tal av substantiv. Hugs at artikkelen (el/la, los/las, un/una) må samsvare med substantivet.
bøying av adjektiv i kjønn og tal og rett plassering i ei setning (som regel etter substantivet dei beskriv)
Uttale
Bruk tid på å øve på uttale. Her er nokre tips til korleis du kan gjere det:
Gå gjennom reglane for uttale. Du finn dei vanlegvis i læreboka di.
Lytt til lydfiler til tekstar. Les så tekstane høgt og prøv å herme etter. Hugs: Alle tekstane i spanskfaget på NDLA har tilhøyrande lydfiler.
Sjå på språklæringsvideoar. På NDLA finn du mange korte videoar om ulike tema.
Lytt til spanske songar. Finn teksten til songane på nett, og syng med!
Trekk av tema og førebuing
24 timar før eksamen får du vite tema for eksamen. Temaa er veldig generelle, slik at du kan ta eigne val om innhald og form. Det er mogleg at du får forslag til problemstillingar saman med temaet, men du skal òg kunne lage di eiga problemstilling.
Når du har trekt tema, har du noko meir konkret å jobbe med. Korleis får du mest mogleg ut av førebuingsdagen din?
Temaet ditt
Forstår du kva temaet inneber? Kva underemne eller spørsmål kan vere aktuelle eller passande? Treng du hjelp med å avgrense? Hugs at du har krav på rettleiing frå ein faglærar.
Kulturkunnskap
På munnleg eksamen kan og bør du vise kunnskap om kultur og levemåtar i spansktalande land. Prøv å inkludere så mykje som mogleg, og hugs å samanlikne med Noreg for å få fram likskapar og ulikskapar mellom landa. Det lønner seg!
Lyttemateriell
Har du fått ei lydfil saman med temaet? Lytt til han mange gonger, ta notat og øv på å fortelje innhaldet med eigne ord. Korleis er innhaldet knytt til temaet ditt?
Eigne notat
Gå gjennom notata dine. Har de jobba med temaet før? Kva veit du allereie? Når du har fått oversikt over notata dine, kan du finne meir informasjon på nett. Du kan òg få hjelp av ein praterobot, men hugs å vere kritisk til informasjonen du får. Ikkje alt ein praterobot seier, er sant!
Innleiing
Å førebu ei innleiing er ikkje eit krav, men det kan vere lurt å gjere det. På den måten kan du ha betre kontroll over starten på eksamen.
Korleis du presenterer temaet ditt på eksamensdagen, er heilt opp til deg. Du kan lage ein digital presentasjon, vise bilete eller ta med ein gjenstand. Du kan òg snakke utan å ha noka form for visuell støtte. Same kva du vel, er det viktigaste at du klarer å fortelje om temaet på ein sjølvstendig måte og utan å vere avhengig av eit manus.
Innleiinga di skal som regel ikkje vere meir enn ti minutt. Resten av tida skal du ha ein samtale med eksaminator om temaet ditt og nærliggande tema.
Oppfølgingsspørsmål og samtale
Etter at du har presentert innleiinga di, kan du få nokre oppfølgingsspørsmål. Jo betre førebudd du er, jo lettare blir det for deg å svare på spørsmåla.
Så skal du ha ein samtale med eksaminator om temaet. Tenk over kva spørsmål du kan få, og skriv dei ned. Klarer du å svare på dei på spansk? Du kan òg be ein praterobot om hjelp til å lage relevante spørsmål (og svar).
Hugs: Sjølv om eksaminasjonen hovudsakleg handlar om temaet du har trekt, vil samtalen ofte òg komme inn på andre nærliggande tema. Det du svarer på eit spørsmål, kan påverke neste spørsmål og retninga samtalen kjem til å ta.
Øving gjer meister!
Hugs å setje av tid til å øve! Dersom du skal ha ei innleiing, bør du øve på å presentere ho fleire gonger. Bruk gjerne ei stoppeklokke for å vere sikker at du ikkje snakkar for lenge.
Du kan ikkje vite eksakt korleis samtalen med eksaminator kjem til å bli. Likevel kan du prøve å simulere ein samtale. Kanskje du kan få nokon til å overta rolla som eksaminator og øve saman med deg?
På eksamensdagen
Hels på læraren og sensoren og presenter deg. Bruk uttrykk som til dømes:
Buenos días / buenas tardes, soy X. God dag / god ettermiddag, eg er X.
Mucho gusto / encantado/a. Hyggeleg (å møte deg).
¿Cómo está (usted)? Korleis går det (med deg)?
Unngå å snakke norsk. Bruk spansk heile tida, òg når du ikkje forstår eller sit fast og treng hjelp.
Prøv å svare med fullstendinge setningar og unngå korte svar med berre sí eller no. Hugs at du veldig ofte kan bruke ord og uttrykk frå spørsmålet for å formulere eit svar, til dømes:
Spørsmål: ¿Conoces a algún cantante de América Latina?
Svar: Sí, conozco a un cantante de América Latina. Se llama Ricky Martin.
Ikkje snakk for fort. Det er lettare å ha kontroll på uttale og grammatikk når du snakkar sakte og roleg.
Grammatikk er viktig, men prøv å ikkje overtenke. Det er betre å seie noko som er grammatisk feil, men forståeleg, enn å stoppe opp og ikkje klare å fullføre setninga. Det viktigaste er at du kommuniserer.
Det er normalt å bli nervøs, men prøv å puste roleg, drikk litt vatn og slapp av. Hugs at eksaminator og sensor skal hjelpe deg slik at du får vist det du kan!