Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Interaktivt innhald

Pretérito perfecto simple eller pretérito imperfecto?

Norsk har berre éi preteritumsform, mens spansk har to: pretérito perfecto simple og pretérito imperfecto. No lærer du når du skal bruke kvar av dei to formene.

To preteritumsformer

Viss du har behov for å repetere korleis du bøyer spanske verb i preteritum, kan du ta ein kikk på sida om pretérito perfecto simple og på sida om pretérito imperfecto.

¡OJO!

I Latin-Amerika bruker ein preteritum mykje meir enn i Spania. Der ein spansktalande person frå Spania ville valt presens perfektum, vel ein person frå Latin-Amerika som regel ei preteritumsform.

Pretérito perfecto simple

Verbtida pretérito perfecto simple, tidlegare kalla pretérito indefinido, bruker vi for å snakke om

  • ei handling som vart avslutta i fortida:

    • Jorge trabajó como psicólogo. (Jorge jobba som psykolog.)

  • ei handling som skjedde på eit bestemt tidspunkt:

    • José vivió en Nueva York en 2020. (José budde i New York i 2020.)

  • ei handling som skjedde i eit avgrensa tidsrom i fortida:

    • Mis hermanos estudiaron cuatro años en México. (Brørne mine studerte fire år i Mexico.)

  • eit handlingsforløp på bestemde tidspunkt i fortida:

    • Cuando llegué ayer a casa, preparé la comida, leí un poco y salí con mis amigos. (Då eg kom heim i går, laga eg mat, las litt og drog ut med vennene mine.)

  • ei handling som avbryt ei anna:

    • Yo hablaba con mi amiga cuando entró el profesor. (Eg snakka / heldt på å snakke med venninna mi då læraren kom inn.)

Tidsuttrykk

Her er nokre tidsuttrykk som vanlegvis blir brukte saman med pretérito perfecto simple:

a las ocho
klokka åtte (og alle andre klokkeslett)
al día siguiente
neste dag
anteayer
i førgår
anoche
i går kveld, i natt, natt til i dag
ayer
i går
de repente
plutseleg
desde… hasta…
frå ... til ...
en (el año)…
i (året) ...
el otro día
her om dagen
el 17 de mayo
17. mai (og alle andre datoar)
hace… horas/días/meses/años
for ... timar/dagar/månader/år sidan
la semana pasada / el mes pasado / el año pasado
førre veke / førre månad / i fjor

Øving 1: Setningar i pretérito perfecto simple

Jobb saman to og to.

  • Les setninga på kortet høgt og set ho om til norsk.

  • Snu kortet og samanlikn med fasiten.

  • Hald fram med neste kort.

Pretérito imperfecto

Verbtida pretérito imperfecto bruker vi for å snakke om:

  • noko som skjedde regelmessig eller brukte å skje

    • Cuando era pequeña visitaba a mis abuelos todos los veranos. (Då eg var liten, besøkte eg besteforeldra mine kvar sommar.)

  • korleis noko/nokon var eller såg ut

    • Mi tutora de primar grado era rubia y tenía los ojos marrones. (Kontaktlæraren min i første klasse var blond og hadde brune auge.)

  • ei handling som blir avbroten av ei anna handling. Handlinga som var i gang og vart avbroten, blir uttrykt med pretérito imperfecto. Handlinga som avbryt, blir uttrykt med pretérito perfecto simple, som vi såg ovanfor.

    • Yo hablaba con mi amiga cuando entró el profesor. (Eg snakka / heldt på å snakke med venninna mi då læraren kom inn.)

Litt fleire bruksområde for pretérito imperfecto

  • samanlikning av handlingar/situasjonar i fortida og no

    • Esta mañana no había tantas personas en la calle pero ahora hay muchas. (I dag tidleg var det ikkje så mange personar på gata, men no er det mange.

  • høflege frasar

    • Quería saber el precio de esta camisa. (Eg skulle gjerne visst prisen på denne skjorta.)

  • indirekte tale

    • Mi madre me dijo que no podía salir hoy. (Mor mi sa til meg at eg ikkje kunne gå ut i dag.)

Tidsuttrykk

Her er nokre tidsuttrykk som vanlegvis blir brukte saman med pretérito imperfecto:

a menudo
ofte
a veces
nokre gonger
antes
før
cada día/semana/mes/verano...
kvar dag/veke/månad/sommar/...
cuando era pequeño/a / joven
då eg var liten/ung
de vez en cuando
av og til, frå tid til anna
en aquella época
på den tida
entonces
då, den gong
por lo general
som regel
muchas veces
mange gonger
mientras
mens
normalmente
vanlegvis
nunca
aldri
siempre
alltid
todos los días / todas las semanas / todos los meses / todos los veranos...
kvar dag/veke/månad/sommar/...

Øving 2: Setningar i pretérito imperfecto

Jobb saman to og to.

  • Les setninga på kortet høgt og set ho om til norsk.

  • Snu kortet og samanlikn med fasiten.

  • Hald fram med neste kort.

Øving 3: Tidsuttrykk

Øv på tidsuttrykk på spansk. Klarer du å plassere dei i rett kategori?

Øving 4: Vel rett preteritumsform

Jobb saman to og to.

  • Les setninga på kortet høgt.

  • Diskuter: Kva preteritumsform ville de brukt om de skulle setje om denne setninga til spansk, og kvifor?

  • Snu kortet og samanlikn svaret dykkar med løysingsforslaget på baksida før de held fram med neste kort.

NB! I nokre setningar treng de begge preteritumsformene.

Øving 5: Øv på bøyinga

I desse oppgåvene skal du fylle inn rett form av verbet. Du kjenner kanskje igjen setningane? Det er dei same som i oppgåva over, men no står dei på spansk!

Øving 6: Bøy verba i rett preteritumsform

Avgjer om du skal bøye verbet i parentes i pretérito perfecto simple eller pretérito imperfecto.

Om du er usikker på kva nokre av setningane betyr, kan du ta ein titt på omsetjingane i boksen "Traducción de las frases" under oppgåva.

Traducción de las frases

Oppgåve 1

  1. Som liten likte eg veldig godt å teikne.

  2. Då eg gjekk ut av huset, var det allereie nesten (blitt) natt/mørkt.

  3. I gamle dagar heitte Oslo Kristiania, og byen var mindre enn i dag.

  4. Før kjøpte ikkje folk så mange klede som i dag.

  5. I 2021 begynte eg å studere/lære spansk.

  6. Bestefar min vart fødd i 1950.

Oppgåve 2

  1. For tre år sidan flytta vi til Bergen.

  2. Hadde du ein hund eller katt då du var liten?

  3. I 1848 avstod Mexico nesten halvparten av territoriet sitt til USA.

  4. De drog på kino i går, ikkje sant? Kva film såg de?

  5. Kvar laurdag såg eg Laura på treningssenteret.

  6. Det var mykje folk på konserten.

Øving 7: Finn feila!

På dialogkorta står spanske setningar i fortid, men nokre av verba er bøygde i feil preteritumsform.

Jobb saman to og to.

  • Les setninga høgt og set om til norsk. Vel info-knappen for å sjekke om de har sett om rett.

  • Finn verbet eller verba i setninga. Kva preteritumsform er brukt, pretérito perfecto simple eller pretérito imperfecto?

  • Er verbet eller verba bøygd(e) i rett preteritumsform? Viss ikkje, rett opp setningane! Klarer de òg å forklare kvifor det er feil?

  • Når de har prøvd sjølve, kan de ta ein titt på løysingsforslaget på baksida av kvart kort.

Skrive av Rebecca Elisabeth Mohr Tovslid og Mar Marín Valero.
Sist oppdatert 09.10.2025