Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Interaktivt innhald

Pretérito imperfecto

No lærer du korleis du bøyer regelrette og uregelrette verb i den spanske preteritumsforma pretérito imperfecto.

Verbforma

Preteritum er ei fortidsform. Vi bruker ho når vi fortel om eller beskriv noko frå fortida.

På spansk har vi to preteritumsformer. Pretérito imperfecto er den vi bruker for å beskrive korleis noko/nokon var i fortida, om bakgrunnen for ei handling eller om noko som pleidde å skje (regelmessig):

  • La casa de mis abuelos era blanca y tenía un patio con flores. Huset til besteforeldra mine var kvitt og hadde ein patio med blomstrar.

  • Hacía frío y llovía cuando Juan salió de su casa. Det var kaldt og regna då Juan gjekk ut av huset sitt.

  • Cuando era pequeño, tocaba la guitarra. Då eg var liten, spelte eg gitar.

Det finst nokre tidsuttrykk som ofte står saman med pretérito imperfecto, til dømes:

a veces
nokre gonger, av og til
antes
før
cada día / todos lós días
kvar dag / alle dagar
mientras
mens
normalmente / por lo general
vanlegvis
siempre
alltid

I artikkelen Pretérito perfecto simple eller pretérito imperfecto? lærer du meir om rett bruk av dei spanske preteritumsformene.

Regelrette verb

Sjå i tabellen korleis vi bøyer regelrette verb i pretérito imperfecto.

Pretérito imperfecto av regelrette verb

trabajar

crecer

vivir

yo

trabajabacrecíavivía

trabajabascrecíasvivías

él, ella, usted

trabajabacrecíavivía

nosotros/as

trabajábamoscrecíamosvivíamos

vosotros/as

trabajabaiscrecíaisvivíais

ellos/as, ustedes

trabajabancrecíanvivían

¡OJO!

  • Verb som endar på -ar, har sine eigne endingar, mens -er- og -ir-verb blir bøygde likt.

  • Første og tredje person eintal (yo og él, ella, usted) er heilt like i denne verbtida.

  • -ar-verb har aksent på endinga i første person fleirtal (nosotros/as).

  • -er- og -ir-verb har aksent på endinga i alle personar.

  • Pretérito imperfecto av hay (det finst/er) er había.

Øving 1: Bøy regelrette verb

Øv å bøye regelrette verb i pretérito imperfecto.

Uregelrette verb

Det finst berre tre verb som er uregelrette i pretérito imperfecto: ir (å gå), ser (å vere), og ver (å sjå). Desse tre er òg veldig mykje brukte, så det er lurt å lære bøyinga utanåt med ein gong!

pretérito imperfecto av ir, ser og ver

ir

ser

ver

yo

ibaeraveía

ibaserasveías

él, ella, usted

ibaeraveía

nosotros/as

íbamoséramosveíamos

vosotros/as

ibaiseraisveíais

ellos/as, ustedes

ibaneranveían

Øving 2: Pugg uregelrette verb

Jobb saman to og to. Lær dykk dei uregelrette verba frå tabellen ovanfor.

  1. Les infinitivsforma til kvart av dei spanske verba høgt og bøy så verbet i alle personar.

  2. Test kvarandre: Elev A sit med pc-en og seier eit spansk verb i infinitiv, elev B bøyer verbet i pretérito imperfecto. Byt roller.

Øving 3: Bøy uregelrette verb

Klarer du no å bøye dei uregelrette verba i pretérito imperfecto? Test deg sjølv!

Øving 4: Set om setningar

Jobb gjerne saman i par og set om setningar i preteritum frå norsk til spansk. Bruk berre pretérito imperfecto.

NB! Her er det både regelrette og uregelrette verb.

  • Les setninga på kortet høgt og set ho om til spansk. Verba du treng, står i parentes under kvar setning. Vel info-knappen for å få litt glosehjelp.

  • Snu kortet og samanlikn med fasiten. Hald fram med neste kort.

Skrive av Rebecca Elisabeth Mohr Tovslid og Mar Marín Valero.
Sist oppdatert 09.10.2025