Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Interaktivt innhald

Pretérito perfecto simple

No lærer du korleis du bøyer regelrette og uregelrette verb i den spanske preteritumsforma pretérito perfecto simple.

Verbforma

Preteritum er ei fortidsform. Vi bruker ho når vi fortel om eller beskriv noko frå fortida.

På spansk har vi to preteritumsformer. Pretérito perfecto simple (tidlegare kalla pretérito indefinido) er den vi bruker for å fortelje om hendingar som skjedde i fortida, ofte på eit bestemt tidspunkt eller i eit avgrensa tidsrom:

  • Ayer visité a mi abuela. I går besøkte eg bestemor mi.

  • Carmen habló casi una hora por teléfono. Carmen snakka i telefonen i nesten ein time.

Det finst nokre tidsuttrykk som ofte står saman med pretérito perfecto simple, til dømes:

ayer
i går
la semana pasada
førre veke
el mes pasado
førre månad
el año pasado
i fjor
desde… hasta…
frå ... til ...
en (el año)…
i (året) ...
hace… horas/días/meses/años
for ... timar/dagar/månader/år sidan

I artikkelen Pretérito perfecto simple eller pretérito imperfecto? lærer du meir om rett bruk av dei spanske preteritumsformene.

Regelrette verb

Sjå i tabellen korleis vi bøyer regelrette verb i pretérito perfecto simple.

pretérito perfecto simple av regelrette verb

hablar

comer

vivir

yo

hablécomíviví

hablaastecomisteviviste

él, ella, usted

hablócomviv

nosotros/as

hablamoscomimosvivimos

vosotros/as

hablasteiscomisteisvivisteis

ellos/as, ustedes

hablaroncomieronvivieron

¡OJO!

  • Verb som endar på -ar, har sine eigne endingar, mens -er- og -ir-verb blir bøygde likt.

  • Første og tredje person eintal (yo og él/ella/usted) har aksent på endinga.

Verbet ver

Verbet ver (å sjå) er eit regelrett verb, men har ikkje aksent på nokre endingar.

pretérito perfecto simple av ver

ver

yo

vi

tu

viste

él, ella, usted

vio

nosotros/as

vimos

vosotros/as

visteis

ellos/as, ustedes

vieron

Øving 1: Bøy regelrette verb

Øv å bøye regelrette verb i pretérito perfecto simple.

Øving 2: Set om setningar

Set om setningar frå norsk til spansk.

  • Les den norske setninga på kortet høgt.

  • Set om setninga til spansk. Bruk tipsa viss du treng litt glosehjelp.

  • Snu kortet og samanlikn med fasiten før du held fram med neste kort.

NB! Her er det berre regelrette verb.

Vokalendringar

Nokre verb får ei vokalendring i stammen frå e til i og frå o til u.

For -er- og -ir-verb med ein stamme som sluttar på ein vokal, blir i-en i personendinga til y. Desse verba får i tillegg ein aksent i andre person eintal () og første person fleirtal (nosotros/as).

NB! Vokalendringane skjer berre i tredje person eintal (él, ella, usted) og tredje person fleirtal (ellos, ellas, ustedes).

verb med vokalskifte

pedir

dormir

leer

e → i

o → u

i → y

yo

pedídormíleí

pedistedormisteleíste

él, ella, usted

pidiódurmióleyó

nosotros/as

pedimosdormimosleímos

vosotros/as

pedisteisdormisteisleisteis

ellos/as, ustedes

pidierondurmieronleyeron

Fleire viktige verb som får vokalendring

  • e → i: corregir (å rette/forbetre), elegir (å velje), preferir (å føretrekke), servir (å servere), seguir (å følge)

  • o → u: morir (å døy)

  • i → y: creer (å tru), construir (å bygge), caer (å falle), huir (å flykte), incluir (å inkludere)

Øving 3: Verb med vokalendring

Øv på verb som får vokalendring i pretérito perfecto simple.

Endring av stavemåte

Det finst nokre verb som får forandra stavemåte i første person eintal (yo). Dette gjeld verb som endar på -car, -gar og -zar. Grunnen til endringane er uttalereglane for bokstavane c, g og z. Les meir om dette i boksen nedanfor.

Døme på verb med forandra stavemåte

tocar

jugar

empezar

yo

toquéjuguéempecé

tocastejugasteempezaste

él, ella, usted

tocójugóempezó

nosotros/as

tocamosjugamosempezamos

vosotros/as

tocasteisjugasteisempezasteis

ellos/as, ustedes

tocaronjugaronempezaron

Fleire vanlege verb med forandra stavemåte

  • c → qu: explicar (å forklare), buscar (å søke / leite etter), practicar (å praktisere/øve), sacar (å ta ut)

  • g → gu: llegar (å komme), pagar (å betale), entregar (å levere), apagar (å slå av)

  • z → c: abrazar (å klemme/omfamne), almorzar (å ete lunsj), realizar (å realisere/gjennomføre), utilizar (å bruke)

Øving 4: Ulik stavemåte

Ser, ir og dar

Verba ser (å vere), ir (å gå/dra) og dar (å gi) har uregelrett bøying.

Verba ser, ir og dar

ser

ir

dar

yo

fuifuidi

fuistefuistediste

él, ella, usted

fuefuedio

nosotros/as

fuimosfuimosdimos

vosotros/as

fuisteisfuisteisdisteis

ellos/as, ustedes

fueronfuerondieron

¡OJO!

  • Formene av ser og ir er heilt identiske i pretérito perfecto simple.

    • Sus padres fueron muy amables conmigo. Foreldra hans/hennar var veldig snille mot meg.

    • Sus padres fueron a Cuba. Foreldra hans/hennar drog til Cuba.

  • Verbet dar får dei same endingane som regelrette -er/-ir-verb, med eit unntak: Første person eintal (yo) og tredje person eintal (él, ella, usted) får ingen aksent.

Øving 5: Ser, ir og dar

Øv på korleis du bøyer verba ser, ir og dar i pretérito perfecto simple.

Fleire uregelrette verb

Det finst ein del verb som forandrar stammen i pretérito perfecto simple. I tillegg skil endingane seg litt frå endingane for regelrette verb.

Døme på uregelrette verb

estar

podar

hacer

decir

yo

estuvepudehicedije

estuvistepudistehicistedijiste

él, ella, usted

estuvopudohizodijo

nosotros/as

estuvimospudimoshicimosdijimos

vosotros/as

estuvisteispudisteishicisteisdijisteis

ellos/as, ustedes

estuvieronpudieronhicierondijeron

I tabellen under finnar du tolv mykje brukte uregelrette verb.

Uregelrette verb i pretérito perfecto simple (tekstversjon)

hacer (å gjere)
yo hice, tú hiciste, él/ella/usted hizo, nosotros/as hicimos, vosotros/as hicisteis, ellos/ellas/ustedes hicieron
querer (å ville)
yo quise, tú quisiste, él/ella/usted quiso, nosotros/as quisimos, vosotros/as quisisteis, ellos/ellas/ustedes quisieron
venir (å komme)
yo vine, tú viniste, él/ella/usted vino, nosotros/as vinimos, vosotros/as vinisteis, ellos/ellas/ustedes vinieron
andar (å gå)
yo anduve, tú anduviste, él/ella/usted anduvo, nosotros/as anduvimos, vosotros/as anduvisteis, ellos/ellas/ustedes anduvieron
estar (å vere)
yo estuve, tú estuviste, él/ella/usted estuvo, nosotros/as estuvimos, vosotros/as estuvisteis, ellos/ellas/ustedes estuvieron
tener (å ha)
yo tuve, tú tuviste, él/ella/usted tuvo, nosotros/as tuvimos, vosotros/as tuvisteis, ellos/ellas/ustedes tuvieron
poder (å kunne)
yo pude, tú pudiste, él/ella/usted pudo, nosotros/as pudimos, vosotros/as pudisteis, ellos/ellas/ustedes pudieron
poner (å setje / legge)
yo puse, tú pusiste, él/ella/usted puso, nosotros/as pudimos, vosotros/as pudisteis, ellos/ellas/ustedes pudieron
saber (å vite)
yo supe, tú supiste, él/ella/usted supo, nosotros/as supimos, vosotros/as supisteis, ellos/ellas/ustedes supieron
conducer (å køyre)
yo condujo, tú condujiste, él/ella/usted condujo, nosotros/as condujimos, vosotros/as condujisteis, ellos/ellas/ustedes condujeron
decir (å seie)
yo dije, tú dijiste, él/ella/usted dijo,nosotros/as dijimos, vosotros/as dijisteis, ellos/ellas/ustedes dijeron
traer (å ta med seg)
yo traje, tú trajiste, él/ella/usted trajo,nosotros/as trajimos, vosotros/as trajisteis, ellos/ellas/ustedes trajeron

¡OJO!

På grunn av spanske uttalereglar blir c i hacer gjort om til z når vi bøyer verbet i tredje person eintal: él/ella/usted hizo.

Øving 6: Pugg uregelrette verb

Jobb saman to og to. Lær dykk dei uregelrette verba frå lista ovanfor.

Forslag til framgangsmåte

  1. Start med å lære kva verba tyder: Gå gjennom verba i den første kolonnen. Les både det spanske verbet og den norske omsetjinga høgt.

  2. Gjennomfør munnlege gloseprøver: Elev A sit med pc-en og les opp eit og eit av dei spanske verba (gjerne i tilfeldig rekkefølge). Elev B set om til norsk. Byt roller.

  3. Lær no korleis verba blir bøygde i pretérito perfecto simple: Les kvart av dei spanske verba i den første kolonnen høgt og bøy det i alle personar.

  4. Test kvarandre: Elev A sit med pc-en og seier eit spansk verb i grunnforma infinitiv, elev B bøyer verbet i pretérito perfecto simple. Byt roller.

Øving 7: Bøye uregelrette verb

Klarer du no å bøye uregelrette verb i pretérito perfecto simple? Test deg sjølv!

Øving 8: ¿Qué hiciste ayer?

Jobb samen to og to og fortel kvarandre om det de gjorde i går. Bruk gjerne nokre av verba frå lista nedanfor.

Begynn til dømes slik: Ayer me desperté a las seis y...

  • aprender

  • desayunar

  • despertarse

  • ducharse

  • escribir

  • estar

  • estudiar

  • hablar

  • hacer

  • ir

  • jugar

  • leer

  • levantarse

  • llamar

  • llegar

  • salir

  • tener

  • tocar

  • ver

  • visitar

Tips: Bruk ulike ord og uttrykk for å binde saman setningar og skape variasjon, til dømes

primero
først
después
etterpå
luego
más tarde
seinare
enseguida
med ein gong
a las x
klokka x
desde las x hasta las x
frå klokka x til klokka x
por la tarde/noche
om ettermiddagen/kvelden
después del instituto/entrenamiento/...
etter skulen/trening/...
al final
til slutt

Øving 9: Encuentra a alguien que...

Kven gjorde kva førre veke? Gå rundt i klassen og spør og svar som vist i dømet.

De får berre snakke med éin person om gongen, og det er berre lov til å stille kvarandre eitt spørsmål før de må spørje nokon andre. Noter namnet på dei som svarer "ja". Vinnaren er den som har samla flest namn når tida er ute.

Døme: tocar el piano

  • Elev A: ¿Tocaste el piano la semana pasada?

  • Elev B: Sí, toqué el piano (la semana pasada). / No, no toqué el piano (la semana pasada).

Aktivitetar

  1. beber un zumo de Naranja

  2. comer un helado

  3. visitar a sus abuelos

  4. jugar al balonmano

  5. recibir un mensaje de su profe

  6. escribir un comentario positivo en las redes sociales

  7. ir al cine

  8. estar en el extranjero

  9. hacer la cama

  10. decir algo bonito a alguien

  11. venir a la escuela a pie

  12. tener un buen día

Øving 10: Sjekk kva du hugsar

Jobb saman to og to. Les spørsmålet på kortet høgt, og bli einige om kva som er det rette svaret. Snu kortet og samanlikn svaret dykkar med det som står på baksida av kortet. Stemmer dei overeins? Hald fram til de har gått gjennom alle korta.

Skrive av Rebecca Elisabeth Mohr Tovslid og Mar Marín Valero.
Sist oppdatert 09.10.2025