Los personajes y el argumento
1. ¿Qué recuerdas?
Kva hugsar du frå filmen? Test deg sjølv!
2. El argumento de la película
Jobb saman to og to og lag eit kort handlingsreferat av filmen ved hjelp av setningane.
Les setningane høgt for kvarandre, og omset dei til norsk. Byt på å lese og omsetje.
Sett setningane i rett rekkefølge slik at dei blir til eit kort handlingsreferat av filmen.
Sjekk at de har forstått setningane ved å sjå på løysinga i boksen under.
Gjenfortel handlinga i filmen til kvarandre ved hjelp av det spanske og norske handlingsreferatet. De ser no berre starten av dei spanske setningane og må fullføre dei sjølv. Snakk så mykje spansk som mogleg.
3. Ser, estar eller hay?
Øv på rett bruk av ser, estar og hay, og repeter handlinga i same slengen! Jobb gjerne to og to.
Fyll inn rett verb. Hugs å bøye verba!
Les den ferdige teksten høgt.
Omset teksten munnleg til norsk. Les deretter omsetjinga i boksen "Traducción" og samanlikn med omsetjinga di.
4. Los personajes principales
Snakk og skriv om hovudpersonane i filmen.
A. Hablar sobre un personaje
Jobb saman i grupper på maks fire. Fordel personane mellom dykk.
Les gjennom stikkorda til personen din. Forstår du alt?
Førebu deg på å snakke om personen på spansk. Bruk stikkorda som utgangspunkt og legg til meir informasjon.
Fortel dei andre på gruppa om personen din.
B. Escribir
Skriv ein samanhengande tekst om personen du presenterte i oppgåve A. Punkta frå presentasjonen og skrivehjelpa i boksen "Vocabulario para escribir" hjelper deg i gang.
5. Habla sobre la película
Snakk saman to og to på spansk om filmen. Byt på kven som spør og kven som svarer. Snakkehjelpa i boksen "Vocabulario para hablar" hjelper dykk.
¿Cuándo tiene lugar la historia? Når går handlinga føre seg?
¿Durante cuánto tiempo se desarrolla el argumento de la película? Over kva tidsrom utspeler handlinga seg i filmen?
¿Dónde tiene lugar la historia? ¿Cómo es ese lugar? Kvar finn historia stad? Korleis er denne staden?
¿Qué personaje te parece el más interesante? ¿Por qué? Kva karakter synest du er mest interessant? Kvifor?
¿Qué te ha parecido divertido y qué te ha parecido triste de la película? Kva var morosamt, og kva var trist i filmen?
¿Qué temas trata la película y cuál es el mensaje? Kva tema tek filmen opp, og kva er bodskapen?
¿Qué te parece la película? ¿Te ha gustado? ¿Por qué sí? / ¿Por qué no? Kva synest du om filmen? Likte du han? Kvifor? / Kvifor ikkje?
6. Vota con los pies
Ta stilling til påstandar og beveg deg i klasserommet!
Gå gjennom påstandane på korta nedanfor saman i klassen og omset dei til norsk.
Læraren deler rommet i to:
De acuerdo (einig)
En desacuerdo (ueinig)
Stå i midten av rommet mens læraren les den første påstanden høgt.
Ta stilling til påstanden, og gå til den sida som representerer ditt syn.
Samanfatt resultatet når alle har valt side. Bruk desse strukturane:
Todos piensan que...
La mayoría piensa que...
Muchos piensan que...
Algunos piensan que...
Pocos piensan que...
Nadie piensa que...
Ein eller to elevar frå kvar side grunngir påstanden sin. Boksen "Vocabulario para hablar" hjelper dykk.
Gå tilbake til midten av rommet og ta stilling til neste påstand.
7. Escribe un texto
Vel ein av påstandane frå oppgåva over og skriv ein kort tekst på spansk der du grunngir kvifor du er einig eller ueinig i påstanden. Skrivehjelpa i boksen "Vocabulario para escribir" hjelper deg.