Hablar y escribir
1. La historia del chico empujando la silla de ruedas

Filmen startar og sluttar med ein gut som dyttar ein rullestol. I opningsscena sit ei eldre dame i rullestolen, og på slutten av filmen er det berre gjenstandar i rullestolen.
Kven er denne guten? Ta utgangspunkt i spørsmåla i boksen og fortel historia hans. Han dukkar opp fleire gonger i løpet av filmen, men vi får ikkje vite noko om han, så her må du vere kreativ! Bruk ordbok.
Sjå starten og slutten av filmen ein gong til før du byrjar å skrive. Tidskodane er:
Start: 00:00:43–00:00:53
Slutt: 01:56:11–01:56:30
¿Cómo se llama? Kva heiter han?
¿Cuántos años tiene? Kor gammal er han?
¿Qué hace? ¿Por qué no está en la escuela? Kva gjer han? Kvifor går han ikkje på skulen?
¿Qué hacen sus padres? Tiene hermanos? Kva gjer foreldra hans? Har han søsken?
¿Quién es la anciana en silla de ruedas? Kven er den gamle dama i rullestolen?
¿Por qué el chico está fuera con ella en medio de la noche? Kvifor er guten ute med henne midt på natta?
¿Por qué el chico va a la escuela al final? Kvifor kjem guten til skulen på slutten?
¿Qué ha pasado con la anciana? Kvar har den gamle dama blitt av?
¿Qué cosas tiene el niño en la silla de ruedas? Kva ting har guten i rullestolen?
Imagínate que el niño se encuentra con el profesor Sergio. ¿Qué ocurre después en su vida? Sjå for deg deg at guten møter læraren Sergio. Kva skjer vidare i livet hans?
...
2. ¿Qué están haciendo?

Filmen Radical er basert på ei sann historie, og både Sergio Juárez Correa og Paloma Noyola Bueno er verkelege personar. Men kva gjer dei no? Jobbar Sergio framleis som lærar? Klarte Paloma å bli romfartsingeniør? Den verkelege Paloma har faktisk ein liten gjesteopptreden i filmen som bibliotekaren Marlene.
Finn ut kva Sergio eller Paloma driv med no. Har dei vore i media? Kva jobbar dei med? Kvar bur dei? Kva meir finn du? Finn artiklar og videoar, og sjekk sosiale medium.
Bruk informasjonen du har funne, og lag ein plakat eller ein digital presentasjon med bilete og stikkord.
Øv på å presentere til du klarer deg utan manus. Snakkehjelpa i boksen "Vocabulario para hablar" hjelper deg.
Presenter for klassen eller for ei lita gruppe.
3. Una charla
Sjå på eit klipp frå filmen (lengde 2:51) og bruk det som utgangspunkt for ein tale.
Førestill deg at du er ein av elevane til Sergio. Det har gått nokre år, og du har akkurat fullført og bestått skulegangen din. Under avslutningsseremonien skal du halde ein liten tale. Du vel å fortelje om læraren din i sjette klasse som endra livet ditt.
Slik går du fram
Sjå på klippet frå filmen. Kva slags historie fortel Sergio? Kva ønsker han oppnå med forteljinga? Kva seier han etterpå?
Les gjennom transkripsjonen mens du speler av klippet på nytt. Prøv å få med deg så mange detaljar som mogleg.
Bruk eit omsetjingsverktøy for å omsetje transkripsjonen. Sjekk om du har forstått alt rett.
Ta utgangspunkt i historia og skriv ein tale der du hyllar Sergio. I boksen “Estructura y vocabulario“ finn du forslag til struktur og setningsstartarar. Tips: Du kan fint bruke historisk presens når du fortel om hendingar i fortida.
Bruk ein praterobot og be om tilbakemelding på innhald og språk i teksten du har skrive. Vurder forslaga du får, og rett opp feil og manglar. Legg ved samtalen med prateroboten når du leverer talen din.
Øv på talen til du kan halde han utan manus. Stikkord er lov. Bruk gjerne ein tekst-til-tale-robot for å sjekke og øve på uttale.
Ta opp talen din og lever han til læraren som lydfil eller video. Framfør gjerne òg talen for nokre medelevar.