Introducción: ¿Qué comemos?
Sjå på biletet over saman med ein medelev. Kva ser de? Skriv ned dei spanske orda for så mange matvarer og gjenstandar (til dømes asjett eller kniv) som de klarer. Skriv orda i eintal og med bestemd artikkel framfor (el/la).
Når de er ferdig, tel de kor mange ord de har. Klarte de fleire enn ti? Samanlikn med fasiten til slutt. Kva mangla de?
Jobb saman to og to og bla dykk gjennom bileta med spanske matretter. Byt på å spørje og svare på spansk kva matrettane heiter. Setningane under hjelper dykk. Snu korta for å sjå fasiten, det vil seie namnet på rettane.
¿Sabes cómo se llama este plato? Veit du kva denne retten heiter?
Sí, se llama... Ja, han heiter ...
Creo que se llama... Eg trur han heiter ...
No, no sé cómo se llama. Nei, eg veit ikkje kva han heiter.
Ni idea. Anar ikkje. / Har ikkje peiling.
¿Lo sabes tú? Veit du det?
Sí, (yo) lo sé, se llama... Ja, eg veit det, han heiter ...
No, yo tampoco lo sé. / No, yo no lo sé tampoco. Nei, eg veit det heller ikkje.
Kan du desse orda knytte til temaet mat og drikke? Jobb saman to og to og byt på å lese og setje om. Den eine les det spanske ordet høgt, og den andre set det om til norsk. Snu så kortet for å få fasiten. Bla vidare til neste kort og byt roller slik at den som sette om, no skal lese det spanske ordet. Gå gjerne gjennom settet to gonger.
Kan du dei spanske orda for nokre av dei mest vanlege matvarene? Test deg sjølv!