Ejercicios: ¿Qué y a qué hora comen los españoles?
¿A qué hora comen los españoles?
Jobb saman med ein medelev, og gå gjennom korta med påstandar til fagartikkelen om spanjolar og matvanane deira.
Les påstanden høgt, og set han om til norsk. Trykk så på info-knappen for å sjå fasiten.
Avgjer saman om påstanden er rett eller feil. Rett opp dei påstandane som ikkje stemmer. Snakk på spansk. Setningane under hjelper dykk.
Sí, es verdad. Ja, det stemmer.
No es verdad. Det stemmer ikkje.
El texto dice que... Teksten seier at ...
En el texto pone que... I teksten står det at ...
Når de har formulert eit svar, snur de kortet. Les høgt det som står der, og set om til norsk. Stemmer det overeins med svaret dykkar? Gå så vidare til neste kort.
Fullfør setningane med orda som manglar.
I oppgåva under ser du åtte utsegner som dreier seg om mat og matvanar.
Gå saman i par, les setningane høgt, og set dei om til norsk. Samanlikn med fasiten i boksen "Traducción" som ligg under oppgåva.
Diskuter kva setningar de mest sannsynlegvis ville høyrt i Spania, og kva de ville høyrt i Noreg. Grunngi vala dykkar. Prøv å bruke mest mogleg spansk, men de kan òg snakke på norsk.
Flytt setningane til rett land og sjekk om de hadde rett.
Øv på å bøye spanske verb i presens. I oppgåva er det både regelrette og uregelrette verb, diftongerande verb og verb med vokalskifte.
Viss du treng litt hjelp, kan du ta ein kikk på det som står i øvingsgrammatikken om regelrette verb, uregelrette verb og verb med diftongering eller vokalskifte.
Dei fleste spanske restaurantar tilbyr ein såkalla menú del día. Det er ein fast meny, som regel tre rettar, og blir servert som det største måltidet på dagen i Spania, la comida.
Jobb saman to og to med menyen på biletet. Viss det er vanskeleg å lese menyen, bruker de tekstalternativet under i staden.
Les menyen høgt for kvarandre. Kva ord kjenner de allereie til? Er det nokon rettar de kan setje om omgåande, utan hjelp?
Midt på menyen, mellom rettene Champiñones al ajillo og Chuletas de cordero, er det ein strek. Kva trur de denne streken betyr? Kva betyr det som står nedst på menyen?
Set om alle rettane til norsk. Det er lov å søke på nett. Ta òg gjerne eit søk etter bilete for å få eit inntrykk av korleis rettane ser ut. Samanlikn med omsetjinga i boksen "Los platos".
På menyen står det ikkje kva dessertmoglegheiter restauranten tilbyr. Søk på nett etter typisk spanske dessertar, og finn ein eller to som de har lyst å smake på.
Sett saman dykkar eigen trerettars meny og presenter denne for ei anna gruppe eller i klassen.
Venninnene Ainhoa og Candela et på restaurant. Sjå på videoen før du gjer oppgåvene. Tekstversjonen av dialogen finn du i boksen "Transcripción del video" under videoen.
A: ¿Verdadero o falso?
B: Contesta las preguntas
Jobb saman to og to.
Les spørsmålet, og set det om til norsk.
Klikk på info-knappen for å få eit omsetjingsforslag.
Formuler eit svar på spansk, snu kortet og samanlikn med svaret på baksida. Hald fram med neste kort.
C: ¡Actuad!
Jobb i grupper på tre og øv på å bestille og ta imot bestilling. Fordel rollene (kelner, Ainhoa og Candela), lær replikkane frå første del av videoen utanåt, og framfør dialogen. Rollespelet sluttar når maten er bestilt.
De kan òg bruke videoen som mal for å lage dykkar eigen dialog og framføre han.