Ejercicios: Paso a paso

1. ¿Qué recuerdas?
Kva hugsar du frå dokumentaren Paso a paso? Test deg sjølv!
2. Vocabulario
Øv på nokre av glosene frå dokumentaren. Start med "Dra tekst". Byt deretter til "Fyll inn" og skriv orda på spansk. Ta fleire rundar, og lær deg så mange av orda som mogleg!
3. Palabras y expresiones útiles
Øv på nokre vanlege ord og uttrykk som ungdommane i dokumentaren bruker.
Kva betyr dei? Finn rett omsetjing.
Vel tre til fem av orda/uttrykka, og skriv eigne setningar på spansk.
4. Cuatro esquinas
Gjennomfør øvinga "Fire hjørne" i klassen.
Gå gjennom påstandane på korta nedanfor saman i klassen og set dei om til norsk.
Organiser klasserommet i fire hjørne:
Totalmente de acuerdo (heilt einig)
Totalmente en desacuerdo (heilt ueinig)
Bastante de acuerdo (ganske einig)
Bastante en desacuerdo (ganske ueinig)
Stå i midten av rommet mens læraren les den første påstanden høgt.
Ta stilling til påstanden, og gå til det hjørnet som representerer ditt syn.
Samanfatt resultatet når alle har valt plass. Bruk følgene strukturar:
Todos piensan que...
La mayoría piensa que...
Muchos piensan que...
Algunos piensan que...
Ein eller to elevar frå kvart hjørne grunngir påstanden sin. Boksen "Vocabulario para hablar" hjelper dykk.
Gå tilbake til midten av rommet og ta stilling til neste påstand.
5. Mi sueño, paso a paso
Dei unge bøndene frå Guatemala har draumar og ønsker for framtida og jobbar langsiktig for å oppnå dei. Kva med deg? Kva drøymer du om?
Skriv ein kort tekst der du fortel om ein draum. Kva må du gjere for å realisere han? Beskriv vegen mot målet, trinn for trinn. Bruk døma nedanfor som inspirasjon.
Gå deretter saman med ein medelev eller i grupper og fortel kvarandre om draumane dykkar.
Ejemplos
Quiero ser futbolista profesional. Para lograr esto, hay que tener disciplina y entrenar mucho. Por eso voy a practicar todos los días para mejorar mi nivel. También es importante seguir los planes y las instrucciones de mi entrenador. Observar a otros jugadores es una buena manera de inspirarse y aprender estrategias nuevas. Por último, y no menos importante, tengo que tener confianza en mí mismo/a.
Me gustaría saber hablar español con fluidez. En primer lugar, tengo que estudiar mucho y hablar un poco de español cada día para mejorar mi vocabulario. También me va a ayudar ver películas, series y leer muchos textos diferentes, todo en español, ¡claro! Pero la mejor manera de aprender español es pasar tiempo en un país hispanohablante. Por eso quiero hacer un curso de verano en España.
6. Aprende más sobre Guatemala
Lær meir om Guatemala. Korleis er levevilkåra i landet er samanlikna med Noreg? Jobb saman i par eller små grupper.
Gå inn på FN-sambandets nettside Sammenlign verdens land og les kva som står her om Noreg og Guatemala.
Gå gjennom opplysningane og lag ei liste med viktige ord og uttrykk på spansk. Bruk ei ordbok og boksen "Vocabulario para hablar" som hjelp.
Skriv stikkord og korte setningar som samanliknar Guatemala og Noreg.
Bruk setningane/stikkorda for å presentere funna dykkar i klassen eller i grupper.