Tareas: La agricultura y el cambio climático
1. Un futuro mejor

Korleis kan vi få ei meir rettferdig og berekraftig verd og sikre ei betre framtid for alle?
Snakk saman to og to: Kva kan de sjølve gjere for å bidra til ei betre framtid? Lag ei liste med tiltak og stikkord på spansk.
Gå saman med eit anna par og del idéane dykkar. Har de mykje likt?
I grupper: Vel ut fire av tiltaka og skriv tre til fem setningar til kvart av dei. Sjå dømet nedanfor. Bruk gjerne modale hjelpeverb som tener que, poder eller deber. I boksen "Vocabulario para escribir y hablar" får de litt skrivehjelp.
Øv på å lese tekstane høgt med god flyt. Alle på gruppa les eit tiltak kvar.
Presenter tiltaka dykkar for ei anna gruppe. Snakk fritt utan manus! Kommenter til slutt tiltaka til den andre gruppa, og sei kva de synest er spesielt klokt, viktig, kreativt eller interessant. Boksen "Vocabulario para escribir y hablar" hjelper dykk.
Ejemplo: Comprar menos ropa
La producción de ropa contamina mucho el medioambiente y tenemos que reducirla. Una medida que podemos tomar es comprar ropa de segunda mano. También debemos aprender a remendar prendas rotas. Si compramos menos, se produce menos.
2. Un periódico desde el futuro

Sjå for dykk ei framtid der fleire av dagens miljøproblem har blitt løyste. Bruk fantasien og førestill dykk korleis vegen dit har vore.
Jobb i par eller små grupper og lag ei veggavis, anten digital eller fysisk, der de presenterer tre til fire ulike tiltak som har bidrege til å løyse problema.
Bestem dykk for kva tiltak de skal fortelje om. Tips: Bruk gjerne tiltaka til bøndene frå dokumentaren som inspirasjon.
Skriv ein kort artikkel om kvart tiltak, og lag ei passande overskrift. Forklar kva som er/var problemet, beskriv kva ein gjer eller har gjort, og fortel kva ein har oppnådd (sjå dømet under). Finn òg passande bilete/illustrasjonar på nett. Eller kanskje de har lyst til å teikne sjølv?
Heng opp avisene i klasserommet og presenter dei for kvarandre.
Ejemplo: La reforestación

Los incendios forestales en Guatemala están aumentando y son una amenaza para la diversidad biológica.
Últimamente varios colectivos de campesinos han plantado árboles y otras plantas después de incendios forestales en la zona. Antes, muchos insectos y animales estaban en peligro de extinción, pero este problema se ha resuelto gracias al proyecto de reforestación. Ahora otros países de todo el mundo quieren seguir el ejemplo de los campesinos guatemaltecos.