Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Interaktivt innhald

Refleksjonsoppgåve om kjønnsroller

I denne oppgåva skal du reflektere over kjønnsroller som omgrep, korleis dei kjem til uttrykk, og om forventningar til kjønn har endra seg over tid.

Oppgåver

  1. Korleis blir ein sosialisert inn i ei kjønnsrolle? Reflekter og noter, og bruk gjerne eksempel med deg sjølv som utgangspunkt.

  2. Slå opp i ei synonymordbok på "kvinne" og "mann". Er det nokon forskjell på korleis du oppfattar desse orda, og kva du assosierer med dei?

  3. Ungdom har ei rekke ord for "jente" og "gut" dei bruker munnleg. Gå saman med ein klassekamerat og diskuter kva ord de bruker. Er det nokon forskjell på kva de assosierer med dei ulike orda? Noter ned nokre stikkord om kva de fann ut.

  4. Studer statistikken under frå SSB. Kva kan forklare forskjellane mellom menn og kvinner når det gjeld yrkestilhøyrsle? Noter ned nokre stikkord.

Tabell

Antal og andel menn og kvinner (15–74) år i dei ulike næringane (2024)

Næring

Antal menn

Andel menn

Antal kvinner

Andel kvinner

Helse- og sosialtenester

115000

19 %

478000

81 %

Varehandel, reparasjon av motorvogner

198000

56 %

156000

44 %

Undervisning

94000

38 %

151000

62 %

Bygge- og anleggsverksemd

210000

90 %

23000

10 %

Teknisk tenesteyting, eigedomsdrift

131000

61 %

84000

39 %

Industri

138000

72 %

53000

28 %

Off.adm., forsvar, sosialforsikring

85000

48 %

92000

52 %

Forretningsmessig tenesteyting

77000

50 %

77000

50 %

Transport og lagring

117000

80 %

30000

20 %

Personleg tenesteyting

57000

41 %

82000

59 %

Informasjon og kommunikasjon

92000

72 %

35000

28 %

Overnattings- og serveringsverksemd

50000

49 %

52000

51 %

Jordbruk, skogbruk og fiske

56000

78 %

16000

22 %

Bergverksdrift og utvinning

43000

74 %

15000

26 %

Finansiering og forsikring

24000

51 %

23000

49 %

Elektrisitet, vatn og renovasjon

28000

78 %

8000

22 %

Intervju

Gjennomfør eit kort intervju med ein eldre person (over 60 år), der du spør kva forventningar han/ho opplevde som ung når det gjaldt arbeidsoppgåvene kvinner/menn hadde, yrkesval og livsstil. Er det nokon forskjellar og likskapar mellom den du intervjua og deg sjølv? Kvifor er det slik, trur du? Noter ned svaret.

Skrive av Kristin Sundstrøm.
Sist oppdatert 27.06.2025