Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Formell eller uformell?

I sosiologi og sosialantropologi kan det vere nyttig å skilje mellom det som er formelt, og det som er uformelt. I denne oppgåva skal du finne døme på ulike formelle og uformelle sosiale fenomen.

Omgrepsparet "formell" og "uformell"

Orda "formell" og "uformell" er omgrep som er motsetningar av kvarandre, og vi bruker dei ofte saman med andre omgrep for å lage underkategoriar. Når to ord heng saman på denne måten, blir dei kalla omgrepspar. I daglegtalen bruker ein gjerne formell og uformell om ulike sosiale situasjonar.

I sosiologi og sosialantropologi bruker vi som regel formell om noko som er nedskrive og offisielt bestemt, mens det uformelle er det som ikkje er nedskrive, men som ligg i den kulturen ein høyrer til.

Oppgåve 1. Fyll inn døme

Lag eit slikt skjema som du ser under, og fyll inn med eit døme i kvar rute. I første linje kan det til dømes stå "ektefelle" (formell rolle) og "kjæraste" (uformell rolle). Samanlikn gjerne med ein medelev og diskuter svara.

døme på Formell og uformell

Formell

Uformell

rolle

norm

sanksjon

sosialisering

Oppgåve 2. Konflikt

Av og til kan det formelle og det uformelle komme i konflikt med kvarandre. Prøv å finne døme på følgande:

  • Konfliktar som oppstår på grunn av at du er i ulike roller samtidig:

    • to formelle roller som kjem i konflikt

    • to uformelle roller som kjem i konflikt

    • ei formell og ei uformell rolle som kjem i konflikt med kvarandre

  • Konfliktar som oppstår fordi formelle og uformelle normer skaper ulike forventningar til kva du skal gjere i ein bestemd situasjon:

    • to formelle normer som kjem i konflikt

    • to uformelle normer som kjem i konflikt

    • ei formell og ei uformell norm som kjem i konflikt med kvarandre

Oppgåve 3. Når formelle og uformelle normer kolliderer

Sjå filmen under (lengde 8:46) og finn så mange døme du kan, på at formelle og uformelle normer kolliderer. Samanlikn og diskuter med ein medelev. Kva for formelle og uformelle normer kolliderer i dei ulike døma?

Video: Terranova Media / CC BY-NC-ND 4.0
Skrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist oppdatert 05.02.2025