Margaret Mead om læring i ulike samfunn - Sosiologi og sosialantropologi - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Margaret Mead om læring i ulike samfunn

Sosialantropologen Margaret Mead skreiv «Broen over generasjonskløften», der ho beskreiv og analyserte korleis læring skjer i ulike samfunn og mellom generasjonar. I dag, nesten 50 år seinare, er studien hennar framleis nyttig når vi skal sjå på sosialisering i dagens samfunn.

Før – no – i framtida?

Margaret Mead brukte tre omgrep om læring: postfigurativ, kofigurativ og prefigurativ.

Mead trakk fram at i postfigurative kulturar («før») lærer barn i hovudsaka av forfedrane sine, og endringar skjer sakte og umerkeleg. Slike samfunn finn vi framleis enkelte stader. «Dei gamle» var rettesnor for haldningar, verdiar, normer og språk – og dermed viktige for sosialiseringsprosessen, som var generasjonsprega. Ho har ei rekkje eksempel på slike samfunn og kulturar, og beskriv kva som har kjenneteikna dei.

Deretter tek ho for seg det ho kallar kofigurative kulturar og samfunn («no»). Dette er der barn og vaksne lærer av jamaldra, og der vi tilpassar oss gjennom å bruke andre si åtferd som modell for vår eiga. (Mead 1971) I desse samfunna er ikkje dette nødvendigvis den einaste forma for kulturell overføring, føregåande generasjonar er framleis viktige, men jamaldra har større påverknad. (Mead 1971) Her får vi for eksempel samfunnsmessige fenomen som «ungdomskultur».

Mead bruker omgrepet «prefigurativ» om ein kultur, eit framtidsscenario, som er kjenneteikna av ei omskifteleg verd som er i rask endring, der vaksne lærer av barna sine òg, og der barn veit og kan meir enn dei eldre på fleire område. (Mead 1971) Barn og unge lærer ikkje lenger det same som generasjonane før dei. Kulturen dei er ein del av, endrar seg raskt og ofte, og det er ein annan kunnskap som blir teken i bruk, ein kunnskap generasjonane før dei ikkje kjende til.

Kanskje er det nettopp dette vi ser i dagens samfunn, der ungdom er «digitale innfødde» i motsetning til foreldra, som er «digitale immigrantar»?

Mead viser til at det utviklar seg ei generasjonskløft, der det er store ulikskapar mellom generasjonane både når det gjeld kultur, verdiar, haldningar, språk og åtferd. (Mead 1971)
«Barna i dag har vakse opp i ei verd som foreldra aldri har kjend, men det var få vaksne som var klar over at det ville bli slik. Dei som var klar over det, var forløparane for framtidas prefigurative kulturar, der det prefigurerte var det ukjende.» (Mead, 1971:95)

Vil du lese meir? Du kan lese boka i nettbiblioteket til Nasjonalbiblioteket

Kjelde: Margaret Mead (1971) «Broen over generasjonskløften». Oslo: Universitetsforlaget

Skrive av Kristin Sundstrøm.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019