Sosialisering i endring

Familien som sosialiseringsaktør
For hundre år sidan blei barn stort sett sosialiserte i heimen. Det fanst ingen barnehagar, og mykje av den formelle ferdigheitstreninga gjekk føre seg innanfor ramma av heimen. I dag går dei fleste barn i barnehage, og vi har gått frå å ha sju års skulegang til at dei aller fleste går minst tretten år på skule. Slik blir det mindre tid til personleg sosialisering i nære relasjonar.
Funksjonstapping
Familien har gradvis mista ein del av funksjonen sin i sosialiseringa. Vi kan kalle dette for funksjonstapping sidan familien blir tappa for funksjonar. Barnehage, skule og organiserte fritidsaktivitetar overtek stadig meir av til dømes språkopplæring og oppseding.
Desse institusjonane tek stadig meir tid i liva våre og bidreg til at mykje av sosialiseringa no er meir formell. I tillegg blir det stilt krav om at vi skal halde fram med å ta utdanning innanfor mange ferdigheitsområde også etter at vi har komme i arbeid. Vi må ta vidareutdanning. Det er forventa at vi skal inngå i ein livslang læringsprosess.
Funksjonstapping på andre område
Funksjonstapping av familien skjer på fleire område enn med sosialiseringa av barna. På 1800-talet var produksjon og arbeid noko dei fleste gjorde i familien, anten det var på eit gardsbruk eller i ei familiebedrift. No har dei fleste arbeidsplassen sin utanfor familien.
Tidlegare var det òg vanleg at familien tok ansvar for dei gamle og uføre i familien. I ein moderne velferdsstat er dette statens eller kommunanes oppgåve gjennom til dømes trygd, pensjon, helsevesen og sjukeheimar.
Prefigurativ sosialisering
I tradisjonelle samfunn har eldre menneske vore ein viktig ressurs sidan det er dei som sit med kunnskap og erfaring. Dei unge lærer av dei eldre. Men eit moderne samfunn er i så rask endring at det på mange område ikkje lenger er noko å lære av dei som er eldre. Du spør til dømes ikkje foreldra dine om korleis du skal bruke sosiale medium. I ei slik verd lærer ein meir av jamaldringane sine, og dei gamle lærer av dei unge. Når sosialiseringa er snudd på hovudet på denne måten, snakkar vi om prefigurativ sosialisering.
I den satiriske filmen under (lengde 3:01) kan du sjå eit døme på prefigurativ sosialisering. Kjenner du deg igjen?
Margaret Mead om prefigurative kulturar
Omgrepet prefigurativ kultur blei lansert av sosialantropologen Margaret Mead rundt 1970. Då var det meint som eit mogleg framtidsscenario. I dag har det blitt vanleg å bruke prefigurativ for å beskrive trekk ved dagens sosialisering. Les meir om Margaret Mead i artikkelen "Margaret Mead om læring i ulike samfunn".
Sekularisering av normer og verdiar
Noreg er eit sekulært samfunn, det vil seie at det er liten eller ingen samanheng mellom lover og styresmakter på den eine sida, og religiøse påbod og leiarar på den andre. Sjølv om religiøs etikk og moral står sterkt i samfunnet, er det mykje som tyder på at det norske samfunnet blir stadig meir sekularisert.
Den religiøse påverknaden blir mindre. Staten overtek oppgåver som tidlegare har blitt utført av religiøse institusjonar, samtidig som religion har mindre å seie i liva til stadig fleire. I praksis betyr det at religiøse normer og verdiar ikkje styrer folks åtferd like mykje som før, eller som dei gjer i andre samfunn.
Verdiane som pregar sosialiseringa, er altså ikkje religiøst bestemde i like stor grad som før. Verdiar som demokrati, objektivitet (frå vitskapen) og menneskerettar står sterkt i Noreg. Samtidig veit vi at nokre av dei grunnleggande verdiane i samfunnet òg er sentrale i ulike religionar. Nokre læresetningar er så innebygde i språket at det er vanskeleg å vite kvar dei kjem frå:
- Du skal ikkje slå i hel.
- Du skal ikkje lyge.
I filmen under (lengde 4:18) kan du lære noko om den historiske bakgrunnen for sekulariseringa.