Oppgave
Norsk-ish, kulturmøte og kultur
I den norske dramaserien Norsk-ish møter vi Helin, Amrit og Fariba – tre unge menneske med røter i fleire ulike kulturar. I denne oppgåva med utgangspunkt i serien skal du sjå nærare på likskapar og forskjellar i og mellom kulturar.
Oppgåvene er gruppeoppgåver, dei kan òg løysast i grupper på to eller tre.
- Jobb i grupper på fire. Sjå traileren til Norsk-ish på NRK i fellesskap. NRK skriv om serien: "Helin, Amrit og Fariba har stått så lenge i spagat mellom to kulturer at de har fått kronisk lyskestrekk". Diskuter i gruppa: på kva måte kjem dette til uttrykk i traileren?
- Sjå ein episode av serien i NRKs nettspelar i fellesskap i gruppa. Finn nokre døme på kva utfordringar kulturelt mangfald skaper, og kva moglegheiter kulturelt mangfald skaper. Lag eit tankekart om kva de finn ut.
- Sjå episode 4 med tittel "Foreldrene". Foreldra til dei tre hovudpersonane har ulike forventningar til barna sine. Noter ned kva forventningar som kjem til uttrykk gjennom episoden, og kva forventningar de meiner foreldre generelt – uavhengig av kulturell bakgrunn – kan ha eller ikkje ha til barna sine.
- Diskuter deretter med utgangspunkt i døma de har notert ned: kva er med på å forme, halde oppe og endre normer og forventningar til ulike roller?
- Serien tek for seg både utfordringar og moglegheiter som følgjer av kulturelt mangfald, og ikkje minst forskjellar og likskapar både internt i og mellom ulike kulturar. Når vi skal studere ulike kulturar, kan det vere nyttig å ta utgangspunkt i kva omgrepet "kultur" betyr, og korleis vi kan definere det i eit sosiologisk/sosialantropologisk perspektiv. Finn to definisjonar av omgrepet "kultur" som ofte blir brukt i sosiologi og/eller sosialantropologi.
- Diskuter i gruppa korleis de forstår dei to definisjonane. Skriv ein kort tekst der de reflekterer over spørsmålet "Kva for utfordringar og moglegheiter kan kulturmøte føre til?" Bruk éin av dei to definisjonane i teksten.
- Samanlikn teksten dykkar med teksten i ei anna gruppe. Kva hadde dei reflektert over?
Relatert innhald
Fagstoff
Sosiale roller og normerSosialiseringa er ein livslang prosess der vi møter stadig nye forventningar og lærer nye sosiale roller.