Oppgave
Handtering av brot
Brot kan oppstå i alle knoklar og er ofte svært smertefullt. God handtering av brotet kan bidra til å hindre ytterlegare komplikasjonar, og dessutan bidra til reduksjon i smertene. I desse oppgåvene skal du jobbe vidare med kompetansen om brothandtering.
- Beskriv typiske teikn på eit ope brot.
- Beskriv typiske teikn på eit lukka brot.
- Beskriv utstyret du treng viss du skal lage ein improvisert spjelk.
- Korleis kan ei god brotbehandling påverke opplevinga personen har av smerte?
- Kva er viktig å undersøkje når du mistenkjer at nokon har eit brot?
De skal lage rollespel i par eller i små grupper.
- Ein elev skal vere markør med sterke smerter i armen. Legg armen til eleven i ein fatle viss fatle eller trekant-tørkle er tilgjengeleg. Byt roller.
De er i skogen. Venen din snublar i ein stein og får sterke smerter i det eine beinet. Lag ein spjelk og spjelk beinet til den som er skadd, tilpassa vilkåra i situasjon a og b.
- Det er ingen synleg skade. Personen er smertepåverka.
- Det er eit ope brot. Personen er smertepåverka.
- Evaluer begge gjennomføringane. Skriv ein logg.
- Kva har du lært?
- Kva vart gjort som var bra?
- Kva kunne vore gjort annleis?
Relatert innhald
Fagstoff
BrotBrot kan oppstå i alle knoklar. Nokre brot er så smertefulle at personen ikkje kan røre seg, medan andre brot er små og vanskelege å oppdage.