Den første undersøkinga
Denne artikkelen er i eit fag som følgjer ein utgått læreplan. Versjonen du ser på, kan innehalde utdatert informasjon eller ha andre feil.

BLÅS
For å vurdere kor alvorleg situasjonen er for personen, og kva hjelp hen treng, vil det vere eit godt utgangspunkt å undersøke personen etter hugseregelen BLÅS. Han gjer det enklare for deg å hugse kva du skal gjere i ein stressa situasjon. BLÅS fortel kva du bør sjekke først.
- B = bevisstheit (medvit)
- L = luftvegar
- Å = åndedrett (andedrag)
- S = sirkulasjon
Medvit
Sjekk om personen er medviten. Rist i personen og rop: "Hei, kan du høyre meg?"
Viss personen svarer: Sjekk om hen er orientert om tid og stad.
Dersom personen ikkje reagerer: Kontakt medisinsk nødtelefon ved å ringe 113. Set samtalen på høgtalar slik at du kan få rettleiing frå AMK-operatøren og ha frie hender til å undersøke pasienten og utføre førstehjelp.
Luftvegar
Sjekk om personen har frie luftvegar.
Opne munnen til personen og sjå om det ligg noko der.
Fjern framandlekamar som oppkast, matrestar eller liknande.
Åndedrett/andedrag
Sjekk om personen pustar.
Viss ja, korleis pustar personen? Er det normalt?
Viss du ikkje merkar pust, legg øret inntil munnen til personen og høyr etter pustelydar. Du kan kjenne ein luftstraum viss personen pustar.
Sjå på brystet til personen om det hevar og senkar seg.
Sirkulasjon
Sjekk om personen har pågåande bløding. Er det synleg blod?
Korleis er hudfargen til personen? Gråleg eller blåleg?
Ikkje bruk tid på å sjekke pulsen til personen viss du ikkje er trena på dette. Då kan verdifull tid gå tapt.
Film om den første undersøkinga
I filmen under (lengde 1:54) blir ein syklist påkøyrd av ein bil. Den som gir førstehjelp til den skadde personen, bruker hugseregelen BLÅS.
Førstehjelpstiltak
- Ring medisinsk nødtelefon 113 med det same om du mistenker ein alvorleg situasjon der førstehjelp er nødvendig. Tidleg varsling gjer at AMK-operatøren raskt kan sende hjelp og samtidig rettleie deg gjennom kva du skal gjere.
- Viss personen ikkje pustar: Sikre frie luftvegar ved å bøye hovudet bakover og løfte kjeven opp. Ikkje bruk meir enn ti sekund på å bestemme deg for om du skal starte HLR eller ikkje.
- Dersom personen pustar: Observer vedkommande i minimum eit minutt og legg vedkommande i sideleie.
- Viss personen ikkje er medviten og ikkje pustar normalt: Start umiddelbart hjarte- og lungeredning.
Relatert innhald
BLÅS er hugseregelen for å vurdere situasjonen og kva hjelp personen treng.