Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Legge ein person i sideleie

Å legge ein person i sideleie er viktig for å bidra til å halde luftvegane frie. Viss du veit kvifor og korleis du gjer dette, og har øvd på det, vil du enklare greie å gjere det når du er svært stressa.
Denne sida er arkivert. Innhaldet kan vere utdatert.

Denne artikkelen er i eit fag som følgjer ein utgått læreplan. Versjonen du ser på, kan innehalde utdatert informasjon eller ha andre feil.

Individuelle oppgåver

  1. Gjer greie for når du skal legge ein sjuk eller skadd person i sideleie.
  2. Gjer greie for dei viktigaste prinsippa som skal nyttast når du skal legge ein person i sideleie.
  3. Lag eit tankekart der du beskriv tilfelle der du meiner det er riktig å legge ein person i sideleie.

Gruppeoppgåver

  1. Reflekter over tankekarta til medlemmene i gruppa. Er de samde i vurderingane?
  2. Jobb to og to. Ein elev legg seg på rygg som markør.
    • Den andre personen skal no legge markøren i sideleie.
    • Byt roller etter gjennomføring.
  3. Markøren ligg på magen.

    • Korleis skal du på best mogleg måte legge personen i sideleie?
    • Prøv ulike metodar for å sjå kva som er den beste metoden for å få markøren frå mageleie til sideleie.
    • Byt roller etter gjennomføring.
  4. Markøren ligg på sida.

    • Kva justeringar må gjerast for å få til eit godt sideleie?
    • Gjennomfør dette praktisk.
    • Byt roller etter gjennomføringa.
  5. De har no gjennomført ulike scenarium der de har lagt markøren i sideleie.

    1. Drøft saman kva som er det viktigaste å tenke på når du legg ein person i sideleie.
    2. Kva ønsker de å oppnå ved å legge ein person i sideleie?

Relatert innhald

Sideleie

Medvitslause personar som pustar sjølv, skal du legge i sideleie. For å vere sikker på at personen pustar, bør pusten overvakast først.

Skrive av Elisabeth Holst.
Sist oppdatert 13.01.2026