Videoar og podkast om bioteknologi, abort og kunstig intelligens - Religion og etikk - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Videoar og podkast om bioteknologi, abort og kunstig intelligens

Her har vi samla korte videoar som handlar om bioteknologi, kyborgar, abort og kunstig intelligens. Under nokre av videoane er det lenkjer til oppgåver og relevante ressursar.

Film: Bioteknologi

I filmen diskuterer ungdommar frå revygruppa på Elvebakken videregående skole synet på bioteknologi i ulike religionar og livssyn.

Video: Applaus! Film & TV / Avgrensa bruksrett

Oppgåver: Bioteknologi

Artikkel: Menneskeverd i møte med ny teknologi

Film: Abort

I filmen diskuterer ungdommar frå revygruppa på Elvebakken videregående skole synet på abort i ulike religionar og livssyn.

Video: Applaus! Film & TV / Avgrensa bruksrett

Oppgåver: Abort

Artikkel: Menneskeverd i møte med nye teknologi

Film: Gentesting

I filmen beskriv professor i biologi Dag O. Hessen utviklinga innan genteknologi og gentesting. Han peikar på nokre moglegheiter og farar ved denne utviklinga, og kva for etiske dilemma ho kan stille oss overfor.

Video: Film_konsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Podkast: Genteknologi

I denne podkasten reflekterer biolog Sigrid Bratlie over kva for etiske utfordringar den nye genteknologien stiller oss overfor.

Illustrasjon som viser silhuettane av mann og kvinne saman med mange DNA-molekyl.

Genteknologi til glede for alle?

Korleis kan genteknologien brukast til glede for alle?

0:00
-0:00
Podkast: Sigrid Bratlie / CC BY-SA 4.0

Podkastoppgåver: Genteknologi – moglegheiter og truslar

Film: Kyborgar

I filmen får vi døme på menneske som har plassert teknologi inn i kroppen. Filmen diskuterer positive og negative konsekvensar av denne nye teknologien, og korleis det kan endre synet vårt på kva det vil seie å vere eit menneske.

Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-ND 4.0

Oppgåver: Kyborgar: Mennesket 2.0

Film: Kunstig intelligens

I filmen får vi ei skildring av kva kunstig intelligens (AI – Artifical Intelligence) er. Korleis kan robotar og algoritmar påverke oss og hjelpe oss, og kva farar kan dei føre til?

Video: Film_konsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Film: Kunstig intelligens 2

I denne filmen får vi ei forklaring på kva kunstig intelligens er, og vi får døme på bruk og misbruk av kunstig intelligens. Korleis påverkar kunstig intelligens oss, og korleis kan vi påverke bruken av kunstig intelligens?

Video: Lisa Reutter / CC BY-NC-ND 4.0

Reservedelar frå genmodifiserte dyr

I denne filmen får vi ei skildring av korleis genteknologi kan brukast til å lage organ for menneske. Vi får også ei kort oversikt over argument for og mot å bruke dyr på denne måten.

Video: Kristin Bøhle, Einar Berg / CC BY-SA 4.0

Fosterdiagnostikk og testing av befrukta egg

I denne filmen får vi ei kort beskriving av fosterdiagnostikk. Vi ser kva for etiske val denne denne teknologiske utviklinga stiller oss overfor, og vi får ei oversikt over ulike synspunkt på denne teknologien.

Video: Kristin Bøhle, Einar Berg / CC BY-SA 4.0
Skrive av Karl Henrik Aanesen .
Sist fagleg oppdatert 14.06.2022