Utforsk samspelet mellom religion, livssyn og politikk - Religion og etikk - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Utforsk samspelet mellom religion, livssyn og politikk

Kor stor innverknad har religionar og livssyn på politiske avgjerder i dag? I denne oppgåva skal de utforske korleis religion og livssyn kan spele ei rolle i aktuelle politiske avgjerder.

Førebuing

  1. Les artikkelen "Religion, politikk og historiske endringsprosessar" på NDLA.

  2. Følg med i ulike medium i ein periode. Leit etter saker der de meiner religion og/eller livssyn har ei rolle. Bruk til dømes medium, talar, debattar, intervju og partiprogram.

Tips

I klassen

  • Del klassen inn i grupper på 3–4 elevar, gjerne etter programfag.

I grupper

  • Alle legg fram dei beste sakene sine, og gruppa vel den saka dei ønskjer å jobbe med. Læraren rettleier og prøver å unngå at fleire grupper vel same sak.

  • Undersøk kva saka handlar om. Finn gjerne fram til argument som viser fleire sider av saka.

  • Vurder om det finst ein historisk bakgrunn det er viktig å kjenne til.

  • Analyser korleis religion og livssyn påverkar saka. Bruk gjerne omgrep frå artikkelen "Religion, politikk og historiske endringsprosessar".

Felles presentasjon

  • Presenter funna for klassen (4–5 minutt per gruppe.)

  • Diskuter i klassen kvifor det er viktig å kunne noko om religion og livssyn for å forstå sakene de har lagt fram.

Vurderingsmoglegheit

Oppgåva kan også gjerast i par. Resultata kan framførast som korte podkastar for vurdering. Nokre av podkastane blir spelte av for heile klassen, slik at alle får nytte av funna.

Skrive av Karen Marie Halden.
Sist fagleg oppdatert 25.04.2022