Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Utforsk idéar om mennesket i kinesisk filosofi

I kinesisk filosofi finn vi fleire ulike syn på mennesket. Utforsk idéar om mennesket i konfutsianismen, moismen og daoismen.

Oppgåve 1. Konfutse og ritual

Ifølge Konfutse er ikkje ritual berre heilage handlingar som blir utførte i religiøse seremoniar. Også daglegdagse vanar og rutinar er potensielle ritual som kan hjelpe oss å bli betre menneske.

Når vi følger sosiale konvensjonar, deltek i ritual eller følger gamle tradisjonar, får vi gjerne ei ny rolle. Til ei viss grad let vi som vi er nokon andre enn dei vi er til kvardags. Dette gjer at rituala kan få oss til å oppdage og dyrke fram ei ny og betre side ved oss sjølve.

  1. Vel nokre ritual eller tradisjonar dykk sjølve har vore med på, og/eller bruk forslaga under. På kva slags måte kan utføringa av desse rituala gjere deg til eit litt betre menneske?
    • handhelsing
    • julenissen på julaftan
    • bryllaup
    • lystenning for dei døde
    • 17. mai
    • familiemiddag
    • takke for maten
    • rekke opp handa i timen
  2. Ifølge Konfutse er det verknadslaust å utføre eit ritual om du ikkje verkeleg meiner det du gjer og lever deg inn i rolla. Er du einig eller ueinig i at rituelle handlingar, som å handhelse, takke for maten eller gifte seg, er verknadslause om vi ikkje utfører dei oppriktig?

Oppgåve 2. Konfutsianismen og menneskenaturen

  1. I dag meiner mange at vi kan finne ut kven vi er ved å lytte til kjenslene våre. Diskuter om kjenslene våre kan fortelje oss kven vi er. Er kjenslene våre upålitelege, eller kan dei fortelje oss kven vi er, og korleis vi burde handle?
  2. Ifølge den konfutsianske filosofen Mengzi er mennesket frå naturens side godt. Han grunngir dette med at alle menneske ville ha redda eit barn som heldt på å drukne i ein brønn. Finn nokre andre grunngivingar og døme på at mennesket er fødd godt.
  3. Ifølge den konfutsianske filosofen Xun Zi er mennesket frå naturens side egoistisk. Finn nokre grunngivingar og konkrete døme som tyder på at mennesket er fødd egoistisk.
  4. Diskuter døma og grunngivingane de kom fram til i spørsmål B og C opp mot kvarandre. Er mennesket frå naturens side godt eller vondt? Grunngi svaret.

Oppgåve 3. Mozi og Laozi og menneskenaturen

  1. Kva kjenneteiknar Mozi sin filosofi?

  2. Kva kjennteiknar Laozi og daoismens syn på mennesket?

  3. Kva er Mozi og Laozi sin kritikk av Konfutse?

Oppgåve 4. Laozi og flytsona

Les om flytsoneteorien i artikkelen "Flytsoneteorien".

  1. Kva er flytsoneteorien?

  2. Kva er likskapen mellom flytstoneteorien og Laozi og daoismen?

  3. Korleis kan du bruke flytsoneteorien i kvardagen din, til dømes på skulen eller i fritida? Bruk konkrete døme.

Skrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist oppdatert 16.06.2026