Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Islam

Oppgåve
Video

Skrifta

Juhashinee er hindu og besøker Ahmadiyya-muslimen Amandus Amadeus i moskeen for å snakke om dei heilage skriftene.

Før du ser filmen

  • Kvifor er Koranen viktig for muslimar?
  • Kjenner du til nokon heilage tekstar som er viktige for hinduar?

Sjå filmen (lengde 7:14) og jobb med oppgåvene under.

Video: Applaus! Film & TV / CC BY-ND 4.0

Etter at du har sett filmen

  1. Kva er dei største forskjellane og likskapane mellom skrifttradisjonen til dei to religionane? Stemte det med det du tenkte før du såg filmen?
  2. Ser du nokon forskjellar og likskapar når det gjeld korleis Yuhashinee og Amandus Amadeus stiller seg til dei heilage skriftene?
  3. Amandus Amadeus held Koranen i hendene – i staden for å legge han på golvet. Kvifor trur du det er så viktig for muslimar å behandle Koranen med respekt?
  4. Undersøk: Kva for reglar er knytte til behandling og oppbevaring av Koranen?
  5. Undersøk: Amandus Amadeus seier at han tilhøyrer Ahmadiyya-trussamfunnet. Ahmadiyya reknar seg som ei retning innan islam, men har ein teksttradisjon knytt til ein eigen profet. Finn ut kva som gjer Ahmadiyya særeigen samanlikna med sunni- og shiaislam.
  6. Undersøk: Kva handlar Bhagavadgita om, og kva er hovudbodskapen i forteljinga?
Skrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist oppdatert 08.02.2026