Oppgave
Oppsummering – Smarts dimensjonar
- Kva kan ein lære om religion ved å bruke Smarts sju dimensjonar?
- Kvifor er det ein nyttig modell for å analysere religionar?
- Hva er akronymet for å hugse dei sju dimensjonane?
- Kva betyr teisme, monoteisme, ateisme, polyteisme og panteisme?
- Kva dimensjon meiner du er viktigast? Vil dette gjelde kvar ein religion eller retning?
- På kva måte heng dei sju dimensjonane saman?
- Definer omgrepet læra om frelse. Skriv ned i éin kort setning – éin for kvar av læra om frelse i to religionar.
- Smarts modell er blitt kritisert blant anna fordi han tek utgangspunkt i kristendommen og går ut frå at dei same fenomena også finst i andre religionar. Kan du sjå at ikkje modellen passar like godt til alle religionar?
Undersøk nærmare fleire av dimensjonane.
- Kva er ein myte? Skaff oversikt over dei ulike typane mytar som finst. Finn ut meir: Myter og lesemåter
- Vel eitt ritual som finst i to religionar som du veit om og undersøk kor mange andre religionar som også praktiserer dette eller liknande ritual (søk på nett eller sjå i lærebok).
- Kva er mystikk? Kva dimensjon høyrer mystikken under? Sjå første artikkel igjen viss du er usikker.
Smarts dimensjonar er også mogleg å bruke på ein del ikkje-religiøse fenomen. Vel eitt av døma under, eller eit anna ikkje-religiøst fenomen du tenkjer kan passe. Finn minst eitt døme på kvar dimensjon.
- nasjonalkjensle (til dømes det å vere norsk)
- fotball (til dømes eit fotball-lag)
- Beliebers (eller andre fans)
- ekstreme ideologiar (til dømes nazismen i Nazi-Tyskland eller juche i Nord-Korea)