Omskjering - Religion og etikk - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Omskjering

Omskjering kan handle om både religion, kultur, politikk, etikk og kjønn. Gjennom denne oppgåva kan du lære meir om emnet.

For å få meir kunnskap om emnet kan du sjå filmen Ørkenblomsten på NDLA film. Oppgåvene kan òg løysast utan å ha sett filmen. Nedst på sida finn du lenkjer til artiklar som kan hjelpe deg med å svare på oppgåvene.

Filmen handlar om Waris Dirie frå Somalia. Ho rømmer frå eit arrangert ekteskap ho ikkje ønskjer, hamnar i Storbritannia, jobbar som hushjelp i nokre år og endar etter kvart opp som modell. Ho er i dag òg forfattar og FN-ambassadør mot kvinneleg omskjering.

Oppgåve 1. Kvinneleg omskjering/kjønnslemlesting

  1. Finn ut kva omskjering av kvinner inneber.

  2. Kva seier norske lover om kjønnslemlesting?

  3. Waris Dirie var den første som snakka offentleg om kjønnslemlesting. I filmen startar Waris FN-talen med at ho er glad mor si, familien sin og Afrika. Kvifor trur du det er så viktig for henne å få sagt dette i denne samanhengen?

  4. Når vi veit om dei psykiske og fysiske konsekvensane kjønnslemlesting kan ha for kvinner, verkar det på mange paradoksalt at mødrer ønskjer å gjere dette mot døtrene sine. Kva årsaker er det til at det likevel skjer? Du kan lese meir om dette i artikkelen "Begrunnelser for kjønnslemlesting" på NKVTS.

  5. I filmen seier Waris at det ikkje står noko om omskjering i Koranen. Finn ut om omskjering av kvinner blir rekna som eit påbod i islam.

  6. I område der kjønnslemlesting blir praktisert, er det ikkje berre muslimske kvinner som blir utsette for dette. I desse områda er det òg døme på at det er vanleg praksis blant kristne, jødar, tilhengarar av tradisjonelle religionar og blant ikkje-religiøse. Kva kan dette fortelje oss om religionens betydning for denne praksisen, trur du? Kva har den lokale kulturen å seie?

Oppgåve 2. Omskjering av menn

  1. Kva inneber det å bli omskoren som gut/mann?

  2. Kva for religionar praktiserer omskjering av menn, og kva er grunngivinga deira for det?

  3. I 2015 kom det ei lov i Noreg som regulerer rituell omskjering. Kva var grunngivinga for innføringa av denne lova?

  4. Det har vore vanleg for amerikanske menn å omskjerast av hygieniske årsaker. Kva kan det fortelje oss om kulturen si rolle i omskjering av menn?

  5. Somme meiner at menn bør få velje sjølv om dei vil omskjerast, og at ein derfor bør vente til dei er 18 år. Jødiske gutar skal etter vanleg praksis omskjerast når dei er åtte dagar gamle. Eit forbod mot omskjering av umyndige gutar vil derfor i praksis seie eit forbod mot ritualet slik det har blitt praktisert. Retten til sjølvråderett blir her sett opp mot religionsfridommen. Diskuter dette dilemmaet.

Oppgåve 3. Omskjering av kvinner og menn

I oppgåve 1 og 2 har de funne informasjon og grunngivingar for og mot omskjering av kvinner og menn.

Lag ei samanlikning av argumenta for og imot omskjering av kvinner og menn. Kva er likt, og kva er ulikt?

Her er nokre stikkord for å hjelpe deg på veg:

  • generelle menneskerettar versus religionsfridom

  • konsekvensar av inngrep

  • Noregs lovverk

  • religiøse påbod og tilrådingar

  • tradisjon versus religion

Her kan du finne stoff om emnet:

Skrive av Karen Marie Halden.
Sist fagleg oppdatert 09.08.2022