Utforsk idéar om mennesket

Utforsk idéar om mennesket
I denne oppgåva skal du utforske forskjellige idéar om mennesket i ulike filosofiske tradisjonar til ulike tider. Du skal først velje ein filosof eller ei filosofisk retning, deretter samanlikne med ein annan filosof eller ei anna retning, og til slutt presentere det du har komme fram til.
1. Førebuing
Vel ein filosof eller ei filosofisk retning. Du kan velje frå tipsa i boksen under.
Finn kjelder som beskriv denne retninga, eller idéane til filosofen om mennesket. Du kan til dømes bruke lenkene i boksen under og søke på snl.no.
2. Utforsk
Når og kvar levde filosofen? / Når og kvar oppstod den filosofiske retninga?
Beskriv filosofen eller retninga sitt syn på mennesket. Kva var filosofen eller den filosofiske retninga sine sentrale tankar?
Reflekter sjølvstendig over filosfen sitt synspunkt. Tips til refleksjonspunkt:
Er synet framleis aktuelt i dag?
Er du einig eller ueinig?
Kva er dei viktigaste argumenta for eller mot dette synet på mennesket?
Kva kan konsekvensane av eit slikt syn på mennesket vere?
3. Samanlikn
Vel ein annan filosof eller ei anna filosofisk retning og undersøk synet på mennesket hos denne filosofen eller retninga.
Beskriv dei viktigaste likskapane og forskjellane mellom dei to ulike filosofane og filosofiske retningane du har valt.
4. Presenter
Presenter det du har komme fram til for dei andre i klassen. Dette kan gjerast på ulike måtar. De kan til dømes dele kort i plenum, lage ein podkast, eit foredrag, ein film eller skrive inn det de har komme fram til i eit delt dokument.
5. Samanfatt i plenum
Fekk de nokon nye tankar om kva det vil seie å vere menneske?
Kvifor finst det så mange ulike syn på mennesket?
Har synet på mennesket forandra seg mykje fram til i dag, eller finn vi igjen mange av dei same tankane no som vi hadde tidlegare?
Er det nokon store forskjellar mellom synet på mennesket i vestleg, indisk og kinesisk filosofi, eller kan vi finne igjen dei same idéane i ulike tradisjonar?
Trur de dei store teknologiske framstega vil forandre synet på mennesket i framtida?