Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Interaktivt innhald

Kva er du?

Tenk deg at du møtte eit romvesen som stilte deg to enkle spørsmål: "Kva er du?" og "Kven er du?" Kva ville du svare på det?

Oppgåve 1. Kva er du?

Tenk deg at du møter eit romvesen. Kva ville du svart på følgande spørsmål:

  1. Kva er du?

  2. Kva skil deg frå plantar og dyr?

  3. Burde vi som kjem frå ein annan planet, ta spesielt omsyn til deg og arten din? Kvifor? Kvifor ikkje?

Oppgåve 2. Kven er du?

Tenk deg at romvesenet vil bli betre kjent med akkurat deg. Kva svarer du på følgande spørsmål:

  1. Kven er du? Beskriv deg sjølv med tre enkle stikkord.

  2. Kva er det viktigaste som skil deg frå alle andre menneske?

  3. Kva er det viktigaste du har felles med alle andre menneske?


Oppgåve 3. Kva kjenneteiknar eit menneske?

Oppgåve 4. Kva er det viktigaste trekket ved mennesket?

Skrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist oppdatert 02.03.2026