Korleis diskutere eit etisk spørsmål?

Etiske spørsmål og etiske dilemma
Eit etisk spørsmål er eit spørsmål om kva som er rett og gale eller godt og vondt. Det er eit spørsmål om korleis du bør handle i ein gitt situasjon, og kva for nokon moralske normer og verdiar du burde følge. Er det til dømes rett av deg å kjøpe mange nye klede når klimaet og miljøet i verda berre blir verre og verre?
Ei form for etiske spørsmål er etiske dilemma. I eit etisk dilemma må du velje mellom ulike moralske normer og verdiar som kolliderer med kvarandre. Når du står overfor eit etisk dilemma, finst det ikkje eit enkelt, rett svar, fordi alle alternativa er problematiske. Eit døme er ei fattig flyktningmor som må skaffe mat til barnet sitt, og ikkje har noko anna alternativ enn å stele. På den eine sida er det moralsk rett å skaffe mat til barnet, på den andre sida er det gale å stele. Ho er derfor nøydd til å bryte ein moralsk regel for å oppfylle ein annan.
Framgangsmåte
Her finn du ein mal for korleis du kan drøfte etiske spørsmål. Det er ikkje sikkert alle punkta er relevante for det spørsmålet du skal diskutere. Derfor må du velje kva som er viktigast å fokusere på i kvart enkelt tilfelle.
Del 1: Kartlegg situasjonen
Kva er det etiske problemet eller dilemmaet?
Beskriv kort det etiske problemet eller spørsmålet du skal drøfte. Forsøk å formulere det så kort og presist som mogleg.
Kva er relevante fakta?
Kartlegg situasjonen og list opp relevante fakta i saka.
Kven er ramma, og kva er deira syn og interesser?
Kva for personar og/eller grupper er involverte i sitasjonen? Du kan gjerne skilje mellom dei som er ramma i stor grad og dei som er ramma i mindre grad, og mellom dei som er direkte ramma og dei som er indirekte ramma.
Kva for handlingsalternativ finst det?
Kartlegg dei viktigaste handlingsalternativa. Skriv ned dei mest aktuelle løysingane.
Del 2: Verdiar og normer
I denne delen skal du diskutere kva for verdiar og normer som er relevante for å svare på det etiske spørsmålet.
Diskuter kva for verdiar som er relevante i denne situasjonen.
Verdiar er grunnleggande oppfatningar som styrer vala våre, til dømes rettferd, likeverd, ærlegdom eller miljøansvar.
Diskuter kva for normer som er ramma.
Normer er forventningar til korleis vi skal oppføre oss. Dei kan vere nedskrivne reglar, som Norges lover, eller uskrivne reglar, som tradisjonar og skikkar.
Du kan lese meir om normer og verdiar i artikkelen "Normer, verdiar og haldningar".
Del 3: Etiske modellar
I denne delen skal du diskutere kva for verdiar og normer som er relevante for å svare på det etiske spørsmålet.
Pliktetikk
Diskuter om dei ramma har plikt til å følge nokon moralske reglar eller prinsipp i denne situasjonen. Det kan vere religiøse påbod, nasjonale eller internasjonale lover og reglar eller Kants morallov (det kategoriske imperativet).
Konsekvensetikk
Diskuter kva løysing som gir dei beste konsekvensane. Kva er det som fører til mest mogleg nytte, nyting og lykke og minst mogleg smerte og liding for flest mogleg menneske (og/eller andre levande vesen)?
Dydsetikk
Diskuter korleis eit godt menneske ville ha handla i denne situasjonen. Du kan diskutere kva for dydar (gode eigenskapar og karaktertrekk) eit godt menneske ville følgt i denne situasjonen, og kva for laster (dårlege eigenskapar) eit godt menneske ville unngå. Dydar kan til dømes vere mot, ærlegdom og rettferd, og laster kan vere grådigheit og feigskap.
Du kan lese meir om dei etiske modellane i desse artiklane:
Del 4: Drøfting
I denne delen skal du drøfte det etiske spørsmålet. Å drøfte er litt meir enn å beskrive ulike argument for og imot. Når du drøftar, skal du vege dei ulike argumenta opp mot kvarandre. Då er det viktig at du heile vegen grunngir det det du seier, og vurderer dei ulike argumenta og grunngivingane. Kvifor kan eitt argument eller éi grunngiving vere viktigare eller meir relevant enn eit anna?
I drøftinga kan du bruke det formale likskapsprinsippet. Dette prinsippet seier at like tilfelle skal behandlast likt, og ulike tilfelle skal behandlast ulikt. Viss to ulike vaksne personar stel ein mobiltelefon, kan du argumentere for at begge bør straffast likt fordi dei gjer det same. Om det derimot er ein vaksen og eit barn som stel, kan du argumentere for at barnet bør straffast mildare fordi det er ein relevant forskjell mellom vaksne og barn. Utfordringa med å bruke det formale likskapsprinsippet er likevel å vurdere kva som er relevante forskjellar og likskapar.
Del 5: Konklusjon
Til slutt kan du skrive ei kort oppsummering. Kva er dei viktigaste etiske fordelane og ulempene med dei ulike alternativa? Du kan gjerne legge til kva du sjølv ville valt, men hugs å grunngi kvifor du meiner dette er den beste løysinga.
Modelltekst
Vi har skrive ein modelltekst om temaet aktiv dødshjelp som viser korleis du kan bruke framgangsmåten over for å kartlegge og drøfte eit etisk dilemma: