Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff

Modelltekst: Aktiv dødshjelp

I dag er det mykje debatt rundt om vi bør tillate aktiv dødshjelp i Noreg. I denne modellteksten ser du eit døme på korleis vi kan drøfte dette etiske spørsmålet.

Om teksten

Denne modellteksten er berre meint som eit døme på korleis vi kan kartlegge og drøfte eit etisk dilemma. Han inneheld ikkje ei utfyllande oversikt over temaet aktiv dødshjelp og alle relevante argument for og imot ei legalisering av dette i Noreg.

Bør vi tillate aktiv dødshjelp i Noreg?

Stadig fleire land i verda har legalisert aktiv dødshjelp. I Noreg er aktiv dødshjelp forboden, men ifølge ei undersøking frå 2023 er det eit fleirtal i befolkninga som støttar ei legalisering. Samtidig er det fleire som er sterkt imot (Bakke, 2023). I denne oppgåva vil eg først beskrive kva aktiv dødshjelp er, kven som er ramma, og kva for handlingsalternativ vi har. Deretter vil eg diskutere problemstillinga mi i lys av ulike normer og verdiar, med spesiell vekt på menneskeverdet. Til slutt vil eg drøfte dette spørsmålet i lys av dei etiske modellane pliktetikk, konsekvensetikk og dydsetikk.

Aktiv dødshjelp kan definerast som "handlinger der noen, oftest en lege, med viten og vilje tar livet av en person (oftest en alvorlig syk pasient), eller hjelper en person med å begå selvmord (ved for eksempel å stille til veie dødbringende medisiner) etter en samtykkekompetent persons direkte forespørsel om hjelp til å dø" (Kosberg, 2018, s.24). Det er viktig å skilje aktiv dødshjelp frå behandlingsavgrensing, der ein lege avsluttar ei livsforlengande behandling, noko som er tillate i Noreg.

Den første staten i USA som legaliserte aktiv dødshjelp, var Oregon i 1997, og etter det har fleire andre statar følgt etter. I Europa er aktiv dødshjelp legalisert i mellom anna Nederland, Belgia, Sveits, Spania og Austerrike (Ursin, 2026). Desse landa har alle innført ei form for avgrensing, der ein må oppfylle visse kriterium for å få innvilga aktiv dødshjelp. Desse kriteria varierer likevel, og det er til dømes ein debatt rundt om ein må vere dødssjuk eller ikkje, og om sjukdommen ein lir av, må vere fysisk, eller om han òg kan vere psykisk. Det mest aktuelle handlingsalternativet, viss vi skal legalisere aktiv dødshjelp i Noreg, er derfor å innføre ho med visse avgrensingar, men det er eit ope spørsmål akkurat kvar denne grensa skal gå. Det andre mest aktuelle handlingsalternativet er å behalde eit forbod som liknar det vi allereie har i dag.

Om forbodet mot aktiv dødshjelp blir oppretthalde eller ikkje, er eit spørsmål som involverer fleire ulike personar og grupper. Det er naturleg nok endå eit spørsmål som berører den aktuelle pasienten, som ofte lir av ein uhelbredeleg sjukdom, og dei nærmaste pårørande. Det vil få følger for helsepersonell på sjukehuset, men vil òg kunne få følger for andre medlemmer av samfunnet. Tilhengarar av aktiv dødshjelp hevdar at ei legalisering kan skape auka autonomi og tryggleik i samfunnet (fordi vi slepp å frykte langvarig liding), mens motstandarar har hevda at ei legalisering kan minske respekten for menneskeverdet, skape eit press på sjuke personar og auke sjølvmordsrisikoen.

På mange måtar kan aktiv dødshjelp sjåast på som eit etisk dilemma der fleire ulike verdiar og normer kolliderer med kvarandre. På den eine sida er det ei sterk norm i samfunnet vårt at vi ikkje skal ta liv, mens på den andre sida er det òg ei norm at vi burde hindre unødvendig smerte og liding. Dette dilemmaet kan opplevast spesielt sterkt hos helsepersonell når dei står overfor ein dødssjuk pasient med store smerter. Normene sin funksjon er å verne viktige verdiar, og ein grunn til at normene kan kollidere i spørsmålet om aktiv dødshjelp, er at det på eit djupare plan er ein konflikt mellom ulike verdiar.

Ein verdi som ofte blir trekt fram som eit argument for aktiv dødshjelp, er autonomi og sjølvråderett. Sidan vi menneske i størst mogleg grad burde få lov til å bestemme over vårt eige liv, burde vi òg få lov til å avslutte eit liv i sterke smerter, som ikkje lenger opplevast som verdifullt. Men er det sikkert at ein dødssjuk pasient verkeleg veit sitt eige beste? Motstandarar av aktiv dødshjelp har sett spørsmålsteikn ved om dødssjuke personar alltid vil vere i stand til å bestemme over sitt eige liv i ein slik situasjon.

Ein annan verdi som ofte blir trekt fram i debatten om aktiv dødshjelp, er menneskeverdet. Denne verdien inneber at alle menneske har ein spesiell verdi, og at alle menneske derfor har krav på respekt (Aanesen, 2026b). Det finst ulike grunngivingar for menneskeverdet, og det har derfor blitt tolka svært ulikt. På den eine sida hevdar motstandarar av aktiv dødshjelp at det å hjelpe nokon å døy, er i direkte strid med menneskeverdet, fordi livet er ukrenkeleg og har krav på vern. Aktiv dødshjelp kan derfor svekke verdien av eit menneskeliv. På den andre sida hevdar tilhengarar av aktiv dødshjelp at menneskeverdet nettopp betyr at vi har rett til å bestemme over vårt eige liv, og få det dei kallar "ein verdig død". Både tilhengarar og motstandarar av aktiv dødshjelp er derfor einige om at menneskeverdet er ein heilt sentral verdi, men dei er ueinige om kva det faktisk inneber å respektere menneskeverdet.

Tilhengarar og motstandarar av aktiv dødshjelp har ikkje berre ulike tolkingar av sentrale normer og verdiar, dei tolkar òg ofte konsekvensetikk, pliktetikk og dydsetikk på ulik måte. Ifølge konsekvensetikken bør vi velje det handlingsalternativet som fører til dei beste konsekvensane. Dei beste konsekvensane er, ifølge klassisk utilitarisme, det som fører til mest mogleg nyting og minst mogleg smerte for flest mogleg (Aanesen, 2026d). Aktiv dødshjelp kan fjerne lidinga hos pasienten og dei pårørande, ho vil minske belastninga på helsevesenet og frykta for unødvendig liding hos resten av befolkninga. Samtidig kan ho òg føre til auka smerte for dei pårørande (som mistar sine kjære), og skape ei belastning for helsepersonell som må avgjere om nokon skal få aktiv dødshjelp, og i tillegg utføre sjølve handlinga. Det kan òg føre til ein skråplaneffekt der bruken av aktiv dødshjelp breier om seg, og gamle og sjuke kjenner eit aukande press for å avslutte livet for ikkje å vere til bry. Det kan derfor vere vanskeleg å avgjere akkurat kva konsekvensane av aktiv dødshjelp vil vere.

Ifølge pliktetikken finst det visse grunnleggande reglar eller prinsipp for kva som er rette og gale, uavhengig av konsekvensane (Aanesen, 2026). For enkelte religiøse grupper stammar desse reglane frå Gud. I både kristendommen og islam finst det eit forbod mot å ta liv, og sidan mennesket er skapt av Gud, meiner fleire kristne og muslimar at det ikkje er opp til mennesket, men Gud å bestemme når nokon skal døy. Samtidig finst det òg døme på kristne og muslimar som tolkar dei religiøse pliktene annleis, og derfor er tilhengarar av aktiv dødshjelp. Den sørafrikanske erkebiskopen og vinnaren av Nobels fredspris, Desmond Tutu, har til dømes hevda at menneske burde kunne få velje når og korleis dei skal forlate jorda (Kosberg, 2018, s. 42).

Ei anna form for pliktetikk stammar frå den tyske filosofen Immanuel Kant. Ifølge Kant er mennesket fritt og autonomt, og dei moralske pliktene vi bør følge, kjem frå vår eiga fornuft (Aanesen, 2026a). For Kant er det ei sjølvmotseiing i det å bruke fridommen og fornufta vår til å utslette vår eigen fridom og fornuft ein gong for alle. Han er derfor ein motstandar av aktiv dødshjelp (Moen & Sterri, 2019, s. 45). Samtidig er det jo òg mogleg å hevde at plikta vi bør følge, ikkje stammar frå Gud eller fornufta, men at vi tvert imot har ei plikt til å hjelpe dei som lir. Heller ikkje pliktetikken vil derfor kunne gi eit samla svar på dette spørsmålet.

Dydsetikken har eit litt anna fokus enn konsekvensetikk og pliktetikk, og fokuserer i mindre grad på sjølve handlinga, men i større grad på personen som utfører handlinga (Aanesen, 2026c). Dydsetikken vil derfor kunne spørje kva eit godt menneske med gode eigenskapar (dydar) ville gjort i møte med ein alvorleg sjuk person som ønskte å døy. Utfordringa er at det ikkje er noko klart svar på det spørsmålet. Både tilhengarar og motstandarar av aktiv dødshjelp kan vere einige om at ein god person har eigenskapar som empati, miskunn, mot og klokskap, men dei vil samtidig hevde at ein slik person ville komme til to stikk motsette konklusjonar i spørsmålet om aktiv dødshjelp. Det er likevel ikkje nødvendigvis ei svakheit ved dydsetikken at han ikkje gir oss noko klart svar. Ifølge Aristoteles sin dydsetikk er alle situasjonar unike, og alle tilfelle burde behandlast for seg sjølv (Aanesen, 2026c). Dette kan brukast som eit argument for at helsepersonell innanfor visse rammer burde få anledning til finne ut kva dei skal gjere saman med pasienten.

Vi har sett at alle dei etiske modellane kan brukast til å argumentere for og imot aktiv dødshjelp. Sidan det er vanskeleg å kartlegge alle konsekvensane av ei legalisering av aktiv dødshjelp, kan vi argumentere for at vi bør vere varsame med å endre lovgivinga. Samtidig har vi no erfaring frå fleire land som har legalisert aktiv dødshjelp. Det kan òg vere vanskeleg å argumentere for at ei legalisering på lang sikt kan føre til negative konsekvensar, som svekking av menneskeverdet, når ein står overfor ein dødssjuk person med store smerter som berre ønsker å døy. I slike konkrete tilfelle vil ein jo ganske sikkert kunne minske lidingane til pasienten, men samtidig er det kanskje desto viktigare i slike situasjonar å ha eit gjennomtenkt prinsipielt standpunkt å falle tilbake på. Aktiv dødshjelp er jo ikkje berre eit spørsmål som involverer pasienten og dei nærmaste, men også helsevesenet og resten av samfunnet.

Vil det ikkje òg kunne vere ei belastning for helsepersonell å måtte hjelpe nokon å døy? Ifølge dei etiske reglane for legar er det ein lege si oppgåve å "verne om pasientens helse" (Etiske reglar for legar, 2025, §1), og vil det ikkje det då vere feil av ein lege å aktivt bidra til at pasienten døyr? Ikkje nødvendigvis, det er jo fleire legar som er tilhengarar av aktiv dødshjelp, og dei kan oppleve det som ein lette å fjerne lidinga til pasienten, samtidig som det sparer samfunnet for ressursar vi kan bruke til å hjelpe andre. Det er heller ikkje nødvendig å tvinge nokon til å utføre aktiv dødshjelp. I dag kan norske legar reservere seg mot å måtte utføre abort, og det er fullt mogleg å tenke seg at det same kan innførast for aktiv dødshjelp. Det vil likevel ikkje endre det faktumet at ein lege aktivt bidreg til at nokon døyr, noko som igjen vil bryte med det som mange ser på som eit grunnleggande forbod mot å ta eit anna menneske sitt liv.

Fleire religiøse personar ser på livet som ei gåve frå Gud. Sidan Gud har gitt mennesket liv, er det opp til Gud å bestemme når nokon skal døy. Sjølv om vi må respektere slike religiøse overtydingar, er det utfordrande å bruke det som eit argument mot aktiv dødshjelp, fordi dette argumentet berre vil opplevast bindande for nokon med ei heilt bestemt religiøs overtyding. Ei form for pliktetikk som derimot ikkje er basert på religion, er Kants pliktetikk. Ifølge Kants pliktetikk er det gale både å ta sitt eige liv og å drepe andre, fordi mennesket som eit fritt og fornuftig vesen har ein ukrenkeleg verdi. Men kva då med spedbarn eller dei som ligg i koma? Dei har kanskje ikkje fornuft, men dei har jo framleis menneskeverd. Burde vi ikkje òg ta omsyn til moralske kjensler som omsorg og empati, og ikkje berre fornuft, når vi skal avgjere eit spørsmål som aktiv dødshjelp? Det kan derfor bli veldig snevert å berre basere seg på Kants pliktetikk når vi skal avgjere dette spørsmålet.

Det er på mange måtar vanskeleg å gi eit heilt klart moralsk svar på spørsmålet om aktiv dødshjelp. Ein grunn til at dette spørsmålet er vanskeleg å svare på, er at grunnleggande normer og verdiar er i konflikt med kvarandre, og fleire av normene og verdiane blir òg tolka svært ulikt. Verken konsekvensetikk, pliktetikk eller dydsetikk gir noko klart svar på dette spørsmålet. Det er vanskeleg å vurdere om dei positive konsekvensane veg opp for dei negative, og det er fleire utfordringar ved å bruke pliktetikken i denne diskusjonen. Sidan det er så vanskeleg å komme fram til eit klart svar, er det derfor viktig at vi som samfunn held fram med å diskutere alle dei ulike moralske og etiske sidene ved dette spørsmålet. Så lenge støtta til aktiv dødshjelp held fram med å auke i befolkninga, kan vi rekne med at dette spørsmålet vil vere aktuelt i lang tid framover.

Kjelder

Aanesen, K. H. (2026a, 5. mars) Pliktetikk. NDLA. https://ndla.no/r/religion-og-etikk/pliktetikk/8c6b607cd6

Aanesen, K. H. (2026b, 6. mars) Hva er menneskeverd? NDLA. https://ndla.no/r/religion-og-etikk/hva-er-menneskeverd/c447024822

Aanesen, K. H. (2026c, 23. mars). Dydsetikk. NDLA. https://ndla.no/r/religion-og-etikk/dydsetikk/d1a0d39ab5

Aanesen, K.H. (2026d, 24. mars) Konsekvensetikk. NDLA. https://ndla.no/r/religion-og-etikk/konsekvensetikk/948e9b3b42

Bakke, M. C. A. (2023, 16. mai). Forskere har undersøkt nordmenns holdninger til legalisering av dødshjelp. UiO. https://www.med.uio.no/helsam/forskning/aktuelt/aktuelle-saker/2023/forskere-har-undersokt-nordmenns-holdninger-til-le.html

Etiske regler for leger. (2025). Etiske regler for leger. Den Norske legeforening. https://www.legeforeningen.no/om-oss/Styrende-dokumenter/legeforeningens-lover-og-andre-organisatoriske-regler/etiske-regler-for-leger/

Moen, O. M. & Sterri, A. B. (2019). Aktiv dødshjelp. Etikk ved livets slutt. Cappelen Damm Akademisk.

Kosberg, N. (2018). Aktiv dødshjelp. Humanist forlag.

Ursin, L. (2026, 7. januar). Dødshjelp i verden. SNL. https://sml.snl.no/d%C3%B8dshjelp_i_verden

Skrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist oppdatert 05.06.2026