Kjelder til etisk kunnskap - Religion og etikk - NDLAHopp til innhald
Fagartikkel
Kjelder til etisk kunnskap
Kvar kan vi finne svar på etiske spørsmål? Det er fleire ulike kjelder til kunnskap om kva som er rett og gale og godt og vondt. Kva kjelder du vel å bruke, vil vere med å bestemme kva svar du får.
Tenk deg at du står overfor eit moralsk problem. Kanskje er du forelska i kjærasten til bestevennen, har blitt vitne til at ein kjenning har gjort seg skyldig i eit overgrep eller blitt beden om å lyge for å hjelpe nokon i familien.
Korleis skal du løyse dette problemet? Skal du lytte til magekjensla, vurdere dei ulike alternativa ved hjelp av fornufta, bruke di eiga erfaring eller lytte til foreldra dine eller dei andre vennene?
For enkelheits skyld kan vi skilje mellom seks ulike kjelder til etisk kunnskap som ofte har blitt brukt for å grunngi moralske val. Desse finn vi igjen i mange religionar, livssyn og filosofiske tradisjonar.
Seks kjelder til etisk kunnskap
Fornuft Fornufta kan hjelpe oss å tenke logisk og upartisk og vurdere ulike etiske argument opp mot kvarandre.
Kjensler Kjensler kan fortelje oss kva vi oppfattar som rett og gale. Dei kan òg gjere det enklare å leve seg inn i og engasjere seg i etiske spørsmål.
Erfaring Våre eigne og andre sine erfaringar formar oppfatninga vår av rett og gale og gir oss kunnskap om korleis vi bør løyse moralske problemstillingar.
Tradisjonar og normer Tradisjonar, normer og reglar kan fortelje oss kva verdiar som er viktige, og kva som blir sett på som rett og gale i det samfunnet vi er ein del av.
Openberringar For dei som er religiøse, kan meldingar frå gudar eller overnaturlege vesen fortelje dei korleis dei bør leve.
Tekstar Heilage skrifter, filosofiske bøker, litteratur, kunst, videoar, filmar og andre tekstar påverkar oss og kan vere viktige kjelder til etisk kunnskap.
Denne lista er ikkje fullstendig. Det finst mange ulike kjelder til etisk kunnskap. Når vi skal diskutere etiske problemstillingar, er det av den grunn viktig å vere open for ulike kjelder til kunnskap og vurdere problemstillingane frå fleire ulike perspektiv.
I praksis vil ulike kjelder til etisk kunnskap, som kjensler, fornuft og erfaringar, ofte gli inn i kvarandre, og det kan vere vanskeleg å skilje dei frå kvarandre.
Detaljert skildring med døme
Nedanfor kan du sjå ei detaljert skildring av dei seks ulike kjeldene til etisk kunnskap. Du finn òg eit døme på bruk av denne typen kjelde som ei etisk grunngiving med omsyn til fattigdom.
Fornufta
Fornufta er evna vår til å tenke logisk og rasjonelt. Ved hjelp av fornufta kan vi avsløre sjølvmotseiingar og argumentere på ein logisk og samanhengande måte. Slik kan vi vege ulike moralske val opp mot kvarandre for å finne ut kva som er det beste.
I filosofien er fornufta ei viktig kjelde til etisk kunnskap og ein sentral del av mange etiske modellar. Ifølge Kants pliktetikk må vi bruke fornufta for å avgjere kva som er rett og gale. Dydsetikken til Aristoteles handlar om å utvikle ei praktisk fornuft for å kunne vurdere konkrete moralske situasjonar kvar for seg. Fornufta er òg viktig i konsekvensetikken, der vi må bruke den til å rekne oss fram til dei moralske vala som har dei beste konsekvensane i kvart enkelt tilfelle.
I mange religionar er fornufta òg viktig i moralske spørsmål. Det er mange moralske spørsmål det ikkje finst eitt konkret svar på, og vi må derfor bruke fornufta til å vurdere og tolke ulike religiøse kjelder opp mot kvarandre. Fornufta kan òg gi oss innsikt i Guds vilje, ifølge fleire religionar. Mange kristne trussamfunn hevdar at Gud har utstyrt menneska med fornufta for at dei skal få innsikt i ei allmenn lov som gjeld alle menneske, til dømes den gylne regelen. Dette betyr at menneske kan følge Guds bod sjølv om dei aldri har høyrt om kristendommen.
Fornuft og fattigdom
Fornufta kan hjelpe oss å tenke konsekvent og upartisk. Ved hjelp av fornufta kan vi innsjå at alle menneske er like, og at vi ikkje burde prioritere våre eigne interesser framfor andre sine. I staden for å bruke pengar på oss sjølv burde vi derfor hjelpe andre. Denne måten å tenke på kjem til utrykk i den gylne regelen: Du skal behandle andre slik du sjølv ønsker å bli behandla. Sidan alle ville ønskt hjelp viss dei svalt eller leid nød, burde vi derfor hjelpe dei fattige viss vi har moglegheita.
Ifølgje Kants pliktetikk gir fornufta oss innsikt i ei moralsk lov, det kategoriske imperativet. Morallova fortel oss at vi burde respektere vår eigen og andre menneske sin verdi som frie og sjølvstendige vesen, og at vi burde handle på ein måte som kan gjerast til ein regel for alle menneske. Det vil mellom anna seie at vi burde kjempe mot fattigdom fordi han hindrar dei fattige i leve fritt og sjølvstendig.
I konsekvensetikken kan vi bruke fornufta til å innsjå kvifor vi burde hjelpe dei fattige. Det ville føre til langt betre konsekvensar viss dei av oss som har nok pengar, brukte mindre på oss sjølv og meir på dei som treng det. Konsekvensetikaren Peter Singer viser dette ved hjelp at eit døme. Viss du blei vitne til at eit barn heldt på å drukne, ville du ikkje prøvd å redde det sjølv om vatnet øydela kleda dine?
Ifølge Aristoteles' dydsetikk er det ein dyd å vere gavmild og hjelpe andre. Når vi skal vere gavmilde, må vi, ifølge Aristoteles, finne ein balanse mellom å vere gjerrige og ikkje gi bort noko, på den eine sida, og gi bort altfor mykje av vårt eige, på den andre sida. Aristoteles var oppteken av at vi måtte bruke den praktiske fornufta vår til å vurdere kvar enkelt situasjon for oss sjølv. Om du skal gi pengar til ein tiggar, er til dømes noko du må vurdere i kvart enkelt tilfelle.
Kjensler
Kjensler som glede, sorg, sympati, sinne, medynk, medkjensle og empati er viktige når vi står overfor moralske spørsmål. Kjenslene fortel oss ofte omgåande kva vi oppfattar som rett og gale i ein situasjon. Dei hjelper oss å leve oss inn i situasjonen til andre. Dei seier noko om korleis vi oppfattar verda rundt oss og styrer ofte kva vi vel å gjere.
Ifølge den britiske filosofen David Hume er det kjenslene som er kjelda til den moralske motivasjonen vår og dei moralske vurderingane våre. Utan kjenslene ville vi ikkje ha nokon grunn til å handle på den eine eller andre måten, meinte Hume. Andre filosofar er meir skeptiske til kjenslene, fordi dei ifølge dei er for subjektive, partiske og upålitelege. Kants pliktetikk er derfor basert på fornufta, men for Kant kan kjenslene òg til ei viss grad hjelpe oss å utføre moralske plikter. I Aristoteles' dydsetikk er det viktig å utvikle rette kjensler, slik at fornufta og kjenslene kan snakke med same stemme. Ein etisk modell der kjenslene speler ei viktig rolle, er omsorgsetikken, som mellom anna fokuserer på dei nære kjenslebaserte relasjonane mellom familiemedlemmer som ei viktig kjelde til moral.
I mange trussamfunn har kjenslene ei viktig rolle for etikken. Både kristendommen, jødedommen og islam vektlegg nestekjærleik og miskunn. Medkjensle og empati er viktige eigenskapar i buddhismen. Negative kjensler som dei truande burde kjempe mot og unngå for å leve moralsk, blir òg beskrivne i mange religionar. I buddhismen og sikhismen blir til dømes begjær, sinne og griskheit sett på som negative impulsar.
Kjensler og fattigdom
Kjenslene er viktige for å motivere og engasjere oss, og mange hjelpeorganisasjonar speler på kjenslene når dei skal samle inn pengar til fattige menneske. Bilete og forteljingar om fattigdom skaper empati og medkjensle.
Mange vil òg kunne oppleve dei store forskjellane mellom fattige og rike som urettferdig. Denne opplevinga kan skape sinne, som igjen kan motivere til eit sosialt engasjement for endring.
Erfaring
Våre eigne og andre sine personlege livserfaringar er ofte viktige når vi skal ta stilling til etiske problemstillingar og situasjonar. Vi kan ha opplevd liknande situasjonar før og prøvd å løyse dei på ulike måtar. Dette vil forme korleis vi tolkar nye situasjonar og korleis vi vurderer dei ulike handlingsalternativa.
Når vi skal ta stilling til etiske spørsmål, bruker vi òg kunnskap som kjem frå erfaringa til andre – ikkje berre erfaringane til venner og familie – men òg den kunnskapen vi tileignar oss på skulen. Vitskapen er ein erfaringsbasert metode for å samle inn kunnskap og ei viktig kjelde til informasjon om verda rundt oss. Mange av dei miljøetiske spørsmåla vi står overfor i dag, er forma av den vitskaplege kunnskapen vår om miljø- og klimakrisa.
Eit stort spørsmål i etikken er i kva grad vi kan bruke objektive skildringar, fakta og vitskapleg kunnskap om korleis verda er, til å svare på etiske spørsmål om kva som er moralsk rett å gjere. Ifølge den britiske filosofen David Hume er moralske grunngivingar noko anna enn objektive skildringar av verkelegheita. Vi kan derfor ikkje automatisk slutte oss frå ei skildring om korleis noko "er", til korleis noko "bør" vere.
Erfaringar og fattigdom
Personlege erfaringar kan verke inn på haldningane våre til fattigdom og den moralske motivasjonen og viljen vår til å kjempe mot og forhindre han. Viss vi sjølv, nokon vi kjenner eller nære familiemedlemmer har opplevd fattigdom, vil det i stor grad kunne påverke oss.
Erfaringar vil òg vere viktige for å avgjere korleis vi på ein best mogleg måte kan forhindre fattigdom og hjelpe dei av oss som er fattige. Erfaringane påverkar tolkinga vår av situasjonen dei fattige er i, kva som er årsakene til at dei er fattige, og kva for konkrete moglegheiter vi har til å gjere noko med han.
Tradisjonar og normer
Gjennom oppveksten lærer vi kva som blir sett på som rett og gale i samfunnet vårt. Vi møter klare forventningar til åtferd i familien, blant venner og på skulen. På denne måten lærer vi moralske normer, verdiar og tradisjonar, og dette er ei viktig kjelde til den etiske kunnskapen vår.
Ordet "tradisjon" betyr å overføre og bringe vidare. Gjennom tradisjonen lærer vi ikkje berre enkle normer som at det er gale å stele. Tradisjonane formidlar ei heil livsform av konkrete normer, språk, praksisar, handlemåtar og tenkemåtar frå ein generasjon til ein annan.
I etikken er normer, verdiar og tradisjonar viktige kjelder til etisk kunnskap. Ein etisk modell som i spesielt stor grad vektlegg tradisjonane, er dydsetikken. Ifølge dydsetikken lærer vi korleis vi skal bli gode menneske, og kva dydar vi burde realisere ved å vere ein del av ein tradisjonell felleskap.
I mange trussamfunn byggjer tradisjonen ei bru mellom fortida og notida, mellom grunnlegginga av religionen og dagens verkelegheit. Grunnleggaren av religionen blir ofte sett på som eit moralsk førebilete. Dei normene og praksisane som prega trussamfunnet i byrjinga, kan ofte vere ei viktig kjelde til etisk kunnskap for dei truande.
Fattigdom og tradisjonar
I Noreg er det forventa at vi hjelper dei fattige. Vi har ei norm som seier at vi burde hjelpe dei, og at ingen i Noreg burde mangle grunnleggande gode som mat, bustad og helsehjelp. Det fremste middelet for å forhindre fattigdom i Noreg er velferdsstaten, som vi alle er med på å finansiere gjennom skattar og avgifter.
Også i mange trussamfunn er det ein viktig tradisjon å hjelpe, og spesielt å hjelpe dei fattige. I islam er almissa ei av dei fem søylene, og alle muslimar har ei religiøs plikt til å gi mat eller pengar til fattige. Jødedommen har tradisjon for at dei jødiske forsamlingane tek seg av dei fattige. I Den norske kyrkja er det vanleg med innsamling av pengar til dei fattige, mellom anna som ein del av gudstenesta.
Openberring
Ei openberring er ein beskjed eller melding frå ein gud eller andre overnaturlege vesen til menneska. For dei truande kan openberringar vere ei viktig kjelde til etisk kunnskap.
I kristendommen blir Jesus rekna som ei openberring, og Jesu dobbelte kjærleiksbod om å elske Gud over alt anna og nesten sin som seg sjølv, er ein sentral del av kristen etikk. Både i kristendommen og jødedommen er dei ti boda som Moses fekk på Sinaifjellet, viktige. For muslimar er Koranen, slik han blei openbert for Muhammed, den viktigaste kjelda til etikken. Også i somme andre religionar og trussamfunn kan vi finne døme på openberringar frå naturen eller åndene til forfedrane.
For mange truande vil ikkje Guds vilje berre bli formidla gjennom direkte openberringar, men òg komme til uttrykk på andre måtar. I kristendommen skil vi mellom den spesielle openberringa, slik Gud viser seg i Jesus, og den allmenne openberringa, slik Gud viser seg gjennom naturen og historia. Den allmenne openberringa gjer at alle menneske, til ei viss grad, kan få kunnskap om Guds vilje ved hjelp av eiga fornuft og eige samvit.
Openberringar og fattigdom
I mange religionar finn vi døme på openberringar som oppmodar dei truande til å kjempe mot og forhindre fattigdom. I islam blir Guds vilje formidla gjennom Koranens påbod om å gi til dei fattige. I kristendommen blir Guds vilje openbert i Jesus, og for Jesus er solidaritet med dei fattige heilt sentralt.
Ein viktig bodskap i mange religiøse openberringar i dei store verdsreligionane er òg at alle menneske er like, noko som for fleire religiøse har vore ei viktig grunngiving for å kjempe mot fattigdom.
Det finst likevel òg døme på openberringar som har blitt brukte til å forsvare økonomiske forskjellar. I hinduismen har openberringar om karma og kastar blitt brukt for å legitimere økonomiske forskjellar. Samtidig finn vi i hinduismen òg døme på openberringar som vektlegg likskapen til alle menneska og bekjempinga av fattigdom.
Tekstar
Tekstar er ei viktig kjelde til etisk kunnskap. Til vanleg tenker vi ofte på tekstar som skriftlege kjelder, som til dømes bøker. I dag bruker vi likevel ofte eit utvida tekstomgrep for å beskrive tekstmangfaldet i det moderne mediesamfunnet. Det utvida tekstomgrepet omfattar ikkje berre skriftlege kjelder, men òg filmar, videoar, bilete, kunst, musikk og andre former for kommunikasjon.
I religionar vil ofte heilage tekstar vere viktige kjelder til etisk kunnskap. Innanfor eit trussamfunn vil somme tekstar ofte ha større autoritet enn andre. Heilage tekstar som Bibelen, Toraen eller Koranen vil ha større autoritet enn tekstar som tolkar og bygger vidare på desse skriftene. I det daglege livet til dei truande kan likevel mindre autorative tekstar har stor praktisk betydning i moralske spørsmål.
I filosofien er etikken ofte basert på bøker av viktige filosofar. Andre viktige etiske tekstar i samfunnet vårt er menneskerettane som blei vedtekne av FN i 1948. I dagens medieverkelegheit vil òg ei lang rekke andre tekstar fungere som kjelder til etisk kunnskap. Mange av filmane, seriane og videoane vi ser på YouTube, TikTok eller Netflix, handlar om etiske problemstillingar og kan påverke oppfatninga vår av kva som er rett og gale.
Same kva slags tekstar vi bruker som kjelde, vil vi alltid tolke dei på ein bestemd måte. Det finst ei rekke forskjellige måtar å tolke tekstar, og ulike grupper og enkeltpersonar kan ofte tolke éin og same tekst på svært ulike måtar. Somme trussamfunn har til dømes ei fundamentalistisk tolking av heilage tekstar og tolkar dei heilt bokstaveleg. Andre trussamfunn kan lese dei same tekstane på ein annan måte. Dei kan tolke diskriminerande utsegner, om til dømes kvinner og homofile, som eit utrykk for tida teksten blei nedskriven og ikkje som ei skildring av korleis dei skal behandle kvinner og homofile i vår tid.
Tekstar og fattigdom
Fattigdom er eit tema i mange ulike tekstar – frå heilage skrifter og filosofiske bøker om etikk – til filmar og seriar. Desse tekstane kan hjelpe oss å forstå årsakene og konsekvensane av fattigdom betre. Dei gir òg mange ulike skildringar av det moralske ansvaret vårt. Menneskerettane slår til dømes fast at alle har rett til ein tilfredsstillande levestandard.
I mange heilage tekstar kan vi finne religiøse reglar, påbod og forteljingar som handlar om fattigdom. I Koranen finn vi påbod om å hjelpe dei fattige. Det gjer vi òg i Bibelen. I Bergpreika, som er ei viktig kjelde til kristen etikk, snakkar Jesus om betydninga av rettferd og av å hjelpe dei som treng det. I kristendommen, islam, sikhismen og buddhismen finst det mange forteljingar som beskriv korleis Jesus, Muhammed, Guru Nanak og Buddha prøvde å hjelpe og vise solidaritet overfor dei fattige.
Kjelder
Baggini, J. (2018). How the world thinks. A global history of philosophy. Granta.
Johansen, K.E. & Vetlesen, A.J. (2012). Innføring i etikk. Universitetsforlaget.