Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video
Podkast

Filmar og podkastar om filosofi

Her har vi samla korte filmar som handlar om filosofi. Under nokre av filmane er det lenker til oppgåver og relevante ressursar.

Film: Platons hulelignelse

Filmen (lengde 2:53) er ei forenkla dramatisering av Platons holelikning. Holelikninga er ein illustrasjon av Platons filosofi og eit tankeeksperiment som viser kor vanskeleg det kan vere å komme fram til sanninga. Filmen blir brukt i oppgåva "Platons holelikning".

Video: Siren Halvorsen, Siren Halvorsen, Karl Henrik Aanesen og Eivind Zakariassen, Anderz Eide / CC BY-SA 4.0

Film: Filosofi med Melsom og Moen: Om filosofi

Filosofane Kaja Melsom og Ole Martin Moen beskriv kva det vil seie å tenke filosofisk, og kva vi gjer når vi filosoferer. Dei beskriv òg kva ein profesjonell filosof gjer. Denne filmen (lengde 4:43) blir brukt i artikkelen "Kva er filosofi?".

Video: Christina Svien / CC BY-SA 4.0

Film: Filosofi med Melsom og Moen: Kvifor treng vi filosofi?

Filosofane Kaja Melsom og Ole Martin Moen beskriv kvifor vi treng filosofi, og kvifor det er viktig å kunne tenke filosofisk. Denne filmen (lengde 2:51) blir brukt i oppgåva "Kvifor filosofi?".

Video: Christina Svien / CC BY-SA 4.0

Film: Filosofi med Melsom og Moen: Min yndlingsfilosof

Filosofane Kaja Melsom og Ole Martin Moen fortel om yndlingsfilosofane sine, Jean-Paul Sartre og Jeremy Bentham. Dei beskriv kvifor filosofane var viktige, og korleis dei blei inspirerte av dei. Denne filmen (lengde 2:19) blir brukt i oppgåva "På oppdagingsferd i filosofihistoria".

Video: Christina Svien / CC BY-SA 4.0

Film: Filosofiens historie

I denne filmen (lengde 6:37) får vi ei kort oversikt over filosofihistoria. Du blir introdusert for nokre viktige filosofar som har hatt stor innverknad på filosofihistoria. Du får òg nokre døme på kva for filosofiske og eksistensielle spørsmål dei var opptekne av. Filmen blir brukt i oppgåva "På oppdagingsferd i filosofihistoria" og i artikkelen "Idéar om mennesket i vestleg filosofi".

Video: Arkikon / CC BY-NC-SA 4.0

Podkast: Meininga med livet

Professor i filosofi, Einar Duenger Bøhn, er på besøk hos Jonis Josef. Dei diskuterer spørsmålet: Kva er meininga med livet? Podkasten blir brukt i oppgåva "Meininga med livet".

Jonis Josef i podkaststudio. Foto.
Hva vet jeg?

Meininga med livet

Professor i filosofi, Einar Duenger Bøhn, diskuterer spørsmålet: Kva er meininga med livet? Kva er forskjellen på å finne meining i livet og å finne meininga med livet? Kvifor er det viktig at vi prøv...

0:00
-0:00
Podkast: Både Og / CC BY-SA 4.0
Skrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist oppdatert 02.03.2026