Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff
Video
Podkast
Interaktivt innhald

Filmar, podkastar og virtuelle ressursar om buddhismen

Her har vi samla filmar som handlar om ulike sider ved buddhismen. I tillegg har vi lenka til relevante fagartiklar og oppgåver, og du finn òg eit virtuelt tempel med oppgåver til.

Film: Buddhismens historie

I denne filmen (lengde 7:00) lærer du om korleis buddhismen oppstod og utvikla seg. Filmen blir brukt i artikkelen "Buddhismen – opphav og utbreiing".

Video: Arkikon / CC BY-NC-SA 4.0

Film: Jeg er buddhist

I denne filmen (lengde 8:27) møte du ein buddhistmunk frå Vietnam og ein norsk konvertitt til buddhismen. Filmen blir brukt i oppgåva "Utforsk religiøs identitet".

Video: Terranova Media / CC BY-NC-ND 4.0

Forholdet til Gud

I jødedommen er forholdet til Gud heilt sentralt. Kva tenker ein buddhist om Gud? I denne filmen (lengde 7:39) snakkar Jaël og Nhu saman om dette og andre store spørsmål mens dei sit i ei løvhytte under den jødiske lauvhyttefesten sukkkot. Filmen blir brukt i oppgåva "Forholdet til Gud".

Video: Applaus! Film & TV / CC BY-ND 4.0

Film: Døden

Kva er forskjellane og likskapane mellom synet til kristendommen og buddhismen på døden? I filmen under (lengde 7:20) snakkar ein mahayana-buddhist og ein katolikk saman om døden. Filmen blir brukt i oppgåva "Døden".

Video: Applaus! Film & TV / CC BY-ND 4.0

Film: Kjønn og religion

Kva skjer når to kristne, to muslimar og to buddhistar set seg saman for å snakke om religion og kjønn? Filmen under (lengde 10:38) blir brukte i oppgåva "Dialog om kjønn og religion".

Video: Applaus! Film & TV / CC BY-SA 4.0

Film: På tro og Are

I 2010 laga NRK ein dokumentarserie om religion med programleiar Are Sende Osen, med tittelen På tro og Are. Episoden om buddhismen fekk mykje kritikk. Filmen blir brukt i oppgåva "På tro og Are – ein omdiskutert dokumentar".

Podkast: Vald i islam og buddhismen

Er nokon religionar meir valdelege enn andre? I denne podkasten snakkar programleiar Kathrine Baldishol og religionsvitar Iselin Frydenlund saman om synet på vald i islam og i buddhismen. Podkasten blir brukt i oppgåva "Religion og vald".

Religiøse symbol rundt ein jordklode. Illustrasjon.

Vald i islam og buddhismen

Er nokon religionar meir valdelege enn andre? I denne podkasten snakkar programleiar Kathrine Baldishol og religionsvitar Iselin Frydenlund saman om synet på vald i islam og buddhismen.

0:00
-0:00
Podkast: Både Og AS / CC BY-SA 4.0

Karma Tashi Ling buddhistsenter i 360

Her kan du utforske Karma Tashi Ling buddhistsenter på Bjørndal i Oslo. Ressursen blir brukt i oppgåvene "Utforsk eit buddhisttempel 1", "Utforsk eit buddhisttempel 2" og "Utforsk eit buddhisttempel 3". Den første oppgåva kan brukast om innleiing til buddhismen. Oppgåve nummer to krev litt forkunnskapar. Den siste oppgåva er meir omfattande og kan brukast til vurdering.

Skrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist oppdatert 18.02.2026