Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff

Buddhisme – åndelegheit og oppleving

Buddhismen starta med Buddhas oppleving av nirvana og innsikt i tilværet. Særeigne opplevingar som er bringa fram av meditasjon har sidan spela ei viktig rolle i buddhismen.

Meditasjon – tradisjonelt berre for spesialistar

Mange i dag assosierer buddhisme med mediterande munkar, sjølv om dei fleste buddhistar i verda verken er munkar eller mediterer jamleg. Dei fleste buddhistar får dei religiøse opplevingane sine hovudsakleg gjennom høgtider, ritual og bøn.

Buddhismens mål er nirvana, som er ei særeiga oppleving og tilvære framfor ein destinasjon. For å oppnå nirvana må ein lære å meditere korrekt. I praksis blir realiseringa av nirvana sett på som såpass vanskeleg, at det berre er for nokre få eksepsjonelle meditasjonsspesialistar, slik som munkar, nonner eller omvandrande asketar.

Derfor har meditasjon, og tilhøyrande opplevingar, tradisjonelt vore for munkar i klosterfellesskapen. I moderne tid har dette endra seg fleire stader, og vanlege buddhistar (lekbuddhistar) har i større grad enn tidlegare fått tilgang til meditasjonsopplæring. Dette gjeld særleg i dei retningane som har blitt populære også utanfor Asia, slik som japansk zenbuddhisme og tibetansk vajrayanabuddhisme.

For betre å forstå den unike åndelegheiten og opplevingsdimensjonen i buddhismen må vi sjå nærare på omgrepa meditasjon, nirvana, rett meditasjon og den åttedelte vegen – og ulike meditasjonsteknikkar slik som tummo-meditasjon, tonglen-meditasjon, zazen og koan-meditasjon.

Meditasjon – mental trening for å realisere nirvana

Meditasjon betyr i buddhismen alle teknikkar som blir brukte for å disiplinere, trene opp og kultivere det mentale tankeapparatet vårt. I moderne ordbruk kan vi kalle meditasjon ein metode for å fjerne alle dei feilaktige oppfatningane våre om oss sjølv, andre vesen og verda rundt oss.

Forenkla kan alle meditasjonsteknikkar bli kategoriserte i to undergrupper: djupmeditasjon (samadhi) og innsiktsmeditasjon (vipasyana). Innsiktsmeditasjon er kunnskapsorientert og handlar om å finne ny innsikt om verkelegheita. Djupmeditasjon er tilstandsorientert og gjer det mogleg å bringe fram ein kortvarig tilstand av lykke, hyperfokus, indre stille og ekstase. Dei ulike meditasjonsteknikkane tilhøyrer ei av desse undergruppene, eller framstår som ei blanding av begge.

Nirvana er ei mystisk oppleving

Buddhismen startar med ei mystisk oppleving, nemleg Siddharta Gautamas realisering av nirvana. Ei mystisk oppleving betyr at ein ser verkelegheita slik ho eigentleg er. Ifølgje tradisjonen oppnådde Siddharta, ved hjelp av meditasjon, ein grensesprengande klarleik om korleis alt i verda heng saman. Denne grensesprengjande klarleiken blir i buddhismen kalla oppvakning, og derfor blei Siddharta kalla for Buddha, den oppvakna.

Ifølge Buddha nådde han oppvakning fordi han klarte å sløkke sitt eige begjær og fjerne alle former for grådigheit. Nirvana betyr på norsk "utsløkking" og viser til opplevinga av kva som skjer når begjæret sin flamme er heilt borte eller sløkt.

Ifølge buddhismen inneber nirvana total frigjering frå liding og smerte, frå atterfødinga sitt fengsel og frå hat og vankunne. Nirvana blir også oppfatta som ein tilstand av lykke, harmoni, total fridom og ubeskriveleg klarleik. Denne tilstanden kan opplevast viss ein lærer å meditere riktig.

Rett meditasjon og den åttedelte vegen

For å lære korrekt meditasjon må ein følge den åttedelte vegen – som er Buddhas manual for å realisere nirvana. For å oppnå nirvana må ein buddhist trene seg i visdom, etikk og meditasjon. Meditasjonsdelen av den åttedelte vegen er rett strev, rett merksemd og rett konsentrasjon.

For å meditere korrekt må ein gjere sinnet fleksibelt og finne ein middelveg mellom rett strev, merksemd og konsentrasjon mens ein mediterer. Vansken er å kombinere desse tre ingrediensane samtidig utan at ein overdriv éin del for dei andre si rekning. Derfor krev meditasjon betydeleg trening og eksperimentering.

Ifølgje buddhistiske tekstar kan meditasjonstrening føre til ei rekkje unike opplevingar og særeigne evner, slik som å kunne kontrollere kroppsvarmen, lese andre sine tankar eller hugse tidlegare liv. Slike ekstraordinære biverknader ved meditasjon kan vere til hjelp, men kan like mykje bli til distraheringar for ein buddhist. Det viktigaste formålet med meditasjon i buddhismen er ikkje å oppnå magiske krefter, men snarare å sjå verkelegheita slik ho eigentleg er og direkte erfare Buddhas lære om verkelegheita sin forgjengelegdom. Målet med meditasjon er å realisere nirvana og nå total frigjering frå liding og atterføding.

Meditasjon i tibetansk buddhisme

Innanfor tibetansk buddhisme praktiserer nokre få skular tummo-meditasjon (indre eld-meditasjon). Dette er ein type meditasjon der ein gjennom pusteteknikkar, resitering av mantra og visualisering prøver å kontrollere kroppsvarmen. Tanken er at ein kan generere ein indre eld som brenn vekk vankunne og som beskytter mot fysisk kulde.

Tonglen-meditasjon (gi og ta-meditasjon) er ei svært populær øving som blir brukt til å trene opp medkjensle, svekke det å vere sjølvoppteken og redusere eigen karma. Gjennom pusteøvingar og visualisering pustar ein inn og "tek" liding frå andre. Deretter, når ein pustar ut, "gir" ein glede og kjærleik attende. På same tid visualiserer ein dei som ein forsøker å hjelpe, som kan vere ein ven, fleire familiemedlemmar, fiendar, dyr eller alle menneske.

Zen og nirvana her og no

Zen (japansk for meditasjon) er namnet på ein av dei viktigaste retningane innan japansk buddhisme. Zen-skulane vektlegg intuitiv erfaring og innsikt framfor intellektuell boklærdom og er ofte kritiske til teoretiske forklaringar. Zen framhevar den særskilde erfaringa av å sjå den sanne naturen sin – ei oppleving som blir kalla kensho.

Zenbuddhistar vektlegg sitjande meditasjon (zazen) og bruken av gåter eller paradoksale spørsmål, kalla koan, for å bryte ut av konseptuelle tankemønster og oppleve kensho.

Zen – døme

Zenbuddhismen vektlegg at sanninga ikkje kan forklarast språkleg eller logisk. Poesi og anekdotar er vanlege hjelpemiddel i zen-undervisninga.

Anekdotane under er representative for typiske zen-haldningar og verdiar.

Ein gjørmete veg

I denne anekdoten er munkane Tanzan og Ekido på vandring langs ein gjørmete veg. Regnet pøsar ned. Rundt ein sving møter dei ei vakker jente i pene klede. Ho skal over vegen, men er redd for å skitne til kleda sine.

Utan å nøle løfter Tanzan henne opp og ber henne over vegen.

Ekido blir forundra over Tanzan, men seier ikkje noko før dei skal legge seg i tempelet på kvelden:

"Vi munkar skal ikkje røre kvinner, spesielt ikkje dei som er unge og vakre. Det er farleg. Korleis kunne du gjere noko slikt?"

"Eg sette frå meg jenta der og då,” svarer Tanzan, "og du ber på henne framleis?"

(Thelle, 2001)

Koppen er full!

Nan’in (1834-1904) var ein japansk zen-meister. Ein dag fekk han besøk frå ein universitetsprofessor som ville lære om zen.

Nan’in serverte te. Då gjesten sin kopp var full, heldt Nan'in fram med å skjenke slik at det rann over.

Professoren såg kva som skjedde og sa til slutt: "Koppen er full! Det er ikkje plass til meir!"

Nan'in svara: "Akkurat som denne koppen er du også full av dine eigne meiningar og spekulasjonar. Korleis skal eg kunne lære deg noko om zen om du ikkje først tømmer koppen?"

(Thelle, 2001)

Koan-meditasjon

Eit koan er eit uløyseleg spørsmål eller ei gåte som fungerer som ei meditasjonsrettleiing i somme zen-skular. To kjende koanar er:

Kva er lyden av éi hand som klappar?

Korleis såg ansiktet ditt ut før foreldra dine var fødde?

Viktige omgrep

  • nirvana
  • rett meditasjon
  • den åttedelte vegen
  • tummo-meditasjon (indre eld-meditasjon)
  • tonglen-meditasjon (gi og ta-meditasjon)
  • zazen (sitjande meditasjon)
  • koan-meditasjon
  • oppvakning
  • dypmeditasjon (samadhi)
  • innsiktsmeditasjon (vipasyana)
  • kensho

Kjelder

Thelle, N. R. (Red.). (2001). Zen – Lyden av én hånd. Oslo: Gyldendal.

Relatert innhald

Skrive av Knut Dæhli.
Sist oppdatert 20.02.2026