Oppgåve
Språk og kulturforskjeller
Må vi kunne språket gjestene snakkar? I desse oppgåvene skal de reflektere over korleis ulike språk og kulturar påverkar kommunikasjonen og kundehandsaminga i reiselivet.

Korleis har språk og kulturar utvikla seg i verda?
Oppgåve 1
- Finn ut kva for land dei fleste utanlandske turistane i Noreg kjem frå.
- Kva for andre språk enn engelsk meiner du det kan vere nyttig å meistre viss du skal jobbe som resepsjonist, reiseleiar, flyvert, eller kanskje som medarbeidar i ein turistinformasjon?
- Velkomen på nokre språk:
- Engelsk: Welcome
- Tysk: Willkommen
- Fransk: Bienvenue
- Italiensk: Benvenuto
Spansk: Bienvenido
Finn ut kva det heiter på fem språk til.
Kva tyding har språket vi brukar når vi snakkar med gjester?
Oppgåve 2

Kva for kulturforskjeller ser du på biletet?
Del 1
Skildr situasjonar der det er stor kulturforskjell mellom partane i samtalen når dei kjem frå:
(Døme i parentes)
- ulike nasjonar? (kinesar – nordmann)
- ulike regionar? (nordlending – sørlending)
- ulike religionar? (muslim – kristen)
ulike etniske grupper? (pakistanar – polakk)
- ulike yrke? (bakar – datateknikkar)
- ulike generasjonar? (bestemor – barnebarn)
- ulike organisasjonar? (elevråd – Raudekrossen)
- ulike grupper? (MC-klubb – Naturvernforbundet)
- ulike kjønn? (gut – jente)
Del 2
Vurder kulturforskjellen:
- Kor trur de det er størst avstand mellom samtalepartane i døma over? Grunngi svaret.
- Handlar alle desse situasjonane om at menneske kjem frå ulike kulturar? Grunngi svaret.