Oppgåve
Reiseråd
Når du jobbar i servicenæringa, vil du treffe menneske frå heile verda. Kultur- og kommunikasjonskunnskap blir stadig viktigare for deg som servicemedarbeidar.

Førebuing
- Sjå på UD`s reiseinformasjonssider (regjeringen.no).
- Sjå på den engelske nettstaden commisceo-global.com. (engelsk tekst)
- På sidene over finn du nødvendig informasjon om nesten alle land i verda, både reiseinformasjon, reglar og etikette.
- Sjå på Commisceo Global guide to Norway, er det som forventa, eller er det nokon overraskingar?
Oppgåve 1 – jobb i par
- Vel eit land de finn informasjon om på nettsidene over.
- Som servicemedarbeidar har de blitt beden om å orientere leiaren dykk om det landet de vel. Leiaren dykkar vil gjerne vite korleis dei skal førebu seg på utfordringar dei kan komme til å møte når det gjeld reglar for etikette og omgangsformer.
- Skriv ein informativ tekst om landet de har valt.
- Kva råd blir gitt når det gjeld etikette og omgangsformer, slik som kroppsspråk, klesdrakt, bruk av fargar og gåveoverrekkingar?
- Lag ein brosjyre med informasjon og bilete.
- Presenter brosjyrane i klassen.
Oppgåve 2 - jobb individuelt
- Som utplasseringselev i ei servicebedrift har du blitt beden om å skrive eit velkomstbrev til elevar frå ein skule i landet du har valt. Desse skal ha arbeidspraksis i bedrifta di i 10 veker.
- Skriv eit velkomstbrev med reglar og etikette frå arbeidsplassen din.
- Ta med bilete og informasjon om heimstaden din, lokale skikkar og tradisjonar som er verde å kjenne til.
- Ta med litt fun-facts frå heimstaden din, og kvifor det er bra å bu der.
- Presenter i klassen.