Oppgåve
Reise: Kulturkunnskap
I denne oppgåva skal du planleggje ei fiktiv reise gjennom ulike land eller samfunn. Du vel sjølv kor mange land eller samfunn du vil besøkje, og om reiseruta skal gå i ein spesiell verdsdel, eller på tvers av verdsdelane.

Kva for kulturkunnskap treng du når du skal reise utanlands?
Oppgåve
Del 1
Diskuter kvifor er det viktig å kjenne til kulturen i ulike land og samfunn.
Del 2
Vel nokre land eller samfunn du ønskjer å besøkje eller undersøkje. Reiseruta kan gå gjennom eitt land, eller du kan sjå på fleire ulike land og verdsdelar. Eksempel: Spania, samiske samfunn, England og grønlandske samfunn.
Leit etter kulturelle særtrekk i dei landa eller samfunna du besøkjer.
Del 3
Lag ein munnleg presentasjon der du fortel resten av klassen om funna dine. I presentasjonen skal du:
- Drøfte kvifor kulturkunnskap er viktig.
- Fortelje om funna du har gjort.
- Forklare kvifor det er viktig å kjenne til dei kulturelle særtrekka du har funne, og dei eventuelle konsekvensane av å ikkje kjenne til dei.