Kjende vinland og druer

Den gamle vinverda (dei europeiske landa)
Den gamle vinverda refererer til dei tradisjonelle vinproduserande regionane i Europa, der vinproduksjon har ei lang historie.
Frankrike
Frankrike er eit av dei mest anerkjende vinlanda i verda. Landet er berømt for dei dyre og prestisjetunge vinane frå vinregionane Champagne, Burgund og Bordeaux og eit breitt spekter av vinar i ulike prisklassar. Frankrike har eit strengt appellasjonssystem (AOC) for vinproduksjon, dette regulerer kvalitet og opphav. Mange franske vinar får namn etter staden dei kjem frå, og jo meir nøyaktig opplysning om stad vinen har, jo høgare kvalitet skal han halde.
Blant dei grøne druene finn vi chardonnay, sauvignon blanc, sémillon og chenin blanc. På den raude sida er pinot noir, syrah, grenache, cabernet sauvignon, merlot og cabernet franc dei mest framståande.
Italia
Italia har ein rik vintradisjon som strekker seg langt tilbake i tid. Landet er kjent for dei mange druesortane, vinregionane og stilane sine, noko som gjer italienske vinar unike og varierte. Piemonte, Toscana og Veneto er viktige regionar kjende for kvalitetsvinar som barolo, chianti og prosecco. I Italia er produksjonen av raudvin mykje større enn kvitvin, sjølv om landet òg er kjent for mange utmerkte kvitvinar.
Dei mest kjende grøne druene inkluderer glera, pinot grigio, muscato og chardonnay, mens dei raude druene omfattar barbera, sangiovese, nebbiolo, montepulciano og primitivo.
Spania
Spania er ein av dei største vinprodusentane i verda, og det er det landet med størst vinmarkareal. Rioja er det mest berømte området for raudvinsproduksjon. Andre kjende vinområde er Navarra, Catalonia, Castilla y León og Andalucía. Den berømte sterkvinen sherry blir laga i Jerez-regionen i Andalucía.
I Spania er ein stor del av kvitvinproduksjonen dedikert til cava, ein musserande vin. Dei mest populære grøne druene er albariño, airén, verdejo, macabeo, xarel-lo og parellada. På den raude sida finn vi garnacha, tempranillo og monastrell.
Tyskland
Tyskland er kjent for vinstilane sine som går frå søte dessertvinar til svært friske og syrlege vinar med det kjende petroleumspreget. Tyskland har 13 offisielle vinregionar, der dei mest kjende er Mosel, Rheingau, Pfalz og Baden. Med det kalde klimaet sitt har landet ein høgare produksjon av grøne druer enn raude, med riesling som den mest anerkjende drua. Dei har òg sine eigne namn for nokre kjende druer. Dei mest kjende grøne druene inkluderer riesling, gewürztraminer, weissburgunder (òg kjend som pinot blanc), silvaner og grauerburgunder (pinot gris). Dei raude druene er spätburgunder (pinot noir), zweigelt og blaufränkisch.

Austerrike
Austerrike er eit spennande vinland kjent for høgkvalitetsvinar og unike druesortar. Kjende vinregionar er Niederösterreich, Burgenland, Steiermark og Wien. Austerrike har òg eit kjølig klima, noko som fører til ein liknande druetypologi som i Tyskland. Dei mest kjende grøne druene her er grüner veltliner, riesling, welschriesling, chardonnay og sauvignon blanc. Dei raude druene det blir dyrka mest av, er zweigelt og blaufränkisch.
Den nye vinverda
Det finst ei rekke land utanfor Europa som blir omtalte som "den nye vinverda". Desse landa har ofte fått druesortane sine frå Europa og har etablert seg med vinar som har fått internasjonal anerkjenning.
USA
USA har mange av dei same druene som Frankrike og har vist seg å produsere vinar av svært høg kvalitet. Ein oppsiktsvekkande augeblink i denne samanhengen er kjend som "The Judgement of Paris". Dette var ei blindsmaking arrangert i 1976 av ein amerikanar, der franske vinar vart samanlikna med amerikanske vinar, med franske dommarar til stades. Utan å vite kva vinar dei vurderte, sidan det var blindsmaking, vart dommarane einige om at dei amerikanske vinane faktisk var dei beste. Då resultatet vart offentleggjort, oppstod det ein stor debatt om blindsmakinga var rigga. Likevel sette denne hendinga USA på kartet som ein betydeleg vinproduserande nasjon, kjend for kvalitetsvinar.
Det meste av vinproduksjonen i USA skjer på stillehavskysten, med California som den mest framståande staten. I tillegg har Washington og Oregon i nordvest blitt kjende som framifrå produsentar av kvalitetsvin.
Dei viktigaste grøne druene som blir dyrka i USA, er chardonnay, sauvignon blanc, pinot gris og riesling, mens dei mest framståande raude druene inkluderer merlot, syrah, cabernet sauvignon, zinfandel og pinot noir.
England
Her har vi eit land som har jobba hardt med å komme på vinkartet, og det er tydeleg at dei konkurrerer sterkt med Champagne-regionen i Frankrike når det gjeld musserande vin. Jordsmonnet i England liknar i stor grad på det i Champagne, noko som resulterer i komplekse og velutvikla musserande vinar. I tillegg produserer dei stille vin, men fokuset ligg i større grad på kvitvin enn raudvin. Kent og Sussex er to kjende vinområde i England.
Dei mest brukte druene er òg samanliknbare med dei som blir nytta i Frankrike, med den grøne chardonnayen og dei raude pinot meunier og pinot noir som dei mest dominerande. I tillegg har den grøne drua bacchus blitt stadig meir populær i England, kjend for dei friske og aromatiske eigenskapane sine.
Argentina
Argentina er Sør-Amerikas største vinprodusent og den sjette største i verda. Argentina har fleire viktige vinregionar, men dei største er San Juan og Mendoza. Her blir det dyrka mange av dei same druene som i Europa, men den grøne drua det blir produsert mest av, torrontés, er ein ekte argentinsk sort. Andre grøne druer inkluderer chardonnay og sauvignon blanc, mens dei raude druene omfattar malbec, bonarda, cabernet sauvignon og tempranillo.
Chile
Chile har variert klima og geografi. Dette gir moglegheiter for å dyrke eit breitt spekter av druesortar og utvikle ulike vinstilar Dei tre viktigaste dalane for vinproduksjon er Maipo, Rapel og Maule.
Dei grøne druene inkluderer chardonnay og sauvignon blanc, mens dei raude druene omfattar cabernet sauvignon, país, merlot, pinot noir og carmenère. Sistnemnde er kjend som signaturdrua til Chile.
Sør-Afrika
Sør-Afrika har eit variert klima, frå kjølige kystområde til varmare innlandsdalar. Dette gir gode forhold for druedyrking, med stor variasjon i jordsmonn og klima som bidreg til karakteren til vinen. Kjende vinområde er Walker Bay, Stellenbosch og Paarl.
I Sør-Afrika er dei mest framståande grøne druene chenin blanc, sauvignon blanc, chardonnay og viognier. På den raude sida finn vi shiraz, pinotage, cabernet sauvignon, merlot og pinot noir.
Australia
Australia er kjent for den moderne vinproduksjonen sin og høge kvalitet til ein konkurransedyktig pris. Kjende regionar er Hunter Valley, Barossa Valley, McLaren Vale og Yarra Valley. Dei grøne druene er riesling, chardonnay, sauvignon blanc og semillon. Dei raude druene er shiraz, merlot, cabernet sauvignon og pinot noir.
Utfordringar til deg
Kva land blir nemnt som den mest anerkjende vinprodusenten i "den gamle vinverda"?
Korleis får fransk vin namnet sitt?
Kva er den mest berømte raudvinsregionen i Spania, og kva druesortar er typiske for dette landet?
Kva druesort er mest anerkjend i Tyskland, og kva er karakteristisk for tysk vinproduksjon?
Kva var "The Judgement of Paris," og kva hadde det å seie for vinproduksjonen i USA?