Vinreisa

1. Vel ditt vinområde
Vel eit kjent vinland og ein vinregion, til dømes Bordeaux i Frankrike, Toscana i Italia, Napa Valley i USA, Barossa Valley i Australia eller ein annan region som fangar interessa di.
Gjer research om området, og finn ut kva som gjer det unikt når det gjeld vinproduksjon.
2. Bruk ein praterobot
Bruk ein praterobot, til dømes prateroboten for elevar på Min NDLA. Be han late som han er ein erfaren vinprodusent frå området du har valt, og be han svare på spørsmåla du stiller.
Lag ein samtale der du stiller spørsmål om vinområdet, druetypane som blir dyrka der, og dei spesifikke vinane som blir produserte. Her er nokre døme på spørsmål/instrukser til prateroboten:
Kan du beskrive landskapet og klimaet i området?
Kva druer er mest vanlege i dette området?
Nemn to vinar som er typiske for området.
Kva er nokre typiske matrettar vinane frå området blir kombinerte med?
Fortel meg om vingarden din.
Kan du fortelje meg om historia til vinproduksjonen i dette området?
3. Skriv ned svara og sjekk faktum
No er det på tide å sjekke informasjonen som prateroboten har gitt deg. Det gjer du ved å sjekke opplysningane frå den datagenererte teksten opp mot kjelder du stoler på.
Legg ved kjeldene du bruker i faktasjekken, og kommenter om dei stadfester eller avkreftar informasjonen frå prateroboten.
4. Beskriv vinreisa di
Skriv ei reisebeskriving basert på informasjonen du har fått frå prateroboten. Ho skal inkludere
ein introduksjon til vinområdet og kva det har å seie i vinproduksjon
ei beskriving av dei viktigaste druetypane og kva som gjer dei spesielle
tilrådingar for mat og vin-paringar som vil gi ei autentisk oppleving av området
ei kort historisk oversikt over vinproduksjon i området
5. Presentasjon
Førebu ein presentasjon (5–10 minutt) der du deler vinreisa di med klassen. Bruk gjerne til dømes bilete eller kart for å gjere presentasjonen meir engasjerande. Ver førebudd på å svare på spørsmål frå medelevar.