Kalde sausar - Råvare, produksjon, sal og service (RM-KOS vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Film og filmklipp

Kalde sausar

Vinaigrette, grøn olje, majonesbaserte dressingar og rømmedressing er døme på det vi kallar kalde sausar. Vi serverer som oftast kalde sausar til kalde rettar.
Film om kalde sausar. Video: Moxey AS / CC BY-SA 4.0

Vinaigrette

Vinaigrette er ein olje- og eddikdressing som er smaksett med ulike krydder, urter og andre ingrediensar. Han kan lagast emulgert med sennep eller berre piskast saman. Sennepsvinaigrette, raudvinsvinaigrette og tomatvinaigrette er døme på ulike variantar.

Majones

Majones er ein tjukk emulsjon mellom egg og olje. Han kan piskast for hand eller ved hjelp av ein stavmiksar eller foodprosessor. For at du skal lykkast med majonesen, er det viktig at ingrediensane har same temperatur, og at du sper forsiktig med olje i starten.

Majones dannar utgangspunktet for mange andre sausar. Du kan til dømes smaksette den ferdige majonesen, nytte ei smaksett olje under tillaginga eller tilsetje ulike smakar saman med egg og olje når du piskar saman emulsjonen. Remulade, karrimajones, aioli og graslaukmajones er døme på variasjonar av majones.

Tilsmakte oljer og smør

Smør eller oljer kan smakast til med ulike krydder eller urter. Døme på dette er hovmeistersmør, kvitlaukssmør, raudvinssmør, graslaukolje og pesto.

Mjølkebaserte dressingar

Her tek vi utgangspunkt i rømme, yoghurt, crème fraîche eller krem og smaker til med ulike krydder eller urter. Ofte inngår også majones. Døme på mjølkebaserte dressingar er rømmedressing, tzatziki, kvitlauksdressing og peparrotkrem.

Salsaer og grønsakssausar

Ferske eller varmebehandla grønsaker og frukt som blir mosa fint eller finkutta. Døme er guacamole, tomatsalsa, chimichurri og mangosalsa.

Kokte, kalde sausar

Dette er ulike typar sausar som må varmebehandlast og deretter kjølast ned før servering. Ketsjup, chilisaus og Cumberland-saus er døme på slike sausar.

Asiatiske sausar

Asiatiske sausar blir laga av ulike typar sausar, sirupar og krydderblandingar med mykje umami-smak. Døme er sashimi-saus, hoisin-saus og søt soyasaus.

Oppskrifter

Oppskrifter på dei kalde sausane som blir laga i filmen ovanfor, finn du ved å opne fila nedanfor.

  • Kalde_sausar_nn

  • Skrive av Jannike Gausdal og Tony Martin.
    Sist fagleg oppdatert 01.02.2021