Fagstoff
Film
Fiskekraft
Etter at du har filetert fisk, er det fint å koke kraft på fiskebeina, hovudet og avskjeret. Fiskekrafta har ein mild og god smak som passar framifrå til saus eller suppe.
Film: Fiskekraft
Filmen (lengde 1:27) viser ein kokk som fileterer ein flatfisk og kokar kraft på beina. Du finn oppskrifta under.
Film: / CC BY-NC-SA 4.0
Fiskekraft skil seg frå andre typar kraft ved at vi må vere nøye med koketida: Ho skal berre koke i 25–30 minutt. Koker du ho lenger, kan du risikere at ho blir limaktig. Grønsakene som skal nyttast i krafta, kan du skjere i små bitar, slik at vi får mest mogleg smak ut av dei på den korte koketida. Når du koker fiskekraft, er det òg viktig å skjere vekk gjellene. Dei gir nemleg ein vond smak.
Gir ca. 1,5 liter
Tillagingstid: 20 minutt
Koketid: 30 minutt
Ingrediensar
- 2 kg fiskebein frå kvit fisk
- 100 g gulrøter
- 100 g sellerirot
- 100 g lauk
- 100 g purrelauk
- 4 timianstilkar
- 4 stk. laurbærblad
- 10 persillestilkar
- 5 peparkorn
Framgangsmåte
- Kutt beina i mindre bitar, og skjer vekk gjellene.
- Skyl fiskebeina i kaldt vatn.
- Ha beina i ein kjele, dekk dei med kaldt vatn, og gi det heile eit oppkok.
- Skum av overflata, slik at du får ei fin, klar kraft.
- Kutt grønsakene i små bitar, og tilset dei i krafta saman med krydderet. Kok krafta på svak varme i 25 minutt.
- Sil krafta, og avkjøl. Det er viktig at krafta blir avkjølt raskt. Det kan du gjere over isbad eller i djupfrysar.