Béchamel - Råvare, produksjon, sal og service (RM-KOS vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Film og filmklipp

Béchamel

Béchamel blir òg kalla kvit saus. Det er ein klassisk saus med mange bruksområde.
Video: Moxey AS / CC BY-SA 4.0

Béchamel er den ideelle sausen til mange ulike rettar, mellom anna gratinert blomkål, lasagne, fiskebollar, fiskegrateng og sufflear.

Sausen kan òg nyttast til å lage krokettar. Då lagar du ein ekstra tjukk saus og smakset han med til dømes sopp, sitronzest, estragon og kylling-confit. Så formar du massen til runde, avlange former, som du deretter frys, panerer og friterer.

Béchamel er ein stabil saus som også eignar seg til bruk med kremsprøyte.

Béchamel (kvit saus)

4 porsjonar
Tillagingstid: 5 minutt
Koketid: ca. 25 minutt

Ingrediensar

  • 30 g smør
  • 30 g mjøl
  • 5 dl mjølk
  • nyriven muskat
  • salt og nykverna kvit pepar

Framgangsmåte

  1. Varm opp mjølka i ein kasserolle.
  2. Smelt smøret i ein annan kasserolle, og tilset mjølet. Rør det inn med ein liten visp eller ei tresleiv.
  3. Spe den varme mjølka over jamninga mens du rører godt.
  4. Set kasserollen over låg varme, og kok opp blandinga under konstant omrøring. Så snart ho når kokepunktet, reduserer du varmen og lèt ho småkoke i ca. 20 minutt under konstant omrøring. Pass på at vispen tek med seg alt, slik at ikkje noko legg seg på botnen av kasserollen.
  5. Smak sausen til med salt, kvit pepar og eventuelt bitte litt muskat.
  6. Sil sausen gjennom ein traktforma sil. Du kan servere sausen straks eller halde han varm i vassbad. Då bør du leggje nokre små smørklattar på overflata, slik at det ikkje blir danna snerk.
Skrive av Tony Martin.
Sist fagleg oppdatert 02.12.2020